Drucken

Det står skrive i Paulus' fyrste brev til kyrkjelyden i Tessalonikai det 4. kapitlet:

De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. For dette er Guds vilje - dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, ikkje i sanseleg lyst som heidningane

, som ikkje kjenner Gud. Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.

Slik lyder Herrens ord.

 

Når ein les denne teksten så er det eit ord som stikker fram LYST. Og det at det er noko negativt sidan ein ikkje skal finne seg ei kone i ”sanseleg lyst”. Teksten kan difor veldig godt brukast til å vise kor kroppsfiendtleg kristendomen og bibelen er. Og så snakkar den om straff. Skal ikkje det blir ein sikkeleg dommedagspreike?

Eg kunne nok bruke teksten til å halde ei preike om seksualmoral og mot all lyst, men det hadde vært heilt feil. For eg trur det er ikkje det denne teksten handlar om. Den handlar om korleis vi møter kvarandre og korleis vi møter gud.

Korleis skal vi møte kvarandre? Vi skal møte kvarandre med kjærleik. Og kjærleik det er meir enn lyst og meir enn seksualitet. Å elske det er noko som først og fremst har noko med hjertet å gjer og ikkje med underlivet. Seksualitet høyrer nok heime i kjærleiken mellom mann og kvinne, i fast forhold og helst ekteskapet, men også der er det berre eit element. Og kjærleik er meir enn denne kjærleiken mellom mann og kvinne. Kjærleik er også broderleg kjærleik og kjærleik til borna sine. Eg elskar borna mine, av heile mitt hjerte og eg veit at gud elskar meg.

Vi er guds born og vi er elska av han. Og dette har ingenting med sex å gjer men alt med kjærleik. Kjærleik til kvarandre det er å ynskje kvarandre alt det beste. Det er å setje den andre på første plass fram for seg sjølv. Kjærleik det er å sjå det beste i den andre. Vi alle er guds barn og han møter kvar og ein av oss. Han ser ikkje på feilane våre, men Han ser på oss som sine barn og på det som Jesus Kristus gjorde for oss. Jesus Kristus, vår bror, guds son gjekk opp på korset for oss. For å slette ut alt det som vi misslykkast med alt det som går galt i livet vårt. Vi er frelst av nåde. Han ser ikkje lengre på syndene våre, men at vi er hans kjære barn. Han ser på oss med kjærleik og difor skal også vi møte kvarandre med kjærleik.

Det at vi trur på den treeinige gud gjer at vi er guds barn. Det gjer at vi får møte hanh med kjærleik. Det gjer at vi får møte han. Det er gåve. Denne kjærleiken er ingenting vi har fortent oss. Kjærleiken er ei gåve, ingenting vi kan opptene oss, men ei gåve som vi kan og skal dele vidare. Vi skal sjå det beste i kvarandre og dette er ei gåve, ei nåde.

Også det å finne den rette ektefellen er ei gåve. Det nytter ikkje berre å bli tent, for å lykkes  lag er det meir som må til, då må kjærleiken på plass. Og den kan ikkje tvingast frem, den kjem som ei gåve. Men særleg kjærleiken mellom mann og kvinne er også veldig sårbart, fordi det ligg så mykje i den. Det er i samlivet mellom man og kvinne at familien oppstår. Og den må vernast. Difor skal lysten ikkje være det som styrer oss men kjærleiken, som er så mykje meir.

Vi er heilag. Vi er guds barn og han her gjord oss heilag. Dei heilage det er dei som er kalla ut og gud har kalla oss ut til å leve i kjærleik til han og til kvarandre. Gud har gjord oss heilag og det kan bli synleg i gode gjerningar. Vi skal prøve å leve etter guds vilje så godt vi kan. Vi klarer det ikkje heilt, men vi skal prøve. Det er forskjell mellom tilgjeving av syndene og tillating av syndene.

Vi skal ikkje døme kvarandre, men elske kvarandre. Vi skal møte kvarandre i kjærleik, vi skal sjå det beste i kvarandre. Og vi har lov til å nyte lysten og seksualiteten med ektefellen vår, så lenge det ikkje er det einaste som styrer oss. For også der gjeld det å sjå den andre først og så seg sjølv også der. AMEN