Drucken

Då eg besøkte 5.-klassingane på skulen snakka med ein dag om det gamle testamentet og om mykje som blir fortalt om der. Vi snakka om gud sin historie med Israelsfolket og om Abraham, Lot, Isak, Esau, Josef, Ismael, Jakob, Moses, Josva, David, Saul, Samuel, Salomo – ein masse viktige gamle karer.

Den andre dagen snakka vi om det nye testamentet og det er fire karer som har skreve ned den største parten den, men sjølv om dei er fire og har fire forskjellige synsvinklar er det likevel ein og den same bodskapen dei fortel om. Husker dokke kva vi kallar dess karane for og kva som er bodskapen dei fortel om ?

 

Jesus Kristus, er menneske og vår frelsar. Han blei menneske for å være oss nær, for å opne ein ny veg frå oss til gud og for å leie og forandre oss.

Allereie då Jesus var på Jorda forandra han folk. Og eg har lyst til sjå i lag med dokke kva han gjorde med menneske.

 

Kven er desse ? Kva gjorde dei?  Kva gjorde Jesus med dei? Kvifor har dei dette teiknet over hovudet sitt? Kva dag er dette skjedde?

Han kallar folk og han sender dei ut som sine sendebud.

 

 

Kva er det som er med denne mannen? Kva er spesielt med han? Husker dokke in blind frå bibelen? Kva heit han? Kva gjorde Jesus med han?

 

Han får oss til å sjå ting.

 

 

 

 

 

Kva gjer denne mannen? Kvifor sitt han der oppe? Kva sa Jesus til han? Kva heit han?

 

 

Han hentar oss til seg.

 

 

Kven kunne desse menn her på bilete være?  Husker dokke kva han heit? Kva gjorde Jesus med han?

 

 

Han skal vekke oss opp frå dei døde.

Her veit dokke nok med ein gong kven dette er. Det var nok ikkje alltid han var så glad. Han fekk møte gud på ein sikkeleg skummel måte. Husker dokke korleis han møte gud?

Kva sende Jesus han på ?

 

Jesus ynskjer å vende oss om igjen og i igjen, og er bruke oss som sine sendebund til å fortelje om han.

 

Men dokke må nå ha utstyr. Dokke må nå vite kva dokke skal fortelje om Jesus. Og det er difor skal kvar og ei av dyk få sitt eige nytestamentet.

 

Og nå skal eg sende dokke ut igjen med å lese dei orda som Jesus brukte til å sende ut disiplane sine.

Matt 28, 19-20: Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

 

 

 

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (080120 longva.ppt)080120 longva.ppt Michael Hoffmann636 KB