Norsk

God jul til dokke alle saman. Nå er vi samla her på julaftan. Det har blitt ei tradisjon å være her på julaftan og vi har også mange andre god jule tradisjonar.

Men det er viktig at ein i alle desse tradisjonane ikkje gløymer innhaldet, kvifor vi feirar jul. Gud blei menneske for å være oss nær, for å være med oss. I Jesus Kristus kom gud til oss som eit lite barn.

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

Ingen såg dei då dei kom i land. Det må har vært mørkt då båten deira la til øya. Det var ei nok så kald og uroleg natt. På NRK meldte dei om opp til full storm langs kysten. I tillegg var det iskald denne natta mins sju minusgrader og det er mykje for å være på ein øy ute i havgapet på Sunnmøre. Likevel var det ingen som hadde set ein større båt ikkje eingong ferja gjekk på denne dagen. Så det var ingen som hadde sett nokon som helst båt, verken inne på sjøen eller ut på havet.

Kven er du? Kven er du? Korleis svarer du på dette spørsmålet? Kva fortel du om? Nemner du øya di? Foreldra dine? Yrke ditt? Borna dine? Ektefellen din? Uansett  kva du fortel om deg sjølv, det ein ting nesten alle svarer med på dette spørsmålet: namnet sitt. Namnet ditt er noko spesielt, den kjenneteiknar deg.

Kva er det du fekk til jul? Er du fornøgd med det du fekk? Kvifor er du fornøgd eller  misfornøgd med gåvene? Når gir vi gåver? Kvifor  gir vi eigentleg gåver i det heile tatt? Vi skal tenkje litt meir på desse spørsmåla, men først har eg ei fortelgjing om tre karer som kjem med gåver til eit nyfødt barn. Eg har dagens preiketekst om dei tre vismenn som står som evangelium skrive hjå evangelisten Matteus i det 2. kapitlet:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 3. kapitlet:

Jesus kom frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: "Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!" Jesus svara: "Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd." Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: "Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i."

Slik lyder Herrens ord.

taufe jesu

Unterkategorien