Drucken

Preika i dag skal være ei skrifte tale. Men kva er skrifte? Skrifte er både eit substantiv og eit verb og tyder å vedkjenne syndene sine for eit anna menneske. I dei katolske og ortodokse kyrkjene skal skriftemålet forgå overfor ein prest, som etter skriftemålet tilseier tilgjeving for syndene, såkalla absolusjon. Dette skriftemålet et eit sakrament.

Ved reformasjonen vart skriftemålet avskaffa som obligatorisk ordning i dei evangelisk-lutherske kyrkjene, men det private skriftemålet er i prinsippet framleis tilrådd brukt, anten overfor ein prest eller overfor ein kristen lekmann.

Presten har kyrkjeleg fullmakt til å ta imot skrifte og har juridisk teieplikt utan vilkår -« juridisk ubetinga teieplikt». Teieplikta gjeld i prinsippet òg andre som mottek skriftemål.

Etter å ha erkjent sine synder kan ein få forlating eller absolusjon for dei. Dette er ei formell utsegn ein får frå presten etter at ein har skrifta. Det inneber at syndene som ein har skrifta om vert tilgjevne. Men først må ein erkjenne  syndene  sine. Og dette skal skje gjennom guds ord, gjennom meditasjon og skriftetalen. Dette skal være som ein spegel, der vi ser oss sjølve. Ikkje eit spegel som viser oss sjølve og verda berre rosaraud, men slik som den er. Ein spegle som viser syndene våre. Den skal være ein ærleg spegel som ikkje viser rynkene våre eller dei gråe har som etter kvart har snike seg inn, men som viser syndene våre . Som hjelper oss med å sjå kva som skaper avstand mellom oss og gud, kva som trekker oss borte frå han. Jesus viser vegen til gud, men det er vi som må gå vegen. Vi skal vegen, men det er mykje som vill trekke oss bort, det er mykje som prøver å leie oss vil.  Og vi er menneske vi klarer ikkje å stå imot alle desse freistingane. Vi klare ikkje å stå imot alle freistinga, vi kan gå oss vill. Men vi har lov til å stoppe opp. Vi har lov til å sjå etter dei rette vegvisarane for å finne att til rette vegen.  Og vi har fått gode vegvisarar, gode skilt. Eit slikt skilt kan være saligprisingane i bergpreika som står skrive hjå evangelisten Matteus i det 5. kapittelet:

 

 

 

Matt 5, 2 -12 Då tok han til ords og lærte dei:
3 Sæle dei som er fattige i seg sjølve,

himmelriket er deira.

4 Sæle dei som syrgjer,

dei skal verta trøysta.

5 Sæle dei tolsame,

dei skal arva jorda.

6 Sæle dei som hungrar og tyrstar etter rettferda,

dei skal verta metta.

7 Sæle dei miskunnsame,

dei skal få miskunn.

8 Sæle dei som er reine i hjarta,

dei skal sjå Gud.

9 Sæle dei som skaper fred,

dei skal kallast Guds born.

10 Sæle dei som vert forfylgde for rettferd,

himmelriket er deira.

11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.

 

 

Lukkelig er dei rike, for verden er deira

Lukkelig er dei ressurssterke, for alle trenger dei

Lukkelig er dei som er vellukka, for stor er lønna som venter dei.

Lukkelig er dei gode kommunikatorane, for dei har rett.

 

Det er ikkje slik Jesus har sagt det, men det er slik røynda vår er.  Og vil lever i denne røynda. Men vi er også på veg til ei ny røynd. Vi er på veg til guds rike, ei røynd der det er andre lov som skal gjelde. Der Jesu vilje skal være gjelde, der det  vi ber om i fader vår : Lat riket ditt koma ! skal være oppfylt.

Vi skal være på veg til guds rike, til ei ny røynd ,og vi skal også vi skal gjere guds rike synleg allereie i denne røynda som vi lever i. Men er vi på rett kurs eller er vi på villspor?

 

Sæle dei som er fattige i seg sjølve,

himmelriket er deira.

Kor mange er det som eg ikkje tar vare på kor mange er det eg overkjører utan å leggje merke til?

 

Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta.

Kor ofte sett eg krav i standen for å trøyste? Kor ofte ser eg borte når medmenneska mine syrgjer, ikkje berre over menneske som er sjuk eller dø, men også over mellommenneskelege relasjonar som er skada eller øydelagd?  Kor ofte snakkar eg i staden for å lytte?

 

Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda.

Kor mykje toler eg før eg krev min rett? Kor ofte ser eg berre det eg har krav på og overser kva den andre trenger?

 

Sæle dei som hungrar og tyrstar etter rettferda, dei skal verta metta.

Hungrar og tørstar eg framleis etter rettferda, eller er eg meir opptatt av velstanden min?

 

Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.

Er eg miskunnsam og nådig ikkje berre overfor meg sjølv og kanskje dei eg liker, men også overfor andre, overfor menneske som irriterar meg?

 

Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.

Kva gjømer seg i hjartet mitt, kva er eg opptatt av? Kva er motiva mine? Kva er drivkrafta i deg eg gjer?

 

Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.

Eg er guds barn, men skaper eg med det eg gjer fred eller ufred?

 

Sæle dei som vert forfylgde for rettferd, himmelriket er deira.

Vi blir nok ikkje opent forfylgt for trua vår. Men klarer vi å stå framme med trua vå og vårt engasjement for gud sjølv om det kan være upopulær?

 

Vi klarer nok ikkje å gå heile vegen til guds rike i dag, men dette er ingen grunn til å ikkje sjå etter vegvisarane.

AMEN