Drucken

 

”.”  Det er makt i bøna. Det hjelper å be. Og gud lyttar på oss, det veit vi. Men av og til er det vanskeleg å finne dei rette orda. Av og til kjenner vi oss tause.

Eg kjenner meg tause, eg manglar ord til å be når eg ser elendigheita i verda. Eg kjenner meg tause når eg ser jordskjelvet i Haiti og når eg ser borna som har mista foreldra sine. Eg blir tause når eg ser konflikten i heilage landet og ser at dei skulle skape fred er meir opptatt av  si eiga makt og sin eigen bankkonto enn av det å forbetre situasjonen for menneska. Eg manglar ord når eg ser kor mykje denne verda prøver å trekkje meg bort frå gud og kor mykje eg gir etter.

 

Ofte kan vi be med fine ord og stille, av og til må vi skrike, og av og til blir vi tause. Det er særleg eit spørsmål som kan gjer oss tause, spørsmålet: Kvifor? Eller Korleis kan gud tillate dette.

Det er ein bok i bibelen som er særleg opptatt av dette spørsmålet: Job og der finn vi også dagens preiketekst.

Det står skrive i Jobs bok i det 2. kapitlet:

Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. "Kvar kjem du ifrå?" spurde Herren. "Eg har fare og svive ikring på jorda," svara Satan. Då sa Herren til han: "La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er. Framleis er han like ulastande. Utan grunn har du eggja meg til å føra han i ulukke." Men Satan svara: "Hud for hud! Ein mann gjev då gjerne alt det han eig for livet. Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet." Då sa Herren til Satan: "Han er i di makt. Spar berre livet hans!"
Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl. Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen. Då sa kona hans til han: "Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!" Men han svara: "Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?" Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn.

Slik lyder Herrens ord.

Korleis kan gud tillate dette? Korleis kan gud tillate at ein mann som Job, ein mann som ikkje har gjord noko gale, Korleis kan gud tillate at denne mannen mister alt han har. Korleis kan gud tillate at ein mann som han ikkje berre mister det han eig men også helsa og familien. Korleis kan gud tillate at han blir plaga slik? Eg veit det ikkje. Eg veit ikkje svar på dette.

Men eg veit at eg er imponert av Job.  Til tross for alt han må tåle han blir ikkje sint på Gud. Han fornektar ikkje trua si. Han held fast på gud opp i alt dette. Han stoler på gud. Sjølv om Satan, det vonde i denne verda, har fått makt over han. Job veit seg i guds hand. Han nektar å godtar at han ikkje er i guds hand.

Job er velsigna med ein tru som klarer å stå imot alle freistingar. Ein tru som sjølv satan, den vonde, ikkje klarer å knekke den med all si makt. Uansett kva som skjer med han, han gir ikkje opp trua. Han forstår ikkje kva som skjer heller, men han stoler på gud. Han stoler på gud og tåler mykje.

Kor mykje toler trua vår? Kva skjer med den når ikkje alt går på skinner? Når livet skrantar. Stoler vi då på gud eller stoler vi på oss sjølve? Kor mykje toler trua vår i kvardagen? Kor mykje er det som trekkjer oss borte frå gud? Kor mykje eller kor lite er det som må til for vi gløymer gud i kvardagen eller i vanskeleg situasjonar?

Vi er i fastetida, ei tid for åndeleg fornying, bøn og ettertanke, ei tid til å styrkje trua, ei tid til å førebu påske. Å faste det meinte i gamle dagar ofte å gi avkall på mat. Også i dag meiner faste å gi avkall på noko til fordel for gud. I dag trenger ikkje dette å være mat, det kan også være alkohol, eller dataspel, nettsurfing, handleturar … det er ikkje så viktig kva du gir avkall på men at du gir avkall på noko til fordel for gud. Og han treng tida vår, det mest kostbare vi har i dag.

Fastetida  varer i 40 dagar,  7 veker unntatt sundagar. 40 dagar som skal styrkje trua vår, 40 dagar som skal minne oss om dei dagane Jesus var ute i øydemarka . Han klarte å stå imot alle freistingar. Han valte ikkje det behaglege livet. Han valte å gå den tungen vegen. Han gjekk denne vegen for oss. Han gjekk vegen for at vår veg til gud skulle være open.

Gud ynskjer å ta vare på oss. Og han tok oss vare på Job. Job fekk att dobbelt så mykje som satan hadde tatt frå han. Gud vill oss vel men kan ikkje berre ta rosinene.

 ” Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?” seier Job.

Jesus klarte å stå imot freistingane. Også vi skal bruke fastetida til å styrkje trua vår. Den blir nok ikkje så stort som trua til Job, men den blir større og vi klarer nok ikkje å stå imot alle freistingane, men vi klarer å stå imot fleire. Og vi kan bli tryggare, tryggare på at det finns ein gud som ynskjer å ta vare på oss, ein gud som vi kan ber til og som lyttar på oss.

Men det er opp til oss til å bruke denne fastetida. Det er ingen som tvinger oss til noko. AMEN