Drucken

I gamle dagar før straumen, gassen og oljen kom fyrte folket opp med ved eller med torv som dei spadde på fjellet. Og det dei samla opp på fjellet, det måtte dei bære ned til husa sine. For det meste bar dei det på ryggen. Kan du tenkje deg kor deileg det var når dei kom  ned til huset og kunne leggje frå seg det alt det dei samla opp og bar på ryggen sin?  Endeleg kunne dei gå oppreist igjen.  Endeleg var fri igjen frå denne tyngda på ryggen. Endeleg kunne dei sjå seg rundt igjen.

Gudstenesta i dag er ein skriftemålsgudsteneste. Men kva meinar eigentleg det å skrifte?  Det å skrifte meinar å vedkjenne syndene sine. Det meinar leggje frå seg det som tyngjar oss. Alt det vi samlar opp i livet vårt, alt det som skapar avstand mellom oss og gud kan vi leggje frå oss og fram for gud.

Gud tillatar ikkje   syndene, han tilgir dei. Gud har gitt oss reglar om korleis vi skal leve slik at det ikkje blir avstand mellom oss og han og mellom oss og medmenneska våre. Han har gitt oss dei ti bod, han har gitt oss bergpreika og meir. Men eg klarer ikkje å leve dette heilt og fullt. Eg klarer ikkje heilt og fult å leve slik som gud ynskjer det. Eg er eit menneske. Eg ynskjer å gå  mine eigne vegar og slik blir avstanden mellom gud og meg større og større. Før eg har tenkt meg om er det ein heil avgrunn mellom meg og Gud. Eg klarer ikkje å kome meg over den. Og eg kjenner det tungt: Er det eg gjer guds vilje? Eller er det min eigen vilje? Kva er det gud ynskjer av meg? Kva er med dei avgjerslene som eg har tatt til tross for viljen hans?

Eg er eit menneske eg er avskilt frå gud med ein stor avgrunn. Eg klarer ikkje å kome meg over denne avgrunnen med mi eiga kraft. Heldigvis kan gud det. Han byggja ei bru over denne avgrunnen som vi kan bruke for å kome til han. Han sende sonen sin Jesus Kristus gjennom liding og død for å byggje ei bru over denne avgrunnen, for å slette ut syndene våre.

Jesus seier: Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. (Matt 5,17)

Lova gjeld framleis, om vi liker det eller ei. Men vi har Jesus Kristus. Han døde på korset for oss, for deg, for meg, for kvar og ein av oss. Med sin døde og si oppstode byggja han ei bru til gud. Vi kan bruke denne brua for å kome att til gud. Vi kan alltid kome at til gud for å setje frå oss det som tyngjar  oss og for å starte på nytt. Men vi må våge det. Og det er det som skjer i skriftemålet:

Vi får stadfesta nystarten, vi får tilsagt forlating for syndene slik som Jesus seier:

«Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.» Joh 20,21-23

Alle dei som vedkjenner syndene sine for Gud og som vil prøve å leve eit betre liv etter guds reglar skal få tilsagt forlatinga.

Jesus døde for å slette ut syndene våre, men det er vi som må våge å leggje dei fram for han.

AMEN