Drucken

Eit glimt frå nyheitene denne veka:

Iran utsetter henrettelser

 

Iran utsetter henrettelsen av to unge dødsdømte som var mindreårige da forbrytelsen de er dømt for ble begått.

Av NTB Publisert  10.06.2008 - 20:33 Oppdatert 11.06.2008 - 07:33

Menneskerettsaktivister oppfordrer til skjerpet press mot Iran for å få landet til å stoppe praksisen med henrettelse av mindreårige.

Domstolsmyndigheten i Iran har gått med på én måneds utsettelse av henrettelsen av de to guttene Mohammad Fadaie og Behnoud Shojaie, som er dømt til døden for drap de begikk da de var 17 år, melder studentenes nyhetsbyrå ISNA.

De to har fått en ekstra nådefrist for å prøve å komme til enighet med ofrenes familier, sier en talsmann for påtalemyndigheten til AFP. Etter iransk lov kan de dreptes pårørende redde drapsmannen fra henrettelse ved å godta blodpenger som kompensasjon.

FN-kritikk. De to mindreårige var ifølge flere iranske kilder blant elleve personer som skal henges i Evin-fengselet i Teheran tidlig onsdag morgen. Ifølge nettstedet iranhr.net er det også en tredje mindreårig blant de elleve.

– Henrettelsen ble utsatt fordi det viste seg at advokatene hans var svindlere, sier menneskerettsaktivisten Mahmood Amiry-Moghaddam som selv har iransk bakgrunn til NTB.

Ville ikke revurdere. – De hadde ingen utdannelse, de var rett og slett ikke jurister, sier Amiry-Moghaddam. Dette forholdet ble tatt opp i et brev til iransk høyesterett, men domstolen ville ikke revurdere dødsdommen mot Fadaei, tilføyer han.

– Det ble gjort både formelle feil i saksbehandlingen og begått direkte overgrep mot dem som nå skal henrettes, framholder Amiry-Moghaddam videre. De ble slått, sparket og hengt opp etter beina til de skrev under på såkalte tilståelser, sier menneskerettsaktivisten.

Barn kan dømmes. – Men i Iran kan det avsies dødsdommer mot gutter ned i 15 års og jenter helt ned ni års alder, sier Mahmood Amiry-Moghaddam. Han tilføyer at norsk næringsliv på bakgrunn av dette bør revurdere sine engasjementer i Iran.

– Det er blitt enda viktigere at hele verdenssamfunnet trapper opp presset mot Iran. Tallene er ikke sikre, men mye tyder på at minst 90 mindreårige sitter på landets dødsceller og venter på å bli henrettet, framholder menneskerettsaktivisten.

For å avrette folk bruker ein i Iran ikkje berre henging men også steining. Frå leksikonet mitt:

Steining er ein avrettingsmetode der det vert kasta stein på den dømde til han døyr. Iran er det einaste landet i verda der metoden blir brukt som offisiell avstraffing, men steining blir òg nytta i samband med sjølvjustis i andre land. Steining er føreskriven i Bibelen og er òg ein tradisjonell avrettingsmåte i mange muslimske land.

Normalt skjer steining ved at ei folkemengd kastar stein på den dømde. Steinane skal vera store nok til å gjera skade, men ikkje så store at dei fører til tap av medvitet eller død med eitt treff. Avrettingsmåten kan derfor ta lang tid og er svært smertefull. I nokre tilfelle skjer døden ved kveling fordi den dømde er dekka med stein og så svekka at pusteorgana ikkje er sterke nok til å trekka inn luft.

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 8. kapitlet:

Tidleg om morgonen dagen etter kom Jesus til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram og sa: "Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?" Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.
Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: "Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne." Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. Då rette han seg opp og sa: "Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?" "Nei, Herre, ingen," svara ho. Då sa Jesus: "Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!"

Slik lyder Herrens ord.

Eit grunntrekk, kanskje det viktigaste i den kristne trua er nåde. Vi er frelst av nåde. Vi alle er syndarar i livet til kvar einskild av oss er ein avgrunn mellom gud og oss. Og vi klarer ikkje å kome over denne avgrunnen. Synda det er denne avgrunnen dette veldige sundet mellom gud og oss. Vi trenger ei bru for å kome oss over denne avgrunnen. Og denne brua er Jesus Kristus og dauden hans på korset.

Syndene våre er tilgjevne , ikkje fordi alle skal være likestilte , men av nåde. Jesus Kristus gav blodet sitt for å tilgi syndene våre ikkje for å tillate dei.

Matt 5,17-18 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.

Syndene er tilgjevne ikkje tillate.  Jesus seier til kvinna: ” Gå bort og synda ikkje meir!”  seier han til kvinna og det gjeld også oss. Vi veit at vi ikkje klarer heilt syndefritt, men vi skal i alle fall ikkje slutte med å prøve. Ekteskapsbrot er ikkje bra, det øydelegg familiar og skapar liding, det kan eg sjølv være vitne for. Uansett kav politikarar vedtar. Guds ord står der. Han har laga gode reglar for samlivet vårt her på jorda og velsigna samlivet mellom mann og kvinne. Vi er innbyggarar av dette herlege landet, men vi er også ein del av Jesu Kristi kyrkje: Guds folk på jorda og det er difor Peters ord frå Apg 5:29 gjeld for oss: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske! >>.

”Gå bort og synda ikkje meir!" seier gud til oss og vi skal prøve det så godt vi kan. Og til dette høyrar det med at vi er forsiktige med å døme og at vi er nådige. At vi prøver å dele denne nåden som vi som syndarar møter ved vår herre Jesus Kristus. Jesus tilgir oss og difor skal vi også tilgi kvarandre. Han gir oss mogleiken til ein ny start om og om igjen. Ei mogleik som desse gutane i Iran vel aldri får. Lat oss møte kvarandre som syndarar i nåde, dei du er glad i og dei du ikkje er glad i.