Drucken

Det er julaftan. Krybba er på plass, vi har høyrt juleevangeliet og vi har syngje dei første salmane.  Eg håper at de liker dei salmane som vi har satt opp. Men det kan nok hende at det saknar både den eine eller den andre julesongen som de er glad i og som de gjerne hadde hat med i dag. Det kan eg godt forstå.  Eg kjenner mange julesongar som eg er glad i men som ikkje finn plass her i dag. Nokre på grunn av tida og nokre fordi dei er på eit anna språk.

Ein av dei som har fått nye ord på ein gamal tone, kjem eg særleg i hug når eg står att ved krybba her. Difor har eg våga å setje den om til norsk og om eg er heldig kan den til å med syngjast på ein tone til Johann Sebastian Bach.

Ich steh an deiner Krippe hier,

oh Jesu du mein Leben.

Was habe ich, was bring ich dir,

das du mir hast gegeben?

Mein Geist so wirr, mein Mut so klein,

mein Herz ein schwerer Wackerstein,

wird dir nicht mehr gefallen.

 

Mein wacher Sinn hat sich beschränkt

aufs liebe Geldverdienen

Das Leben, das du mir geschenkt,

besteht nur aus Terminen.

Es fehlt ihm Leichtigkeit und Schwung,

und trotz Lebensversicherung

ist es geplagt von Ängsten.

 

Ich sehe dich mit Zweifeln an

und will mich von dir wenden.

Das Geld, das ich dir geben kann,

klebt fest an meinen Händen.

’ne kleine Spende bring ich dir,

dann ist’s Gewissen still in mir

und ich kann besser schlafen.

 

Ich lag in tiefer Todesnacht.

Kein Traum will mehr gelingen.

Hab Tür und Fenster zugemacht.

Der Mund kann nicht mehr singen.

Oh Gott des Lebens, hol mich raus!

Brich ein in dieses tote Haus

und mach es hell darinnen!

(Text: Gerhard Schöne)

 

Nå står eg her ved  krybba di,

Å Jesus du min kjære,

Eg jagar gjennom dagane,

Å gud kva skal gjøre?

Mitt hjerte tungt og motet små,

Tankene virr, det må nå gå,

Det skal du aldri like.

 

Tankane mine er så opptatt,

Av det å tene pengar,

I livet som eg fekk med deg,

Har eg meir enn eg trengar.

Det manglar glede, manglar sving,

Til tross for all forsikring,

Er det nok angst som plagar.

 

Eg ser på deg med all min tvil,

Held på å snu meg borte,

Dei pengar som eg kunne,

Ligg fast inne på kortet.

Ei lita gåve skal du få,

Slik kan eg stille sove nå,

Og samvettet er stille.

 

Eg var i døden djupe dal,

Der alle draumar bleiknar.

Og huset mitt det er avstengt,

Ingen å syngje vågar.

O livsens gud hent du meg fram,

Slik at igjen eg syngje kan,

Og det blir lyst i livet.

 (Tekst: Michael Hoffmann)

 

Nå står eg her ved krybba di å Jesus du min kjære. Eg rakk å kome på gudsteneste. Maten er så godt som klare, all handel er unnagjord og gåvene er på plass. Endeleg kan julefreda senke seg også over meg. Og så står den der: Krybba. Den er eit symbol for noko som skjedde for over 2000 år sidan. Men kva har det med meg å gjere? Kva angår det meg? Eg er døypt til namnet av dette barnet. Eg trur nok på han, men det er skjeldent eg finn vegen til gudstenesta. Det er så mykje anna eg skulle ha gjord. Og nå sitt eg i alle fall og der står krybba. Og det skal bli jul.

Det er sirka ti år sidan at eg fekk oppleve eit julefest som var litt annleis enn det  vi var vante med. På denne tida jobba eg som assistent for sjukehuspresten på eit stort sjukehus. Eg hadde blant anna ansvar for å besøke dei pasientane som låg på ei infeksjonsavdeling. Ein dag fekk eg beskjed om å besøkje ei jente som låg på isolat. Ho var asylsøkjarar og kom frå eit land langt, langt borte, ho var alvorleg sjuk og bortsett frå utlendingspolitiet og medisinsk personell var det  ingen som besøkte ho. Eg fekk nøye instruksjonar om hyggjene, mundbind, korleis eg skulle gå gjennom luftslusa og liknande. Jenta såg ut som elendigheita sjølv. Men etter kvart gjekk det betre og betre med ho. Vi tok ho med ut i byen og på kino. Vi viste ho livet – det var nå ingen som visste kor lenge ho fekk leve. Ho byrja med å være med på gudstenestene på sjukehuskapellet. Og etter ei stund fekk vi vite at ho ikkje var døypt og at ho ynskje å bli døypt på sjukehuskapellet.

Då vi skulle melde inn dåpen spurde vi også etter fødslesdatoen henna. Ho var født den 24. 12. og skulle fulle 18 år dette året. Denne dagen slapp ho å ligge på sjukehuset. Ho fekk være heim med oss. Vi var studentar begge to og ho visste ikkje kor det skulle bli av ho når ho slapp ut av sjukehuset. Så det vart ikkje dei store gåvene. Men tenk deg kor glad ho vart. Denne dagen sa ho seinare kjem ho aldri til å gløyme.

Oss alle har nok og meir enn nok mat på bordet. Vi har varme stuer og eit tak over hovudet. Dei fleste har familie og dei færraste er åleine på julaftan. Mange får meir gåver enn dei treng. Vi har det godt.

Men det er ikkje alle som har det slik. Mange har verken eit tak over hovudet, nok mat, familie eller gåver. Vi er tross alt privilegerte. Og då er det berre rimeleg at vi tar oss litt tid til å tenkje på dei som ikkje har det så godt.

Kyrkjelyden vår har eit misjonsprosjekt: Sosialt arbeid og særleg eit barneheim på Madagaskar. Der i storbyen Antsirabe er det mange foreldrelause barn. Nokre av dei har funnet eit heim i barneheimen Akanisoa , det gode håp. Borna der treng vår støtte. Ved utgangen ligg det eit ark med informasjon om prosjektet. Og om du er fornøgd med gåvene dine i kveld kan du kanskje gi noko vidare. Og om du vil vite korleis det går med borna på Madagaskar? Kom att når vi feirar borna sin misjonsdag.