Drucken

Parochie - Bremsekloss eller trygg base?

 

1. Innleiing

I åtte år frå 1994 til 2002 var eg ein del av Landessynoden for den Evangelisk - Lutherske Landeskyrkja i Sachsen. Denne forsamlinga, som kan samanliknast med Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja, sette i gang ei stor omorganisering i kyrkja og brukte mykje tid på å diskutere strukturen for kyrkja i framtida. Gjennom 40 år med sosialisme hadde kyrkja mist over 75% av medlemane sine og etter at muren fall, flytta dei fleste yngre til Vest-Tyskland for å få seg jobb. Kyrkja sto og står framleis framfor ei stor utfordring: strukturane er ikkje lengre i samsvar med røynda. Det var der eg høyrde for fyrste gong at nokon stilte spørsmål: "Må vi kanskje gi opp parochialprinsippet? Kan det framleis være organisasjonsformen for arbeidet vårt, eller er det berre ein alt for dyr bremsekloss?

Eg har ingen endelege svar på desse spørsmåla, men eg skal prøve å finne nokre moglege svar på dei. Eg har tenkt å sjå på parochiet ut frå forskjellige aspektar:

q  Historisk utvikling

Kva meiner "parochie"? Korleis og kvifor fekk vi parochialprinsippet?

q  Parochial versus personal

Er personalkyrkjelyder eit alternativ eller ei motsetning til den parochiale strukturen?

q  Situasjonen i dag

Nye utfordringar på grunn av sosiologiske og demografiske utviklingar

q  Forskjellige løysningar

Kan ein handheve parochialprinsipet fleksibelt? Kva eksempel finnes i Noreg, England og Tyskland?

q  Oppsummering

Kva er brukbart for situasjonen i Noreg?

Eg skal diskutere desse aspekta ut frå dei erfaringane eg har frå turen til England, som prest i Den Norske Kyrkja, frå tida mi i Tyskland og frå hovudoppgåva mi om adventistkyrkja . I tillegg har eg tenkt å bruke "mission-shaped church", Emerging evangelism, utgreiinga om valkyrkjelydar  i Den Norske Kyrkja, artiklane "Pfarrei I", "Pfarrei II" og "Kirche von England" frå Theologische Realenzyklopedie  og artikkelen "Parochialrecht" frå Die Religion in Geschichte und Gegenwart 3 som informasjonskjelder. Omfanget til dette essayet gjer at det er umogleg å diskutere ting utfyllande, så mykje må bli ufullstendig og stå som ei skisse.

 

2. Historisk utvikling

Allereie i pastoralbreva i det Nye Testamentet finn vi biskop, persbyter og diakon som funksjonar i kyrkjelyden. I starten fanst det kyrkjelydar berre i byer med biskopen som prest. Kyrkja i byen var den einaste plassen med offentleg gudsteneste. Då kristendomen spreidde seg i bygdene rundt byen oppretta biskopane filialkyrkjelydar. Då det blei så mange av dei måtte biskopane sende hjelpesmenn til folket på landet. Til dette brukte han presbyterane, dei eldste i kyrkjelyden, som vikarer for seg. Dei fleste av dei syntes etter kvart at det var praktisk å busette seg på landet. Slik fekk dei kvar sine områder som dei hadde ansvar for. Ein brukte utrykket ecclesia for det området der folket gjekk til ei kyrkje. Utrykket parochia eller paroecia brukte ein for områda som ein presbyter eller biskop hadde ansvar for. Seinare brukte ein meir og meir utrykka eparchia eller diokresis. Det første utrykket er fram til i dag i bruk i austkyrkjene, medan det andre er utgangspunktet for det engelske diocese og det tyske Diözese. Midt på 500talet var det eit system av kyrkjelydar på landet i alle vestlige land (occidens).

I starten fekk presbyterane berre lov til å forkynne. Seinare kunne dei også forvalte sakramenta. Men sjølv om presbyterar blei meir og meir til sjølvstendige prestar, så forvalta dei ord og sakrament berre som ein del av embetet og ansvaret til biskopen. Slik var det fram til reformasjonen i heile vestkyrkja og slik er det i den romersk-katolske kyrkja fram til i dag. I løpet av denne tida blei det mogleg å døype i filialkyrkjelydane. Og då dei fekk sine eigne kyrkjer og faste prestar som hadde ansvar for dei kristne som budde i parochiet , kunne ein også motta dei andre sakramenta i det parochiet, der ein budde.

Dette systemet blei utbygd frå 300tallet av , då kristendomen blei statskyrkja i det romerske rike og dei statane som oppstod etter dette riket. Kyrkja blei ein del av statsadministrasjonen. Strukturane i kyrkja følgde strukturane i statsforvaltninga, som kyrkja nå var ein del av. Heile landet vart delt inn i parochie.

Då kristendomen blei spreidd i dei germanske, nordiske og slaviske områda blei det ofte brukt som maktmiddel for å få kontroll på landområder. Det kom  til områder der det ikkje var byer  og der ein kunne plante kyrkjelydar. Biskopen residerte nå ofte i bygder eller i festningar som  etterkvart fekk små byer rundt seg. Biskopen støtta seg nå i mindre grad på kyrkjelyden og i mykje større grad på den verdslege makta.

Nokre biskoper blei til og med fyrstar i enkelte europeiske statar.

Parochia var då dei blei oppretta når kristendomen kom til eit land, ofte veldig store. Bonifatius delte for eksempel Bayern inn i ”quatuor parochias[1]". Då folketalet auka kunne presten eller ein lokal grunneigar ofte byggje eit kapell og lønne ein eller fleire hjelpeprestar. For å skilje ut eit nytt parochie måtte både folket og det materielle grunnlaget, kyrkjebygget og  livsgrunnlaget for presten, være på plass. Det blei gjerne gitt større gåver eller legatar for å dele parochie. Men det var ofte ein langvarig og komplisert prosess å skilje ut nye parochier.

Presten blei ein av statens representantar i parochiet og ofte den einaste. Folk i parochiet skylda tiend og andre avgifter til presten og dei plikta  å motta sakramenta berre frå han. Presten hadde ansvar for å føre kyrkjebøkene som igjen var grunnlag for skattevesenet. Reformasjonen heldt fast på den parochiale inndelinga. Men no vart det kyrkjelyden som blei den sjølvstendige grunneininga innan kyrkja, meddan det før berre var ein del av bispedømet eller diosesen som var grunneininga. Biskopen blei tilsynsmannen og var ikkje lengre den eine fullmektige presten som delegerte fullmaktene sine vidare.  Etter reformasjonstida blei tvangen til å bruke den presten der ein budde meir og meir friare og det blei mogleg å ta imot dåp og nattverd andre plasser.

Ordet parochie omfatter det området der ein prest har ansvar for å utøve sjelesorg, forkynne evangeliet og forvalte sakramentene. I dagens struktur i Den Norske Kyrkja er det prestegjeldet som er det tilsvarande til parochiet. Det er bispedømet som tilsvarer diokresis og soknet som tilsvarer ecclesia.

Kyrkjesamfunn som er organisert etter parochialprinsippet har geografien som grunnprinsipp i organisasjonen sin. Dei tilbyr tenestene sine til alle som bur i eit geografisk avgrensa område. Alle som bur i eit sokn og som er døypt eller innmeldt i dette kyrkjesamfunnet er automatisk medlem av den kyrkjelyden der dei bur.


3. Utfordringar for parochialprinsippet

Det territorial organiserte parochialsystemet  blei brukt som eit instrument for å sikre at det kristne budskapet blei forkynt til alle. Dette blei gjort med å sikre forkynninga og sakramentsforvaltninga i geografisk avgrensa små samfunn. Livshorisonten til folket var på same måten først og fremst geografisk avgrensa. Slik fungerte systemet i mange kyrkjesamfunn i mange hundre år.

Til tross for dette  har systemet også blitt utfordra : Den iroskotske munkekyrkja med sin fleksible og mindre klerikale struktur og sin fromskap utfordra parochialprinsippet, men då kyrkja blei overtatt og tilpassa den romerske biskopskyrkja blei parochialsystemet oppretta også på dei britiske øyane.

I mellomalderen var det for det meste vandrepredikantar og kloster som utfordra systemet. Når parochiene var for store, fylte prester som for eksempel var medlem i dominikanar- eller fransiskanarorden, dette tomromet. Dette førte igjen til at parochia blei tilpassa. Det var først og fremst folkeveksten og ordenssamfunnet som tok dette på alvor som var utfordringa til parochialsystemet, men livshorisonten til folket var framleis geografisk bestemt. Reaksjonen var difor å tilpasse parochialstrukturane til folketalet og geografien.

I det postmoderne samfunnet er det først og fremst i byane utfordringane krystalliserer seg, men også på landet møter ein liknande utfordringar[2]:

Utfordringane til kyrkja er i dag kanskje større enn  nokon gong og det hjelper lite å berre tilpasse parochialsystemet til folketalet og geografien. Det postmoderne samfunnet set eit spørsmålsteikn bak heile systemet som baserer seg som territorialsystem på geografien.

 

4. Parochial versus personal

Det klassiske alternativet til eit territorialt system som parochialsystemet er eit personbasert system.

Parochial baserte kyrkjelydar baserer seg på alle dei medlemane av eit kyrkjesamfunn som bur i eit visst område. Alle medlemmer av eit kyrkjesamfunn blir i utgangspunkt definert inn i ein kyrkjelyd. Det er kyrkjesamfunnet som definerer medlemsskapet i kyrkjelyden. Kyrkjesamfunn som er organisert etter parochialprinsippet har oftast ei fortid som stats – eller i det minste  folkekyrkje. Både Den Norske Kyrkja, Church of England, den romersk-katolske kyrkja  og dei tyske Landeskirchen er stort sett organisert etter dette prinsippet. Kyrkjesamfunn som er organisert etter parochialprinsippet og som organiserar ein stor del av befolkninga, får ofte ein del støtte frå staten enten direkte eller gjennom kyrkjeskatt.
Fordelen med dette prinsippet er at alle får ein kyrkjelyd der dei høyrer heime og at den sikrar kyrkjeleg betening for alle medlemmar. Kyrkjelyden kan byggje opp ein relasjon til medlemmane sine.
Ulempene er at ikkje alle føler seg heime i den kyrkjelyden  der dei høyrer til og at ein viss del av befolkninga i eit område må være medlem av kyrkjesamfunnet for å kunne oppretthalde dette systemet.

Personbaserte kyrkjelydar baserer seg på eit personleg medlemsskap i kyrkjelyden. Kyrkjesamfunn som har personbaserte kyrkjelydar definerer seg sjølv som kyrkje som fellesskap av alle medlemar i dei kyrkjelydane som er del av dette kyrkjesamfunnet. Her er det medlemsskapet i kyrkjelyden som definerer medlemsskapet i kyrkjesamfunnet. Kyrkjesamfunn som er organisert etter personprinsippet har gjerne ei historie som frikyrkjer som for eksempel adventistkyrkja eller Den Evangeliske Kyrkje av dei Bøhmiske Brødrane, den største protestantiske kyrkja i Tsjekkia. Kyrkjesamfunn som er organisert etter personprinsippet får pengane til arbeidet sitt for det meste berre gjennom medlemsavgiftar som dei krev inn sjølve og gjennom gåver.
Ein av fordelane til personprinsippet er at dette systemet krev og motiverer til meir engasjement i kyrkjelyden, sidan det er ei personleg avgjersle å være del av kyrkjelyden. Medlemmane har allereie ein relasjon til kyrkjelyden sin. Personprinsippet gjer det enklare og meir fleksibelt å tilpasse kyrkjesamfunnet til det postmoderne samfunnet. Det er enklare å opprette for eksempel nettverksbaserte kyrkjelydar, å flytte eller omorganisere kyrkjelydar, eller å leggje dei ned. Personprinsippet gjer det også enklare å organisere ein kyrkjelyd der ein mindre del av befolkninga er medlemmer av kyrkjesamfunnet, fordi ein slipp å være alle plassar. Ulempene er at det kan være ein veldig høg terskel å melde seg inn i eit slikt kyrkjesamfunn og at slike har det vanskeleg å nå fram til alle som ynskjer det .

Personprinsippet og personprinsippet? er hovudmodellar korleis ein kan organisere eit kyrkjesamfunn. I praksis vil ein nesten alltid finne element av både den eine og den andre modellen. I mellomalderen fantes det ved sidan av dei parochial organiserte kyrkjelydane under biskopens tilsyn også  personbaserte kyrkjelydar i tilknyting til kloster eller munker som gjerne prøvde å trekkja seg under biskopens tilsyn. Det er ofte eit ”både og”, sjølv om nokre kyrkje samfunn som Den Norske Kyrkja  baserer seg nokså sterkt på  eit av prinsippa.

 

5. Forskjellige løysningar

Eg skal først og fremst sjå etter løysningar for Den Norske Kyrkja, men til dette skal eg sjølvsagt sjå meg rundt i Europa. Ein kan gjere det med å tenkje radikalt, med å gløyme alle dei strukturane som finnes. Ein kan da tenkje heilt nytt, fritt og kreativt. Ei sånn tenking vil gjerne gå den prinsipielle vegen, frå eit prinsipp til den konkrete utforminga. Her diskuterer ein for eksempel om ein skal sjå på strukturen horisontalt[3]. Det vil sei at ein må sjå på det ut i  frå dei som er med i kyrkja eller som skal bli med i kyrkja. Eller ein ser på saka vertikalt ut frå Gud.

Og ut frå desse kan perspektiva kan ein etterpå sjå på dei forskjellige modellane for eksempel med å sjå på eit kyrkjesamfunn som:

Det er gøy å diskutere slikt, særleg når ein skal utvikle visjonar for kyrkja si framtid og fordelen er at ein kan få ei kyrkje som agerer i staden for å reagere. Det som er ulempa med dette er at ein sånn prosess vil ta lang tid og ei folkekyrkje som Den Norske Kyrkja vil sannsynlegvis aldri bli einige om eit sånt konsept. I tillegg tviler eg på at kyrkja i vår raske tid  har tid og rom til ein sånn prosess.

Eg skal difor sjå korleis ein kan reagere på utfordringane ut frå dagens organisering. Med dette går eg same vegen som mission-shaped church[4]. Eg skal difor først sjå på dei modellane som dei tilbyr som organisasjonsform for kyrkjelydsplanter som ein reaksjon på postmodernismen. Etterpå skal eg sjå på dei modellane som kyrkjerådet diskuterer i si saksorientering om valkyrkjelydar. Til slutt skal eg sjå på eit eksempel for eit meir fleksibelt parochialsystem i Tyskland.

 

5.1. Modeller frå mission-shaped church

Dei modellane frå mission-shaped church rapporten frå Church of England er organisasjonsmodellar for kyrkjelydsplantar. Kyrkjelydsplanting er eit konsept for å reagere på tida sitt  krav, men det er viktig å være merksam på forskjellige faktorar:

Difor vil kyrkjelydsplanting i klassisk forstand i Noreg først og fremst være eit alternativ for byer og større tettstader, for eksempel rundt byane.

Likevel er dei forskjellige modellar spanande:

 

¨      Ny kyrkjelyd med eige område og eventuelt ny parochie(Parish staus - new church building): Her er det mogleg å starte nesten heilt nytt, med inspirerte leiarar og nye organisasjonsformer. Ein held seg også innafor det eksisterande parochialsystemet. Det passar dårleg  å basere kyrkjelydar på folket sitt nettverk. Den store utfordringa er at ein treng eit nytt kyrkjebygg, noko som er veldig dyrt og krevjande. Denne modellen passer veldig god til store kyrkjelydar som Spjelkavik, der kyrkjelyden er så stor at den lett kan opplevast som upersonleg. Nye kyrkjelydar passer dårleg til distrikt der det bur lite folk og der kyrkjelyden allereie no slit med avstandar og mangel på ressursar.

¨      Overtaking av ein eksisterande kyrkjelyd (Parish staus - existing building): Er ein modell som er lite aktuelt i Den Norske Kyrkja i dag. Vi har i motsetning til Church of England få ubrukte kyrkjer, i alle fall der det bur folk. Bortsett frå prøveordninga med valkyrkjelydar er det også umogleg å være medlem av ein anna kyrkjelyd ein anna plass enn der ein bur. Det einaste som er mogleg er at ein etter søknad kan bli medlem av soknerådet i ein kyrkjelyd ein ikkje er medlem av. Den modellen i den norske kyrkja som kjem nærmast denne modellen , er profilkyrkjelyden.

¨      Ein områdekyrkjelyd eller kyrkjelydsdistrikt (The Conventional District): Her er  forskjellen om kyrkjelyden har eit eige kyrkjebygg. Områdekyrkjelydar er også i saksorienteringa frå Kyrkjerådet. Modellen går ut på å organisere ein del av ein kyrkjelyd som ein "liksom  kyrkjelyd". Når ein sånn områdekyrkjelyd har si eiga kyrkje eller kapell, har ein det gamle kapelldistriktet. I eit av sokna mine er eit bedehus for 75år sidan blitt vigsla til interimskapell og øya der kapellet ligg har sett på seg sjølv som ein eigen kyrkjelyd , til tross for at det er mange som har flytta frå øya. No prøver vi å "gjenforene" kyrkjelyden for å kunne gi folket i soknet eit godt tilbod. Fokuset på bygning og på å ta vare på lokale eigenarter, kan lett bli for stort og det passer heller ikkje for nettverkskyrkjelydar. Områdekyrkjelyd er integrert i praochialsystemet sidan alle medlemmar juridisk sett er medlemmar av moderkyrkjelyden. Modellen passar best som ei mellombels løysing på veg mot å skilje ut nye kyrkjelydar.

¨      Presteteam: Er ein spanande modell for den norske kyrkja, særleg med tanke på dei nye tenesteordningane. Vi såg eit veldig spanande presteteam i Papworth i England. Eit presteteam kan være ei trygg ramme for ei kyrkjelydsplanting, sidan den tilbyr i alle fall ei grunnforsyning med presteteneste. Dette er uavhengig av korleis den nye kyrkjelyden er organisert. Sidan ein held fast på parochialsystemet kan det bli veldig vanskeleg med for eksempel ein nettverks- og med dette personbasert kyrkjelyd. Utfordringa er også at ein treng eit verkeleg godt presteteam og helst eit team ikkje berre beståande av prestar. Det som er vanskeleg er at det er mykje organisasjon og koordinasjon som må til og at planten kan få for lite plass til å vokse iblant dei store.

¨      Kyrkjelydsgruppe (Group ministry): Eg fann ikkje noko verkeleg god oversetting av dette omgrepet til norsk. Modellen er i grunn ei vidareutvikling av presteteamet. Her er det ikkje berre staben som går inn i eit team. Kvar kyrkjelyd har framleis soknerådet sitt, men ein ser på området under eitt. Geografien innanfor området blir mindre viktig. Forskjellige kyrkjelydar kan tilby profilen sin innanfor til same område. Slik blir det enklare å finne den profilen som passar til eit kvart menneske. Kyrkjelydane kan til og med bruke kyrkjene om kvarandre og det blir rom også for nettverkskyrkjelyd. Området som heilskap føyer seg inn i parochialsystemet sjølv om dette systemet er oppheva innafor området. Ein spanande modell som er nesten like mykje person- som parochialbasert. Utfordringar er her å ta vare på dei som ikkje ynskjer å bestemme seg for ein bestemt profil. Også nettverka vil ofte ikkje ha dei same grensene som det kyrkjelege området. Modellen har mange fellestrekk med profilkyrkjelydane i Bergen. Dette er ein modell som let seg integrere i Den Norske Kyrkja når ein bruker litt kreativitet. Det kan også være ein modell for bruken av kapeller og kyrkjer som i dag er lite brukt fordi dei kanskje ligg litt avsides eller for kyrkjelydar som er for små til kunne eksistere for seg sjølv i framtida. I motsetning til mission-shaped church meiner eg at modellen kan også være eigna for distriktet.

¨      Valkyrkjelyd (Extra Parochial Place): Her er det ikkje den norske tanken om valkyrkjelyd som er utgangspunktet. Her går ein ut frå ei bygning som krev ei spesiell teneste. Det kan være ein kyrkjelyd som for eksempel oppstår i tilknyting til ein skule, eit retreatsenter eller eit sjukehus. Eg sjølv var med i ein sånn "kyrkjelyd" i eit stort sjukehus i Tyskland utan at den formelt hadde status som kyrkjelyd. Modellen er utmerket for nettverksbaserte kyrkjelyd, men det er vanskeleg å integrere det i det eksisterande parochiale systemet. Den nye prøveordninga for valkyrkjelydar skulle likevel gi rom for slike kyrkjelydar innanfor Den Norske Kyrkja. Og særleg store institusjonar og bedrifter som kanskje til og med har ein ordinert prest i staben , kan  det også i Noreg være ein god plass for å etablere slike valkyrkjelydar.

¨      Økumenisk partnerskap (Church plants as Local Ecumenical partnership): Ei ny kyrkjelyd blir starta av forskjellige konfesjonar i lag. Det kan være ein modell for nye store byggjeområder slik at ein kan dele på kostnadene for kyrkjebygget og personalet og inspirere seg gjensidig i misjonen. Problemstillinga her er ikkje først og fremst parochialstrukturen, sidan det ville være enkelt å skilje ut det nye byggjeområdet. Utfordringa er korleis ein skal forhalde seg til dei forskjellige strukturane i dei forskjellige kyrkjesamfunnaa og særpreget til desse kyrkjesamfunna. I Noreg ville Den Norske Kyrkja nesten alltid enten dominere eit sånt fellesskap eller være underrepresentert. Når ein tar eit sånt partnerskap på alvor , burde ein ha  omtrent like sterke parter. Og her skil den norske situasjonen seg nokså mykje frå den engelske der det ved sidan av Church of England også er sterkare katolske og metodistiske kyrkjer. Det er mykje som må få plass i kyrkja vår for å kunne prøve noko slikt. Skulle ein prøve eit partnerskap er kanskje ein misjonsorganisasjon  og eit bedehus den rette utgangsbasen.


5.2. Saksorientering om valkyrkjelydar frå kyrkjerådet i Den Norske Kyrkja[5]

Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja har i vedtak til sak KM 9/05 gitt si generelle godkjenning for forsøk med valkyrkjelydar. Til dette vedtaket la kyrkjerådet fram ei saksorientering som går inn på forskjellige nye organisasjonsmodellar for kyrkjelydane. Felles for dei er at dei tek utgangspunkt i det som er aktuelle praksis og aktuelle utfordringar i kyrkja:

¨      Profilkyrkjelyd: Kyrkjelyd med ein bestemt profil i arbeidet sitt kan kallast for profilkyrkjelyd. Profilen kan liggje i at ein retter seg mot menneske i bestemte livssituasjonar eller med bestemte interesser. Bergen indre by er kanskje dei kyrkjelydane som er dei mest kjente profilkyrkjelydane innan den norske kyrkje. Innanfor eit sokn med eit sokneråd er det fleire kyrkjelydar som blir leia av kvar sitt utval under soknerådet. Modellen liknar veldig på Kyrkjelydsgruppe (Group ministry) frå England. Den største forskjellen ligg kanskje i at det finnes eit sokneråd over dei utval som leier dei forskjellige kyrkjelydane. Det har bakrunn i den sterke rådsstrukturen innan  Den Norske Kyrkja og går med dette eit skritt vidare enn den engelske modellen. Profilkyrkjelyd kan også være ein aktuelt modell andre plasser i  landet til og med ute i distriktet. Hos oss er det eit bedehus med  6 gudstenester for året som fungerer utmerket for familiegudstenester og kyrkjekaffi. Det er ein del folk som kjem til desse gudstenestene som ikkje møter like ofte opp til gudsteneste i kyrkja. Gudstenestene er ofte også på eit anna klokkeslett. Ut av sånne konstellasjonar kan det oppstå profilkyrkjelydar som ein bør være villig  å gi rom til. Med eit felles sokn og eit fellessokneråd og forskjellige kyrkjelydsutval under soknerådet, er modellen ei fleksibel utforming av parochialsystemet i kyrkja vår.

¨      Kategorialkyrkjelyd: Er ei spesiell ordning som kyrkjelova sin paragraf 2 opnar  for. Ordinga går ut på at ein  samstundes kan være medlem av kategorialkyrkjelyden og den lokale kyrkjelyden sin. Så langt er det berre døvekyrkja med kyrkjelydane sine som er  kategorialkyrkjelydar og fullt ut integrert og representert i  Den Norske Kyrkja. Også studentkyrkjelydane som i dag har ingen formell status innanfor kyrkja, kunne med fordel organiserast som kategorialkyrkjelydar. Kategorialkyrkjelyd er personbaserte kyrkjelydar som fungerer som eit supplement til dei parochial organiserte kyrkjelyd. Dei er integrert i parochialsystemet med det at ein kan være medlem av ein lokal kyrkjelyd ved sidan av  kategorialkyrkjelyden. Døvekyrkja er organisert som eit spesielt prosti av Oslo bispedøme. Kategorialkyrkjelyd er den typen nettverkskyrkjelyd som er etablert i kyrkja vår. Om ein skal halde fast på parochialprinsippet i Den Norske Kyrkja, kan det å organisere nettverkskyrkjelydar som kategorialkyrkjelydar være ein veg å gå. Men til dette må instrumentet handhevast meir fleksibelt og ein må alltid knyte dei personbaserte kyrkjelydane til den territorialbaserte parochialstrukturen. Faren er at ein får  dobbelt representasjon og at ein oppretter ei slags ”skyggekyrkje” ved sidan av den parochial organiserte. Mange av dagens bedehus fungerar i dag  langt på veg som kategorialkyrkjelyd, men det er ofte uklart korleis dei er knytta til den kyrkjelege strukturen

¨      Valkyrkjelyd: Dette er ei ny ordning i kyrkja vår som skal evaluerast fram til 2011. Valkyrkjelydar er kyrkjelydar som er personbaserte kyrkjelydar og som kom inn som ei ny ordning. Når ein blir med i ein valkyrkjelyd melder ein overgang frå den lokale kyrkjelyden sin til valkyrkjelyden. Valkyrkjelyden er på ein eller annan måte knytte til den ordinære kyrkjelege strukturen utan å ha den same geografiske ramma som er vilkåret for vanlege kyrkjelydar. Ein kan være medlem uavhengig av bustad.
Det er spesielle kriterier for å kunne være med i forsøket:

Med denne forsøksordninga bryt den norske kyrkja for første gang parochialprinsippet. Modellen er tenkt til å integrere bedehuskyrkjelydar i byer og for å stimulere nye personkyrkjelydar, men krava er høge. For nye personkyrkjelydar vil utfordringa først og fremst ligge i det økonomiske og strukturelle. Dei må finne givarar og satse på mykje godvilje hos biskopen og prostane, i felles- og bispedømerådane. For bedehuskyrkjelydane som IMI-Kyrkja, Storsalen  og andre vil utfordringa først og fremst liggje i tilknytinga til den kyrkjelege strukturen. I tillegg er det fram til nå berre ei forsøksordning. Den norske kyrkja går med denne forsøksordninga, mykje av den same vegen som Church of England gjekk med  Breaking new ground and mission shapt church. Eg håper at ordninga blir enklare og mindre komplisert og byråkratisk etter forsøksperioden. Den opnar for nettverksbaserte kyrkjelydar og andre nye typar kyrkjelydar som kan møte dagens utfordringar. Parochialsystemet består framleis for å betene alle med ord og sakrament, men ein opnar samstundes for ”New expressions of Church” som kan nå fram til fleire enn i dag.

¨      Områdekyrkjelyd: Denne modellen er allereie diskutert i samband med modellane frå frå mission shaped church.

 

5.3. Flytting av medlemsskapet mellom parochial organiserte kyrkjelyd

I kyrkjelova står det i paragraf 4: ”I særlege tilfelle kan biskopen etter samtykke frå vedkommende menighetsråd samtykke i at en person for et begrenset tidsrom gis stemmerett i eit annet sokn enn vedkommende er bosatt i.”

Liknande  og til og med litt enklare reglar var det også i Sachsen da eg starta i synoden der. Etter kvart fann vi ut at hovudfokuset i dag måtte være  kyrkjelyden og ikkje soknet. Eit viktig element var at ein på grunn av fråflytting måtte slå saman fleire sokn for kunne oppretthalde parochialprinsippet. I tillegg skjønte vi at folket flytter oftare i dag enn dei gjorde før og at kyrkjelyden var ein del av deira personlege nettverk. Når dei i ein by flytta berre to gater og kom inn i eit anna sokn, skulle dei i grunn avbryte kontakten med sin  gamle kyrkjelyd, folket og staben der og gå inn i den nye. Ofte ligg for eksempel eldreinstitusjonar i eit anna sokn. Folk opplevde at kyrkja reiv dei ut av ein del av deira personlege nettverk. Dei ville ikkje engasjere seg i kyrkjebyråkratiet og slutta  med å engasjere seg i kyrkja. Det viktigaste var at vi skifta fokuset bort frå soknet og det parochialprinsippet og til kyrkjelydane og folket. Resultatet vart ei enkel og grei løysing

Når ein oppdagar at ein på grunn av geografien høyrer heime i ein anna kyrkjelyd  enn der ein kjenner seg heimehøyrande, skrev ein et brev eller lite notat til den kyrkjelyden der ein kjenner seg heime og spør om å få kunne være medlem der. Denne kyrkjelyden sender så ein kopi til den kyrkjelyden der ein høyrer heime etter parochialsystemet. Om ikkje ein av dei to kyrkjelydane har noko å innvende mot overgangen innan ein viss frist, er ein fullgodt medlem av den kyrkjelyden der ein kjenner seg heime. Berre når dei to kyrkjelydane er usamd kjem biskopen og administrasjonen inn i bilete.

Parochialprinsippet blir handheva fleksibelt: Ein flytter heile medlemsskapet og ikkje berre stemmeretten. Overgangen er varig og ikkje berre for ”eit avgrensa tidsrom”. Og kyrkjelydane blir utfordra til å ta vare på medlemmane sine.

 

6. Oppsummering

Parochialsystemet er eit gamalt system og har sine fordeler: Det sikrar ei brei kontaktflate til folket. Alle får ein kyrkjelyd der dei høyrer heime og den sikrar kyrkjeleg betening for alle medlemmar. Kyrkjelyden kan byggje opp ein relasjon til medlemmane sine. Men den kan også virke passiviserande og er i seg sjølv veldig lite fleksibelt. Slik er den dårleg eigna til å møte dagens utfordringar i ei postmodern verd. Det er fleksibilisering som er sjansen og utfordringa for systemet. Eit fleksibelt parochialsystem som gir rom til nye kyrkjelydsformer, til nettverks- og personbaserte kyrkjelydar, eit fleksibelt medlemskap i kyrkjesamfunnet som har fokuset først og fremst på folket og oppdraget vårt og mindre på system, prinsipp og geografien vil kunne være eit godt utgangspunkt for framtida. Men det er nettopp fleksibiliteten som må til for at det ikkje skal bli til ein bremsekloss. Det finns mange gode modeller og idear både i Noreg, England, Tyskland og andre land og mykje er allereie mogleg innanfor den norske kyrkja. Forsøksordninga med valkyrkjelyd er ein god veg, men den er etter mitt syn ennå for komplisert og byråkratisk. Eg har lyst til å  utfordre kyrkja mi i tillegg med tre konkrete ting:

 

 

 

Michael Hoffmann

1.6.2006

 



[1] TRE, Bd. 26, s 338

[2] Sjå: Mission-shaped church: chrurchplanting and fresh expressions of church in a changing context, London: Church house publishing 2004, s 1- 7.

[3] Sjå: Finney, John, Emerging evangelism, London: Darton-Longman-Tod 2004, s 104.

[4] Sjå: Mission-shaped church: chrurchplanting and fresh expressions of church in a changing context, London: Church house publishing 2004, s 127-129.

[5] Sjå Saksorientering KM09/05 Valkyrkjelydar på www.kirken.no