Drucken

Er dokke glad i å lese? Kva liker dokke å lese? Avis? Blad? Krim? Eventyr? Sakbøker? Eg sjølv er veldig glad i biografi. Eg liker å lese om folk som har levd og historiene deira. Men som prest må eg også lese ein del faglitteratur.  Eg er veldig glad i å lese og heime har eg eit bibliotek med sirka 3000 bøker.  Eit sånt bibliotek er kjekt å ha, men den har også sine ulemper. Eg trenger for eksempel 3 rom for å få plass til all desse bøkane.

Då er det mykje enklare å ha eit heilt bibliotek i berre ei bok. Og bibelen er eit heilt bibliotek. Husker de kor mange bøker det er i bibelen?

Det er gjerne gjennom bibelen at gud kan snakke til oss. Difor er det viktig at vi bruker bibelen og at den ikkje støvar ned i bokhylla. Og når ein skal bruke  og lese i bibelen er det kjekt å vite kva ein kan finne der. Difor  har 5.klassingane og eg gått på ei vandring gjennom bibelen, der vi har møt nokre av dei viktigaste historiene i bibelen. Slik prøvde vi å skaffe oss ei oversikt over det som  står i dette vesle biblioteket.

Og i desse bøkene finn vi både historiebøker som fortel av guds historie med menneska. Men vi kan også finne krim. For eksempel om kongen som drepa ein uskyldig for å få tak i kona hans. Husker de kva denne kongen heit? Når eg nå viser nokre teikn så gjør eg det for å gi 5. Klassingane eit hint frå denne vandringa. Husker de kva denne kongen heit? – David

 

 

Ein kan også finne kjærleiksdikt i bibelen ein heil bok, Høgsongen er fullt av dei. Denne boka skal har blitt skreve av ein vis men halvhjarta konge. Kva heit denne kongen? – Salomo

Av og rår gud menneska til spesielle  grep. Ein mann for eksempel bruke noko som var 135 Meter lang for å klare ei spesiell situasjon. Kva slags situasjon var dette ? Og kva heit mannen?

 

 

 

Det er ikkje så mange kvinner  i det Gamle Testamentet  men to av dei har til og med si eiga bok i bibelen. Ei  av skulle bli stammor til kong David. Kva heit ho?

 

Det gamle testamentet fortel mykje om guds historie med Israelsfolket. Og han bruker folk til å snakke for seg. Til og med dei som meiner at dei ikkje kan snakke. Kva heit mannen som gud brukte til å snakke for seg sjølv om han meinte at han ikkje kunne snakke?

 

Før Jesus gjekk ut øydemarka  møte han ein man som nokre trudde kunne være messias og av han vart han? Døypt

 

Heile historia om Jesus starta i denne byen ikkje langt unna frå Jerusalem?

 

 

 

Kva heiter mannen som har skreve mest bøker i bibelen ?

 

 

Før Jesus gjekk i hagen Getsemane for å be samla han  læresveinane sine for siste gang, for å ha eit? – påskemåltid

 

 

Tidleg ein morgon møte kvinner ein engel som fortalte dei at noko hadde skjedd med Jesus. Kva hadde skjedd med Jesus?

 

 

 

 

 

Jesus Kristus er oppstod for å frelse oss, for å ta vare på oss i dette livet og utover det. Dette er kjernen i evangeliet, den glade bodskapen. Jesus Kristus døde for oss og  han er stod opp for oss. Det er viktig at vi tar vare på dette og difor skal 5. Klassingane nå kome opp med meg vise heile vandringa og får Nytetstamentet sitt.

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (100131 Agenda.ppt)100131 Agenda.ppt Michael Hoffmann1005 KB