Drucken

Har du eit namn? Kva heiter du? Er det nokon her som ikkje har eit namn?

 

Når vi tenkjer på namn, så tenkjer vi først på personnamn: Dette er namn som identifiserer ein viss person, både for han sjølv og andre. Til slike namn er det knytt sterke kjensler, og ofte tru på at det påverker personen som ber det. Ein person kan vidare ha eitt eller fleire slektsnamn, som fortel kva familie eller klan han tilhøyrer, eller mindre høgtidelege namn, som tilnamn eller kjælenamn. Namnet kan brukast i namnetrekk, som stadfester at den det viser til har godkjent eit dokument.

Men det er ikkje berre det namnet brukast til. Vi bruker namnet også til å kalle på folk. Om eg hadde ropa: Du der kom hitt! Og ikkje gjord noko meir, trur du at rette personen hadde koma frem? Når eg derimot roper: NN kom hitt! Korleis er sjansen då?

Det er namnet vårt som identifiserar oss. I dåpen spør presten om namnet til barnet? Han gjer dette ikkje fordi ikkje klarer å huske det frå dåpssamtalen, eller fordi han ikkje finn det att i papira sine , men for å gjer namnet kjent.

I dåpen blei vi døypt til namnet den treeinige gud: gud fader, gud son, og Den heilage ande. I dåpen blir dei guds barn. Gud skapte dei, og nå blir dei gudsbarn. Og det er viktig at ein veit namna ti borna sine, slik at ein kan kalle på dei. Gud skal kunne kalle på dei, difor nemner vi namna i dåpen.

Gud kjenner, namnet vårt. Han veit kven vi er. Han kan kalle på oss og han kan ta vare på oss. Namnet vårt identifiserer oss. Den seier kven vi er. Namnet vårt er kjent ofte til fleire enn vi kjenner til. Og ofte får namnet vårt også eit rykte på seg enten det er godt eller ikkje så godt. Og mykje av det får ein styre sjølv. Også Jesus hadde folk høyrt om då han var ein ung man. Nokre hadde nok høyrt om opphavet hans, at han er guds son. Og det var særleg dei som hadde grunn til frykte han som huska namnet hans, det fortel i alle fall dagens preiketekst om:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 4. kapitlet:

Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Han underviste dei på sabbaten, og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde. I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft: «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!» Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje. Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.» Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.

Slik lyder Herrens ord.

 

«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!» Det seier den vonde ånd då han får auge på Jesus. Han har ikkje møt Jesus før, men han veit kven han er. Han klarer å identifisere Jesus. Han identifiserer Jesus som Guds Heilage, som guds son. Og han veit kva Jesus kan. Han veit kor sterke Jesus er og difor har han respekt for han. Denne teksten står tidleg i Lukasevangeliet, so Jesus har ikkje vist så mykje av styrkja si ennå. Likevel er det kjent kven han er.

Det finns ingen som kan alt. Ingen er like god på alt, ingen klarer å fikse alt. Men dette gjer ingenting  så lenge du kan namn og nummer til ein som kan det. Vi er døypt til namnet til den treeinige gud vi kan namnet til Jesus, som er vår bror. Vi kan be han om hjelp. Klart vi har ikkje mobilnummeret hans, men vi  kan be til han. Vi kan be til han og han høyrer han høyrar  sjølv om mobilen er tomt for batteri. Jesus høyrer på oss. Han er sterk og han er guds son, han ynskjer å ta vare på oss. Men det er vi som må be han om det. Han tvinger seg ikkje på. Han er ikkje pågåande, men han er der og ventar på oss.

”De har ikkje, fordi de ikkje bed. ” Jak 4,2 – Så be! Vi er inne i fastetida frem til påske. Denne tida skal brukast til å styrkje trua, gjerne gjennom å gi avkall på noko, om det så er mat, databruk, mobil, eller kva det måtte være. Det viktigaste er kva ein gir avkall på til fordel for. Det å gi avkall på noko skal nemleg gi nye ressursar for gud og for trua.

Vi kjenner Jesus og han kjenner oss, difor skal vi bruke denne fastetida til å snakke med han og til å be. Jesus ynskjer å hjelpe oss, men vi må be han. AMEN