Drucken

I dag er det Maria bodskapsdag. Er det nokon som veit kva vi minnast denne dagen?

Det er ei veke sidan eg kom til Nazaret i Gallilea. I denne arabiske byen i Israel der det  i dag er berre ein tredjedel kristne att la eg merke til eit lys. Ei lys som minner på fyrane som vi har langs kysten. Men Nasaret ligg midt inne i landet. Så det er ingen vits med å ha eit fyr der. Kva kunne dette lyset då kome frå?

 

 

Lyset kom frå ei kyrkje. Kyrkja som blei byggja over den Plassen der engelen fortalte Maria at ho hadde blitt gravid og at ho skulle føde guds son. Og Maria trudde på han.  Mykje skulle bli krevjande og vanskeleg for Maria, men  eg synes ho hadde ein stor fordel.: Nå visste ho kva gud skulle gjere med ho, kva planer gud har med ho. Det er nok ikkje alltid så enkelt å lage planer for fremtida i dag, særleg når ein er ung, Men eg veit at det i alle fall er ei gjeng her som har planer i alle fall  for nokre veker framover: Nemleg å bli konfirmerte.

Confirmare dette ordet tyder på latinsk  å stadfeste, å styrkje. Det er frå dette latinske ordet vi har omgrepet konfirmasjon. Det var på 1530tallet at Reformatoren Martin Bucer i Strassborg sat i gang med ei undervisning og eit ritual det året borna avslutta skulen. Førstegong det er dokumentert er i 1539. Og kort tid etterpå kom sikken også til Noreg. Konfirmasjonen skulle være utrysting til og ei stadfesting av trua for livet.

Skulevesenet har blitt reformert fleire gongar og både skulestarten og skuleslutten blei flytta, men konfirmasjonen finns framleis, og den er framleis det året ein ungdom fyller 15år. Og nå skal dei overhørast. Vi skal gjer dette her med ein liten leik. Med tre lag beståande av konfirmantar og eit lag  med vaksne. Og så skal vi sjå kva lag som stikk av med flest poeng. Dokke har tre minutt til å svare på spørsmåla. Det er over 90 spørsmål i potten så dokke få sjå kor mange dokke klarer å svare på. Det er lov å rådføre seg i gruppa eller å slå opp i bibelen men eg logger inn alltid inn det svaret som eg får med leiaren for gruppa.  Det første rette svaret gir 10 poeng det andre 20 osv frem til det femte og alle svar etter det som gir 50 poeng kvar. Svarer ein feil så startar ein på nytt ved 10 poeng. Men ein ting eg love allereie nå: Alle skal vinne!

Her reglane klare? Ok då sett vi i gang..

"Kven veit meir?" -  http://www.pico-system.de/Software/WerWeissMehr/werweissmehr.html