Drucken

Truvedkjenninga er noko som konfirmantane må kunne utan att. Men kan du den framleis? Du kan nå i alle fall prøve deg på den:

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,

som skapte himmel og jord.

 

Eg trur på Jesus Kristus,

Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande,

ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evige liv.
Amen.

 

Det er denne truvedkjenninga vi bruker mest i Noreg, men den er neppe den einaste og neppe den eldste. Truvedkjenninga som vi bruker blir kalla den apostoliske truvedkjenning og oppstå som ein del av dåpsritualet på 400tallet. På latin fekk den sin endelege ordlyd på 800tallet. Men det finns truvedkjenningar som er eit godt stykke eldre. Den nikeniske truvedkjenninga ble formulert på 300tallet og er framleis den som er mest brukt i den ortodokse kyrkja. Den eldste kristne og kanskje enklaste truvedkjenninga finn vi i det nye testamentet:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 16. kapitlet:

Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: "Kven seier folk at Menneskesonen er?" Dei svara: "Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane." "Og de," spurde han, "kven seier de at eg er?" Då svara Simon Peter: "Du er Messias, den levande Guds Son." Jesus tok til ords og sa: "Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen." Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.

Slik lyder Herrens ord.

 

”Du er Messias den levande Guds son!” Dette er truvedkjenninga til Peter, men kvifor treng vi eigentleg ei truvedkjenning?

Ei truvedkjenninga er svaret på eit spørsmål: Kva trur du på?

Kva trur du på? I 2000 år har folk i heile verda prøvd formulere kva de trur på. Frå forskjellige vinklingar blei det spurt om korleis trua på Jesus Kristus er å forstå. Og i forskjellige tidar har ein prøvd å finne forskjellige svar på det. Særleg i tider og på stader der det ikkje er heilt ufarleg å vedkjenne trua si er det godt å kunne stå i lag og å være einig. Då er det godt  å ha det fellesskapet som oppstår når ein einig.  Kyrkja er fellesskapet av alle dei som trur på Jesus Kristus.

Nokre truvedkjenningar har vist seg til å være slitesterke, slik som den som apostoliske.

Kva trur du på? Ville du svare på dette spørsmålet med heile. ”Eg trur på Gud fader …” Eller klarer du å stå fram med trua di med dine eigne ord? Klarer du å stå fram med trua di? Er truvedkjenninga di: ”Eg tur på Gud, Jesus Kristus og det evige livet, men det er ikkje eg som skal snakke om det!”? Korleis ville du formulere truvedkjenninga di? Har du ei formulering? Send den til meg! Eg gler meg!

God helg! Michael Hoffmann, 6290 Haramsøy