Drucken

I går var det askeonsdag, byrginga på fastetida. Dette er ein dag i kyrkjeåret vårt som er nest gløymd. Kva er det du tenkjer på når du høyrer ordet faste?

Er det meir fastelavnsbolle eller heller slankekur? For dei fleste har fast i alle fall noko med mat å gjøre.

Men kva ligg eigentleg i det å faste? I eit leksikon står det: ”Faste er vanlig innen ulike religioner som en tid av refleksjon, bønn, åndelig fornyelse, rensende prosess, botgjøring med mer.”.

For meg er faste dette: Eg rydda plass i klesskapet mitt. Faste er reinsing. Det er å skaffe plass for noko nytt. Fastetida meiner difor ikkje mindre, men meir. Det handla om meir, om å få plass igjen for meir og nye ting. Fastetida handlar ikkje om å slutte med å ete, men om å begynne med noko nytt.

Også Jesus fasta før han blei døypt:

Luk 4,1-13 Fylt av Den heilage ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han omkring i førti dagar i øydemarka, der han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingenting, og då dagane var til ende, tok svolten han. Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal bli til brød.» Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»

Då førte djevelen han høgt opp og synte han i ein augneblink alle rika i verda og sa: «Eg vil gje deg makt over alle desse rika og all deira herlegdom. For makta er lagd i mi hand, og eg gjev henne til kven eg vil. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.» Då svara Jesus: «Det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»

Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om å verna deg. Og: Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

Då djevelen slik hadde freista han på alle vis, heldt han seg borte frå Jesus ei tid.

 

Bortset frå episoden i templet har Jesus ikkje stått fram offentleg. Han var en nesten vanleg gut og ung mann. Nå drar han ut i ørkenen. Han skal rydde plass. Han skal rydde plass i tankane sine. Plass for gud. Han går ut i ørkenen for å møte freistaren. Han ynskjer å motstå dei freistingane som møter han for å få plass for oppdraget sitt: utsoning mellom gud og menneska. Ein ny veg frå menneska til gud.

Det er mykje som vi berar med oss som skapar avstand mellom gud og oss. Når eg ser meg rundt her er ikkje mat noko av det for ingen av dykk. Tvert i mot for mange hadde blitt eit stort problem om ikkje dei fortsett å ete sikkeleg.

Faste i dag og for oss det meiner å skaffe plass for gud og det kan vi gjer mange forskjellige måtar: I tankane våre, i kleskapet vårt, med å ringe til folk som vi ikkje har snakka med i evigheitar, å helse på kvarandre, med å be, med å setje ord på ting, stille klokkene mine, ta seg ein sikkeleg badedag med kos i badekaret, rydde opp i foto, brev og skrivebordet. Det er mykje vi kan gjer for å skaffe plass i tankane våre. Fast! Skaff plass for gud og for han som døde på korset for oss – for Jesus Kristus!

Amen