Drucken

Tenk deg at har blitt såra. Tenkt deg at du har blitt såra ikkje med eit sår som det går an å fikse med eit plaster eller ei bandasje. Tenkt deg at du har blitt såra på sjela di. Nokon har sagt noko eller bestemt seg for noko som gjer deg vondt. Den har kanskje ikkje gjord det med vilje, men det har gjord deg vondt.

Nå tenk deg at du har såra nokon anna. Sikkert har du ikkje gjord det med vilje. Men du har gjord det. Du har såra nokon og du har lagt merke til at forholdet mellom deg og den du har såra har blitt eit anna. Det snakkar ikkje så mykje med kvarandre lengre, og det er ikkje same gleda når de møtast.  Og det gjer deg vondt med.  Og det er ikkje så enkelt å be om tilgiving og sjølv om ein be om forlating, så er det ikkje alltid at dette er nok. Men kor godt  er det når ein har snakka seg ut, når ein har rydda opp, nå ein har tilgitt kvarandre når varmen igjen klarer å trenge kulda bort. Når ein klarer å møte kvarandre igjen i kjærleik. Det er slik som om det tennast ved i omnen og varmen og ljoset spreiast gjennom heile huset  og såra blir lækja. Det finns eit ord for ei slik tilgjevande kjærleik. Dette ordet nåde.

Som menneske klarer vi ikkje å unngå at vi sårar andre eller gud, sjølv om vi skal prøve det og vi kan heller ikkje  unngå at vi blir såra. Vi er menneske, vi er det, og vi kan og skal prøve vårt beste men vi klarer det ikkje. I alle fall ikkje i denne røynda. Ennå har ikkje gud fullført gjerninga si i oss.
Men det er ein ting vi skulle klare: At vi prøver å møte kvarandre med nåde, nåde som tilgjevande kjærleik. Nåde er også det viktigaste ordet i dagens preike tekst og den står

Det står skrive i Paulus' brev til kyrkjelyden i Filippi i det 1. kapitlet:

Eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne - heilt til Jesu Kristi dag. Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

Slik lyder Herrens ord.

Gud er ikkje ferdig med oss. Han er ikkje ferdig med den gode gjerninga i oss, han har berre så vidt byrja med den. Men han er tolmodig med oss og han er nådig med oss. Og vi trenger hans nåde. Vi trenger nåde, vi er avhengige av den. Vi er avhengige av den både i samlivet med medmenneska våre og i forholdet til gud. Gud opplevast ikkje lengre så skummelt og farlig slik som i gamle dagar. I dagens Noreg er det lagd opp til at vi kan velje bort gud. Livet skal være livssynsnøytralt , al skal kunne forklarast og for mange går dette nok så bra. Det går bra heilt til vi møter grensene  i livet vårt. Det går bra heilt til vi oppdagar , at vi ikkje klarar å forklare og å kontrollere alt. Heil til vi oppdagar at vi er avhengig av guds nåde.

Er eg ærleg så innrømmer eg at eg ikkje klarer å leve heilt slik som gud ynskjer det. Det finns ting som eg sett for høgt. Eg tar meg for lite tid for gud og for mykje tid for andre ting. Eg er ofte for hissig og alt for lette til å krangle med. Eg er ein synder! Men sjølv om det kan finnast menneske som meinar at dei er ferdige med meg. Han er ikkje ferdig med ingen av oss. Ja,eg er ein synder og eg er avhenging av guds nåde.  Eg klarer ikkje å kontrollere alt i livet mitt. Eg må kunne stole på at gud berar meg. Eg må kunne stole på hans tilgjevande kjærleik, på hans nåde. Og gud er nådig. Han ser ikkje på alle feilane våre, på alle syndene våre. Gud ser på at vi kjem til han. Vi er ikkje rettferdige. Ingen av oss er heilt rettferdig. Men gud møter oss som rettferdige. Han møter oss med nåde, med sin tilgivande kjærleik fordi Jesus Kristus døde for oss. Gud møter oss med nåde, med tilgivande kjærleik og difor skal også vi møte kvarandre med nåde. Vi skal møte kvarandre med tilgivande kjærleik og ikkje som gjerningsmenn.

Vi skal nøte kvarandre med nåde. Sjølv om det kan være vanskeleg.

AMEN