Beitragsseiten

 

Ekskurs: Prestefrua

”Ein mann er berre så sterk som kvinna som støtter han.” sa bestemora mi ein gong. Det var tidleg under den første veka i feltet at eg bestemte meg for at presteektefellen skulle få eit eige avsnitt. I mi undersøking er her berre snakk om prestefruer.  Berre ei av dei er heimeverande, mens to er lærarar og ei er sjukepleiar.

Prestefrua i dag er ingen Katharina von Bora meir. Sjølv den heimeverande prestefrua ynskjer å vere meir enn det. Sjølv om ho ikkje har eiga inntekt, så har ho ei eiga utdanning og jobbar som huslærar for borna sine og underviser andre i engelsk, sjølv om dette skjer i lokala til kyrkjelyden. Prestefruene er myndige. Dei får ikkje lenger pengane tildelt frå ektemannen sin, men har ein sjølvstendig råderett. I motsetning til det som er vanleg i denne generasjonen i Noreg går pengane inn på ein felles konto som begge har lik råderett over. Det er forskjellig kven som har ansvar for å sørgje for at fakturaer blir betalt, avhengig av interesser og gåvene den enkelte har fått. Ei av prestefruene har til og med høgare inntekt enn presten sjølv. Prestefrua på bygda er framleis ei av dei som ein helser på to gonger, ein gong som person og ein gong som kona til presten. Dette skjer ikkje berre i folkekyrkja i Noreg, men kan også skje i Tyskland i møte med menneske som ikkje er medlem i kyrkjesamfunnet. Det å vere prestefrue er ikkje lengre eit eige yrke og ho har inga formell stilling. Likevel er prestefrua framleis ein del av presteteamet. Ho ser jobben til ektefellen som ein del av sin jobb. I dag er ho ein mykje meir sjølvstendig del som ofte klarer å forsvare seg betre mot rolleforventningar enn presten sjølv. Ho har eigne sjølvstendige oppgåver i kyrkjelyden og ho er den som tek vare på presten, særleg når ingen andre gjer det.

Det er som oftast prestefrua som passer på at presten tek ut fridagane sine. Det er få som vågar ”å spørje sjølv korleis han har det”[191], men ho gjer det. ”Gifte prestar har truleg no, som før, sin viktigaste medspelar i ektefellen”[192] Dette samsvarer med observasjonane mine. ”Ektefellen er ein partner som lyttar og forstår.”[193] Ho er den første responsen på preika, ho er der som debriefing etter ei ulykke, ho passer barna hans når han er ute i kyrkjelyden, ho tar telefonen når han ikkje klarer meir lenger og gir han eit friminutt før han må vidare, og er sjølv aktiv i kyrkjelyden. Alt dette gjer ho ved sida av sitt eige yrke og familiearbeidet. Og for prestane sin del får vi berre håpe at prestefruene er der også i tida som kjem.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB