Drucken

Bibelen er guds ord. Bibelen er den tryggast kjelda for guds ord som vi har. I Mange tusen år har menneske skreve ned det dei har opplevd om gud og det han har sagt til dei. Difor kallar vi bibelen for guds ord. Det finns ingen bevis på det. Så du kan ikkje setje deg ned og telje og rekne og så blandar du saman forskjellege og så gjer det BAM og du har beviset: Bibelen er guds ord. Det er ikkje slikt det fungerar. Bibelen er guds ord ingen kan bevise det og ingen kan bevise det motsatt heller. 

Men eg har opplevd at gud snakkar med meg gjennom bibelen. Når eg les i bibelen kan det hende at eg forstår røynda på ein heilt anna måte og at eg ser verda i eit nytt lys.

 

Bibelen er i grunn heller ikkje eit bok den er eit heilt bibliotek. Kva delar har den? Kor mange bøker er det i dei enkelte delane?

 

 

Bibelen er guds ord og den er ein skatt. Difor seier Jesus at vi skal ta vare på den: Luk 11, 28 Jesu seier : «Sei heller: 'Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det'»

Det er viktig at vi veit kva gud ynskjer at vi skal gjøre og at vi tar vare på det han seier.

Her har eg eit bilete av ein man som fekk høyre guds ord nok så tydeleg. Kven kan dette være?

 

Gud  sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg!  2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!”  1 Mos 12,1-2

Og Abraham reise, husker dokke kor han reiste ifrå?

 

Kor ligg denne byen?

Og Abraham reiste heller ikkje åleine. Kven hadde han med seg?

 

 

Etter ei lang historie fekk dei to fekk seg ein son. Og gud prøvde kor lydig Abraham var mot han. Kva skjedde med Abraham og Isak?

 

Korleis gjekk det med dei to?

Alt dette var nok ikkje lett for Abraham, men han var lydig, han stola på Gud. Og gud tok vare på han i gode og tunge stunder. Abraham levde med gud og Gud ynskjer at også vi skal leve med han.

 

Eg klarer nok ikkje å fortelje heile bibelen til dokke men ein mann frå det gamle testamentet skal vi likevel sjå litt nærmare på:

 

Kven kunn dette være. Før han blie Konge var David ein enkel musikant og gjætergut. Han var eit ekte menneske, og han gjorde også ein del dumme ting:

 

Ser dokke kva han kikkar på? Veit dokke kva han tenkjer då? Denne kvinna må bli ein av konene mine. Og så sender han manne henna ut på eit militærisk oppdrag og reint tilfeldigvis kjenm ikkje manne att frå dette oppdraget og David får gifte seg med dama.

Men så får han besøk: Gud sender profeten Nathan for å snakke med David:

Nathan fortel om ei likning til David. Han fortel om ein rik man som har mange sauer, men då han får besøk tar frå naboen sin den einaste sauen som denne naboen har. David dømmer den rike mannen nok så strengt, han dømmer han til døden, men Nathan seier til han: Du er mannen. Og David skjønner kva han har gjord galt. Gud straffer han, men han får leve og han ber og tilgiving. Og retnok blir eit borna til David og denne kvinna konge etter  han.

 

 

Maria, mora til Jesus var ein av etterkomarane til David. Men det er gud som er faren til Jesus. Difor er Jesus gud. Han veit alt Gud veit men han kan også være menneska nær slik som eit ekte menneske.

Då Jesus levde  på jorda var det mange som ville være i nærleiken hans.  Nokre gjekk direkte frem til han, mens var litt meir forsiktig for eksempel fordi dei ikkje var så godt likt blant folka. Ein av dei klatra opp i eit tre. Kva heit han? Kvifor var han så dårleg likt? Kva sa Jesus til han? Kva gjorde han?

 

Dette var berre tre glimt av dei mange forteljingane som fins i bibelen. Gud ynskjer å vise deg vegen til eit godt liv med ordet sitt, med bibelen. Men det er du som må les sjølv.  Og difor skal i dag alle 5. Klassingane få sitt eige nytestamentet.  Men før dokke får det skal vi vise heile vandringa gjennom bibelen til kyrkjelyden.

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (090215.ppt)090215.ppt Michael Hoffmann1495 KB