Beitragsseiten

5.2. Saksorientering om valkyrkjelydar frå kyrkjerådet i Den Norske Kyrkja[5]

Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja har i vedtak til sak KM 9/05 gitt si generelle godkjenning for forsøk med valkyrkjelydar. Til dette vedtaket la kyrkjerådet fram ei saksorientering som går inn på forskjellige nye organisasjonsmodellar for kyrkjelydane. Felles for dei er at dei tek utgangspunkt i det som er aktuelle praksis og aktuelle utfordringar i kyrkja:

¨      Profilkyrkjelyd: Kyrkjelyd med ein bestemt profil i arbeidet sitt kan kallast for profilkyrkjelyd. Profilen kan liggje i at ein retter seg mot menneske i bestemte livssituasjonar eller med bestemte interesser. Bergen indre by er kanskje dei kyrkjelydane som er dei mest kjente profilkyrkjelydane innan den norske kyrkje. Innanfor eit sokn med eit sokneråd er det fleire kyrkjelydar som blir leia av kvar sitt utval under soknerådet. Modellen liknar veldig på Kyrkjelydsgruppe (Group ministry) frå England. Den største forskjellen ligg kanskje i at det finnes eit sokneråd over dei utval som leier dei forskjellige kyrkjelydane. Det har bakrunn i den sterke rådsstrukturen innan  Den Norske Kyrkja og går med dette eit skritt vidare enn den engelske modellen. Profilkyrkjelyd kan også være ein aktuelt modell andre plasser i  landet til og med ute i distriktet. Hos oss er det eit bedehus med  6 gudstenester for året som fungerer utmerket for familiegudstenester og kyrkjekaffi. Det er ein del folk som kjem til desse gudstenestene som ikkje møter like ofte opp til gudsteneste i kyrkja. Gudstenestene er ofte også på eit anna klokkeslett. Ut av sånne konstellasjonar kan det oppstå profilkyrkjelydar som ein bør være villig  å gi rom til. Med eit felles sokn og eit fellessokneråd og forskjellige kyrkjelydsutval under soknerådet, er modellen ei fleksibel utforming av parochialsystemet i kyrkja vår.

¨      Kategorialkyrkjelyd: Er ei spesiell ordning som kyrkjelova sin paragraf 2 opnar  for. Ordinga går ut på at ein  samstundes kan være medlem av kategorialkyrkjelyden og den lokale kyrkjelyden sin. Så langt er det berre døvekyrkja med kyrkjelydane sine som er  kategorialkyrkjelydar og fullt ut integrert og representert i  Den Norske Kyrkja. Også studentkyrkjelydane som i dag har ingen formell status innanfor kyrkja, kunne med fordel organiserast som kategorialkyrkjelydar. Kategorialkyrkjelyd er personbaserte kyrkjelydar som fungerer som eit supplement til dei parochial organiserte kyrkjelyd. Dei er integrert i parochialsystemet med det at ein kan være medlem av ein lokal kyrkjelyd ved sidan av  kategorialkyrkjelyden. Døvekyrkja er organisert som eit spesielt prosti av Oslo bispedøme. Kategorialkyrkjelyd er den typen nettverkskyrkjelyd som er etablert i kyrkja vår. Om ein skal halde fast på parochialprinsippet i Den Norske Kyrkja, kan det å organisere nettverkskyrkjelydar som kategorialkyrkjelydar være ein veg å gå. Men til dette må instrumentet handhevast meir fleksibelt og ein må alltid knyte dei personbaserte kyrkjelydane til den territorialbaserte parochialstrukturen. Faren er at ein får  dobbelt representasjon og at ein oppretter ei slags ”skyggekyrkje” ved sidan av den parochial organiserte. Mange av dagens bedehus fungerar i dag  langt på veg som kategorialkyrkjelyd, men det er ofte uklart korleis dei er knytta til den kyrkjelege strukturen

¨      Valkyrkjelyd: Dette er ei ny ordning i kyrkja vår som skal evaluerast fram til 2011. Valkyrkjelydar er kyrkjelydar som er personbaserte kyrkjelydar og som kom inn som ei ny ordning. Når ein blir med i ein valkyrkjelyd melder ein overgang frå den lokale kyrkjelyden sin til valkyrkjelyden. Valkyrkjelyden er på ein eller annan måte knytte til den ordinære kyrkjelege strukturen utan å ha den same geografiske ramma som er vilkåret for vanlege kyrkjelydar. Ein kan være medlem uavhengig av bustad.
Det er spesielle kriterier for å kunne være med i forsøket:

  • Dåp som medlemskriterium – dette skulle være enklast for dei fleste
  • Kyrkjelyden deler visjonen  til Den Norske Kyrkja og står under biskopeleg tilsyn, og være knytte til den kyrkjelege strukturen – dette skal sikre at kyrkjelyden står fast i kyrkja
  • Kyrkjelyden må har ein ordinert prest for å forvalte ord og sakrament, som tar ansvar for alle kyrkjelege handlingar for medlemane sine, har avklart organisatoriske spørsmål  som for eksempel arbeidsgivaransvar eller kyrkjebokføring – dette er naudsynt om ein skal være ein fullgod kyrkjelyd.
  • Kyrkjelyden skal ha eit ”forsvarleg økonomisk fundament” – dette er kanskje mest vanskeleg, sidan valkyrkjelyd ikkje har krav på økonomisk støtte verken frå fellesrådet eller bispedømerådet.
  • Forsøket skal evaluerast – dette skulle være sjølvsagt ved forsøksordningar.

Med denne forsøksordninga bryt den norske kyrkja for første gang parochialprinsippet. Modellen er tenkt til å integrere bedehuskyrkjelydar i byer og for å stimulere nye personkyrkjelydar, men krava er høge. For nye personkyrkjelydar vil utfordringa først og fremst ligge i det økonomiske og strukturelle. Dei må finne givarar og satse på mykje godvilje hos biskopen og prostane, i felles- og bispedømerådane. For bedehuskyrkjelydane som IMI-Kyrkja, Storsalen  og andre vil utfordringa først og fremst liggje i tilknytinga til den kyrkjelege strukturen. I tillegg er det fram til nå berre ei forsøksordning. Den norske kyrkja går med denne forsøksordninga, mykje av den same vegen som Church of England gjekk med  Breaking new ground and mission shapt church. Eg håper at ordninga blir enklare og mindre komplisert og byråkratisk etter forsøksperioden. Den opnar for nettverksbaserte kyrkjelydar og andre nye typar kyrkjelydar som kan møte dagens utfordringar. Parochialsystemet består framleis for å betene alle med ord og sakrament, men ein opnar samstundes for ”New expressions of Church” som kan nå fram til fleire enn i dag.

¨      Områdekyrkjelyd: Denne modellen er allereie diskutert i samband med modellane frå frå mission shaped church.