Drucken

Det lukter god mat frå kjøkkenet er ikkje det  ei freisting? Det er ingenting som går forbi eit godt måltid eller eit sunnmørsk kakebord. Når eg ser noko slikt, då gløymer eg alle gode føresetnader med ein gong.

Eg gløymer til og med at vi er inne i fastetida. Men kva meiner eigentleg det å faste?

Eg har ein bite liten grand greie på data og difor slå eg opp i den nynorskeutgåva av leksikonet wikipedia og der står det: ”Faste vil seia å avstå frå all eller nokre typar mat ei viss tid, ofte av religiøse grunnar. Fastinga kan til dømes vera meint som ei botsøving eller ei tid for åndeleg fornying. Det kan òg finnast ulike reglar og ritual ein følgjer i samband med fasta.”

I bokmålsutgåva står det litt annleis: Faste er vanlig innen ulike religioner som en tid av refleksjon, bønn, åndelig fornyelse, rensende prosess, botgjøring med mer. Fasten skjer på ulike måter, men vanligvis avstår man fra mat og evt. drikke fra soloppgang til solnedgang. Fasten har ulik lengde, innhold og ritualer.

Særleg når det gjeld mat er det nok litt forskjell mellom desse to versjonane. Men det er nokre ting dei er einige om: Faste handlar om botsøvingar og åndeleg fornying. Og at det kan ha noko med mat å gjere. Åndeleg fornying det meinar at vi spør oss sjølve: Kva er det som styrer oss og tankane våre? Kva stelar tida i livet vårt? Kva plass har livet vårt?

Fastetida skal hjelpe oss med å finne gud på nytt. Slik som ein kompass i båtar må justerast på grunn av missvisningar og den vandrande magnetiske nordpolen må også vår indre kompas justerast med jamne mellomrom.

Jesus justerar sin indre kompass etter at han er døypt og før han trer frem i offentlegheita og kallar læresveinane sine:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 4. kapitlet:

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. Då kom freistaren til han og sa: "Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!" Jesus svara: "Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn."
Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: "Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:

Han skal gje englane sine påbod om deg,
og dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein."

Men Jesus svara: "Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve."
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa: "Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg." Då sa Jesus til han: "Gå frå meg, Satan! For det står skrive:

Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena."

Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

Slik lyder Herrens ord.

Jesus blir freista. Djevelen prøver å trekkje han over på si side og borte frå gud. Jesus får tilbod om å gå ein mykje meir behageleg veg. Gud far krevjar mykje av han. Vegen gjennom Galilea  og frem til Golgata, vegen frå ørkenen til Jerusalem blir tungt. Jesus, guds son veit at det er avvisning, liding og død som ventar på han. Og det er ikkje noko særleg freistande. Men han veit også at han må  gjennom alt dette for å vinne frem til oppstoda på påskemorgonen. Han klarer å stå i mot. Han er sterkare når han kjem att frå ørkenen. Han veit kva veg han skal gå og han er klare til gå. Han er ferdig med djevelen og klare for guds veg.

Korleis ser det ut med deg? Djevelen prøver seg også på deg. Kanskje ikkje like synleg som hos Jesus, men han prøver seg? Kva er det som trekjer deg borte frå Gud? Kva er det som stelar ressursane dine som du kunne bruke for gud? Kva er det som tar plass i tankane dine?

Er det god mat? Er det opplevingar? Ting som du berre må ha vært med? Er det pengar for lån og forbruk? Er det TVen? Er det datamaskina? Kva er freistingane dine? Kor får djevelen napp hjå deg?

Det ligg i vesenet vårt som menneske at vegane våre leiar oss borte frå gud. Vi er menneske og sidan Adam prøver vi å gå våre eigne vegar. Og det er desse vegane som leiar oss borte frå gud. Heldigvis  har vi lov til og snu. Heldigvis har vi lov til å kome att til gud. Uansett om det ligg ein heil avgrunn mellom oss og gud, mellom det gud ynskjer og det vi lever. Vi kan alltid kome att til han. Med sin død og si oppstode byggja Jesus ei bru for oss, ei bru direkte til gud. Og gud ventar på oss, han ventar på oss med opne armar. Som ein god far ventar han på oss. Og han gir oss mogleiken til ein ny start, ein ny start hjå han. Han gir oss denne mogleiken ikkje berre ein gong, han gir oss den om og om att. Men det er vi som må bruke den. Gud inviterar, han tvinger seg ikkje på oss, men han ber og han ventar.

Fastetida er ei tid for åndeleg fornying, ei tid til bøn og ettertanke. Og når eg ser meg rundt her så har dokke alle saman så mange som dokke kan be for. Og det er mange som treng forbøn.

Bruk faste tid til å sto imot freistingar og til å ta deg tid for gud! Det er mange du kan be for ! Lykke til!

AMEN