Drucken

I dag er det påske. I dag er det den største kristne høgtidsdagen. Ikkje jul, ikkje pinse men påske, det er det den kristne trua handlar om. Gud blei menneske i Jesus Kristus, han blir svikta, han lider og han døyr. Alt dette er utroleg å vanskeleg å fatte, men mykje av det kan du også finne i sagaverda ikkje minst i gresk-romersk stil. Men ein gud som blir menneske for så å døy og som så blir levande att, den kan du leite lenge etter. Og ein som gjorde dette for menneska sin del og som kunne har spart seg for alt dette, han finns berre ein gong.

Jesus Kristus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Han er oppstod for oss. Dette er ikkje å fatte, dette kan ikkje forklarast, dette kan ein berre tru. Og det er det, det kristne trua handlar om: Jesus Kristus er oppstod. Han er oppstod for at vi også skal stå opp att, for at vi skal få eit evig liv. Jesus gir oss eit evig liv i guds rike. Det er dette evige livet vi snakkar om til påske.  Eit evig liv i ei ny røynd. Ingen liv der vi blir født igjen og igjen i denne røynda.

Jesus Kristus er oppstod han er sanneleg oppstod. Vegen til gud vegen inn i Guds rike er fri for dei som trur på han. I Jesus Kristus gjekk den treeinige gud sjølv på korset for å forsone seg med oss. Og han lever, Jesus lever, grava er tomt Jesus er oppstod.

Jesus Kristus er oppstod, han er sanneleg oppstod? Trur du det eller er dette berre tradisjon og folklore? I avisa for ei veke sidan kunne ein lese at berre ein av tre nordmenn trur på at Jesus verkeleg er oppstod. Og sjølv om det er litt diskusjon om korleis dei stilte spørsmålet. Det er ikkje så enkelt å tru og dette har vært utfordrande heilt frå starten av:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 20. kapitlet:

Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: "Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han." Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

Slik lyder Herrens ord.

Jesus Kristus er oppstod han er sanneleg oppstod. Trur det eller ei, eg trur på det. Truvedkjenninga er ikkje tomme ord, dette er trua. Jesus stå opp att frå dei døde den tredje dagen. Han skal kome att for å døme levande og døde. Eg trur på eit evig liv. Eg klarer ikkje å forstå det. Eg klarer ikkje å fatte. Forstanden min klarer ikkje å skjønne dette. Eg har studert teologi i sju år. Eg har lest gjennom bibelen fleire gonger , men eg klarer ikkje å fatte det. Gud er ikkje å fatte. Han er ikkje til å forklare. Det er ikkje til å forklare kvifor gud går gjennom liding og død for oss. Kvifor gud opnar vegen for oss inn i ei ny røynd inn i riket sitt. Han gjer alt dette for oss. For oss som ikkje klarer å leve slik som han ynskjer det. – Likevel er han vår far. Vi er borna hans og han er utroleg glad i oss.

Jesus Kristus er oppstod han er sanneleg oppstod. Dette er ikkje å forstå, dette er ikkje til å fatte, men vi kan tru på det. Vi kan tru på det. Men i dag er det ofte vanskeleg tru, vi skal forstå og forklare alt. Det er nesten slik at det som ikkje kan forklarast, det finns ikkje. Også eg får av og til vanskar med å tru, eg tviler nok også eg. Men når eg gjer det, då hentar eg meg hjelp. Hjelp frå barna:

Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.” Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.

Mark 10, 16

Forstanden kan stå i vegen trua. Det er difor borna som kan lære oss å tru. Dei klarer å stole sjølv på ting som dei ikkje i det minste klarer å forstå. Dei klarer å ta imot trua. Og det bør også vi.

Jesus Kristus er oppstod han er sanneleg oppstod. Dette er ei gåve som vi bør ta imot, ei gåve utan om og men. Ei gåve som vi bør feire i dag.

Jesus Kristus er oppstod han er sanneleg oppstod. AMEN