Drucken

Velkomen i ennå eit nytt år., Herrens år , anno domini 2010.  Verda er i forandring. Det kjenast slik som om ting skjer og forandrar fortare og fortare. Nor ein tekte på ein bonde for 50 år sidan så tenkte ein på hestekjære, mens det i dag er traktor. Underholdning i går det var heimelaga musikk, kortspel, lesing og kanskje radio, mens det i dag er mykje TV og data.

Verda er i forandring også bileta og symbola er i forandring. Kva er det du tenkjer på når du høyrer ordet lam? Er det ein kosebamse? Er det god mat? Eller er eit husdyr?

Men det er vel ingen er som tenkjer på eit offer? Men det er nettopp det mange kom i hug når dei høyrte ordet lam. Dei tenkte på offerlamma som blei offeret i templet i Jerusalem. Det er desse lam dei tenkjer på når dei høyrer uttrykket guds lam. Og det er Guds lam vi får høyre om i dagens preiketekst.

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

Dagen etter ser Johannes Jesus koma bort imot seg og seier: "Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel." Og Johannes vitna: "Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son."

Slik lyder Herrens ord.

Jesus er guds lam. Med dette ser jødane tempelet  og offerlamma der. Særleg til påske men også elles i året blir blant anna blir verdifulle matvarer slik som olje eller vin, men også røykjelse, fuglar, geiter og sauer ofra for gud. Dyra blir slakta av prestane og brent på alteret i templet. Ein gjer det for å forsone gud etter at ein har gjord noko dumt eller for å takke gud. Ofra til pesah, det jødiske påske er til å takke gud for at han berga folket sitt under dei ti plagene før dei for frå Egypt. Denne dagen fornye pakta mellom gud og folket sitt.

Eit offer er å gi noko frå seg som har verdi. Eit offer er å gi gud noko som kostar noko. Å ofre noko er meir enn å gi av det vi har nok av: Jesus fortel om eit ekte offer: Mark 12,41-44   Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre. Då kalla han disiplane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»

 

Når Jesus er guds lam, er han sjølv den som ofrar seg. Jesus er guds lam. Han gir seg sjølv. Han gir livet sitt. Han gir det ikkje på alteret, men på korset. Jesus er guds lam. Han ofrar seg ikkje for sin eigen del. Han er det einaste menneske utan skuld, han er offerdyret. Han gir livet sitt ikkje for sin eigen del, menn for oss. Han gir det mest verdifulle han har, han gir livet sitt for oss. Kor mange av dokke har sett Jesus og Josefine på TV i adventtida?

Jesus kunne ha tatt valet om å leve draumen sin han kunne har blitt gladiator eller kan kunne ha takka ja til ei av freistinga til djevelen, han kunne ha bestemt seg for eit behageleg liv. Men han gjorde det ikkje. Jesus Er offerlammet som ung mann gjekk han i  døden for oss. Han gav det mest verdifulle han hadde. Han gav livet sitt for oss. Sidan Jesus døde for oss er han også oppstod for oss. Han har sigra over døden. Vegen til gud er open. Alle dei som trur på Jesus Kristus få kome inn i guds rike. Vi har lovnaden om ei røynd som er større enn denne røynda som vi lever i.

Kva gjer vi for å takke gud for dette? Ofrar vi noko for å takke gud for dette? Av og til gir vi av overfloda som vi har. Vi legg ei mynt eller ein liten lapp i offerskåla eller bøssa. Men kva er med å gi noko som vi manglar noko som vi ikkje har nok av?

De er alle her i dag og det er bra. De gir gud nemleg noko av det mest verdifulle vi har i dagens samfunn. Når vi er på Guds - teneste gir vi gud noko av tida vår. Nå er det kanskje litt for seint med nyttårsforsett, men korleis hadde det vært med å bruke litt meir tid for gud i dette året? Kanskje med å kome litt oftare til gudsteneste eller på bedehuset eller med å bruke meir tid til bibelesing og bøn.

Jesus Kristus er guds lam. Han gav livet sitt for oss. Og den beste måten vi kan takke han for det er å bruke litt meir av tida vår for han.

AMEN