Parochie - Bremsekloss eller trygg base?

 

1. Innleiing

I åtte år frå 1994 til 2002 var eg ein del av Landessynoden for den Evangelisk - Lutherske Landeskyrkja i Sachsen. Denne forsamlinga, som kan samanliknast med Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja, sette i gang ei stor omorganisering i kyrkja og brukte mykje tid på å diskutere strukturen for kyrkja i framtida. Gjennom 40 år med sosialisme hadde kyrkja mist over 75% av medlemane sine og etter at muren fall, flytta dei fleste yngre til Vest-Tyskland for å få seg jobb. Kyrkja sto og står framleis framfor ei stor utfordring: strukturane er ikkje lengre i samsvar med røynda. Det var der eg høyrde for fyrste gong at nokon stilte spørsmål: "Må vi kanskje gi opp parochialprinsippet? Kan det framleis være organisasjonsformen for arbeidet vårt, eller er det berre ein alt for dyr bremsekloss?

Eg har ingen endelege svar på desse spørsmåla, men eg skal prøve å finne nokre moglege svar på dei. Eg har tenkt å sjå på parochiet ut frå forskjellige aspektar:

q  Historisk utvikling

Kva meiner "parochie"? Korleis og kvifor fekk vi parochialprinsippet?

q  Parochial versus personal

Er personalkyrkjelyder eit alternativ eller ei motsetning til den parochiale strukturen?

q  Situasjonen i dag

Nye utfordringar på grunn av sosiologiske og demografiske utviklingar

q  Forskjellige løysningar

Kan ein handheve parochialprinsipet fleksibelt? Kva eksempel finnes i Noreg, England og Tyskland?

q  Oppsummering

Kva er brukbart for situasjonen i Noreg?

Eg skal diskutere desse aspekta ut frå dei erfaringane eg har frå turen til England, som prest i Den Norske Kyrkja, frå tida mi i Tyskland og frå hovudoppgåva mi om adventistkyrkja . I tillegg har eg tenkt å bruke "mission-shaped church", Emerging evangelism, utgreiinga om valkyrkjelydar  i Den Norske Kyrkja, artiklane "Pfarrei I", "Pfarrei II" og "Kirche von England" frå Theologische Realenzyklopedie  og artikkelen "Parochialrecht" frå Die Religion in Geschichte und Gegenwart 3 som informasjonskjelder. Omfanget til dette essayet gjer at det er umogleg å diskutere ting utfyllande, så mykje må bli ufullstendig og stå som ei skisse.