Drucken

Den 4 desember 1843 døyr ein mann i Wagrain i austerrike. Han døyr av ein lungesjukdom og han får eit spesielt grav på kyrkjegarden. Han får det ikkje fordi han var presten i kyrkjelyden, men på grunn av sitt engasjement. Han fekk bygget ein ny skule og  hjelpte dei fattige i kyrkjelyden sin. Men det var ikkje første gang  hat man meg engasjementet sitt også klarte å skaffe mykje uro.

Men det er nok ikkje det han er mest kjent for.  Det han er mest kjent for er ein song som kom heilt til Noreg. Ein song som han skreiv i 1816 og som han i lag med Franz Xaver Gruber satt ein tone på og som dei framførte i Oberndorf jula i 1818. I Noreg er songen mest kjent som glade jul, men då Mohr skreiv den var orda hans:

Same songen som vi song før denne preika.

 

Stille Nacht! Heilige Nacht!

Alles schläft. Eynsam wacht

Nur das traute heilige Paar.

Holder Knab’ im lockigten Haar,

Schlafe in himmlischer Ruh!

Schlafe in himmlischer Ruh!

 

Det  fjerde verset som skjeldent blir brukt i dag

 

Stille Nacht! Heilige Nacht!

Wo sich heut alle Macht

Väterlicher Liebe ergoß

Und als Bruder huldvoll umschloß

Jesus die Völker der Welt!

Jesus die Völker der Welt!

 

Stille natt! Heilage natt!

Der, der i dag all makt,

Av kjærleiken til ein far er hella ut,

Og som bror inkluderar med kjærleik,

Jesus alle folkeslag.

Jesus alle folkeslag.

 

Gjenspeglar den urolege tida som Mohr levde i med krig og okkupasjon mellom austerrike og Bayern.

Josef Mohr prøvde med han kunne å være eit barn av ljoset.  Han prøvde å møte Jesus i dei fattigaste slik som Jesus sjølv hadde sagt: Matt 25,35-36.40  For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.' 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.'

Josef Mohr prøvde å gjere verda litt lysare. Lyset, det sanne lyset er også snakk om i dagens preiketekst.  Nokre tekstar er enkelt å forstå. Dagens preiketekst er det ikkje. Den er kjent, men den er ikkje enkelt å forstå.

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

 

Denne teksten er heller ikkje så enkelt å oversetje frå den greske originalen. Der, der vi les at guds ord tok bustad mellom oss står det i den greske originalen εσκηνωσεν det same ordet som vi finn att i σκηνοπιος som er ordet for det yrket som Paulus hadde. Og han var som mange veit teltmakar. Så det som står der i den greske teksten er i grunn at guds ord telta blant menneska.
Men kven er det teksten eigentleg snakkar om? Kven er det som er ordet og kven er det som er ljoset? Det er Jesus, barnet i krybba som er det sanne ljoset og det sanne ordet. Det er han som skal tale for oss og det er han som skal gjøre livet lysare. Guds son var der som ein del av den treeinige gud heilt sidan verda blei til. Han var der ved skapningen og under skapningen. Men det er først i Jesus Kristus at han vart menneske. Gud vart menneske for å være oss nær for å være med oss.

Utan gud er det mørkt i verda. Når kvar og ein er ansvarleg berre overfor seg sjølv er det ingen vi må stå til ansvaret for. Når vi gløymer kor vi kjem i frå, kven som har skapt oss og kva vi er skapte til, då blir det mørkt i verda. Vi er skapte til å tene gud og medmenneska våre. Og han trenger tenesta vår for det er mørkt i verda. Verda vegrar seg mot å ta i mot gud. Den gjorde det denne gongen då  Jesus vart født og den gjer det frem til i dag. Gud passar ikkje inn i røynda vår. Han er for stort og han kan ikkjeforklarast. Ein gud som ynskjer seg at vi engasjerer oss for han, ein sånn gud er alt for krevjande.

Guds som kom til denne verda og verda klarte ikkje å ta imot han. Dei som tok imot han dei gav han eit håp, ein lovnad om eit betre liv.

Guds son, ordet, vart kjøt, vart menneske og telta iblant oss. Eg har med meg eit telt. Eit telt har både fordeler og ulemper. Ein av fordelane er at ein setje det opp nok så raskt og at det går an å slå det saman nesten like raske. Kor mange av dokke har erfaring med camping?

Når ein er på camping, då er ein gjerne på tur. Ein bur ikkje der fast. Ein slår ikkje rot. Ein er der mellombels, før ein drar vidare. Og skal ein bli der litt lengre så er det gjerne nokre folk der som møter ein på det beste.

Guds ord, Jesus Kristus telta berre blant oss. Det var berre nokre få år at Jesus fekk verke synleg her på jorda. Det var få som tok imot han. Dei fleste avviste eller ignorerte. Likevel feirar vi jul frem til i dag. Det at Jesus blei født blei ikkje gløymd fordi trua på barnet i krybba, trua på guds ord, trua på det sanna ljoset har klart å skape engasjement. Det har klart å engasjere menneske.

Det klarte å engasjere menneske som presten Josef Mohr, mannen som skreiv  ”Glade jul”.

Men kva gjer den med oss? Klarer den å engasjere oss, eller blir vi ståande att tause og likesele. Det er likesele som er den største fare for den kristne trua. Trua kan støvast ned i tradisjonar og kultur, men den kan også skape engasjement om den får sleppe til. Jesus er det sanne orde som kom til jorda, ikkje det sanne skriket, det sanne ljoset ikkje ein øydeleggande meteoritt. Jesus er ikkje den som tvingar seg på. Han ber oss om å bli med. Han brytar seg ikkje inn i husa våre men han teltar ute. Det er vi som må bestemme om han må bli der ute eller om vi slepp han inn i varmen. Det er vi som må gi han rom. Det er vi som bestemmer kor mykje av tida og engasjementet vårt han få.

Vi kan i alle fall ikkje skulde på evangeliet det klarer å skape engasjement og det klarer å engasjere alle. Men det er vi, kvar einskild av oss, som må gi rom for det. Josef Mohr kunne har tatt det valet som dei fleste kollegane hans gjorde: Eit rikt prestekall og eit behagleg liv der han berre gjorde det han måtte. Men gjorde ikkje det.  Han klarte ikkje å la være engasjementet sitt.

 

Det er berre nokre dagar som er att i dette året.  Og før ein går inn i det nye året er det ein god sikk å lage seg nokre nyttårsføresett: La trua engasjere deg: Korleis hadde det vært med å finne vegen til kyrkja og bedehuset litt oftare?  Med å lese ein heil bok i bibelen – det treng nok ikkje å være filemonbrevet? Korleis hadde det vært å bli med i ei alphagruppe som møtast ein gong for månaden. Det trengs ikkje meir en ein liten kontakt med Tom Christensen og så kan han finne ei gruppe for deg. Trua må levast.

Gud blei menneske for å være oss nær. Han ynskja å være oss nær og han ynskjer at vi lever denne trua som gjer oss til borna han ynskjer at vi lever trua at vi slepp han inn i livet vårt. Han ynsjer å engasjere oss. God JUL Amen