Drucken

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 1. kapitlet:

Ein engel frå Herren synte seg for Josef i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

Slik lyder Herrens ord.

 

Det første eg kjenner når eg les denne teksten her på Fjørtofta er eit sakn. Eg saknar borna. Det er akt for lenge sidan vi døypte det siste barnet frå Fjørtofta. Og hadde det ikkje vert ho Terese hadde det vært ennå lengre.

Det er ikkje så enkelt å sjå i framtida når ein berre ser litt att i tida. Tre av fire butikkar på Haramsøy har stengt berre sidan eg kom. Vi hadde store og fantastiske konfirmantkull på Fjørtofta og nå står heile skulen i fare og sjølv om det ikkje blir nedlegging i denne omgang, blir det likevel snart ei biologisk løysing.

Denne jula har for meg vært prega av sakn: På hausten gravla eg ei ung mor og i adventtida mista to born begge foreldra sine på ein dag. Eg sjølv venta kvar einaste dag frå nyhetar frå Gaza om at ein venn som er som ein bror for meg har fått utreise til Noreg. Men har var ikkje der. Og rett før jula døde også faren hans.

Kjenslene mine var denne jula spesielt med alle dei som har mista ein av sine kjære, med dei som har ein tom stol ved bordet. Eg tenkjer særleg på dei som måtte gravleggje ein av sine her på Fjørtofta. Og eg vil tenne eit lys for dei. Eg minnast:

 

 

08.01.2007 AASA BORGNY FJØRTOFT

21.02.2007 MALVIN JOHAN OTTERLEI

18.03.2007 KJELLAUG FJØRTOFT

18.10.2007 LAURITS OTTERLEI

07.12.2007 INGEBORG HELMINE OTTERLEI

 

Eg skal tenne ennå eit lys for dei her som har mista ein av sine andre plassar.

Vi tenner lys for å minne oss om kven som er lyset for verda: Jesus Kristus. I dette barnet blei gud menneske for å være oss nær. Dette barnet skulle frelse oss, skulle opne ein ny veg frå oss til gud. I han ynskjer gud å møte oss.

Det å bli med Maria var jammen ikkje lett for Josef, men han klarte det. Han la skjebnen sin i guds hender og gjorde som engelen hadde sagt.

Å tenne lys er eit teikn for håp. Det eit teikn for håpet som ligg i han som er det sanne lyset: Jesus Kristus og det at vi gir oss i hans hender. Og difor har eg lyst til å tenne ennå eit lys. Dette lyset er for denne øya. Eg vil leggje Fjørtofta og alt det som skjer her i det nye året i Herrens hender. Eg vil ikkje gi opp, det er så kjekke folk og ei kjekke øy her ute i havgapet, men eg veit ikkje kva eg og kva vi kan gjer. Eg kjenner meg avmektig og det einaste eg veit er å leggje alt i guds hender.

Vi menneske liker å styre ting sjølv. Det er ikkje enkelt å overlate ting til han som skal være Herren og broren vår: Jesus Kristus. Vi skal ikkje være passive, men vi skal overlate styringa til han. Dette er nok så vanskeleg særleg når ein er så pass utalmodig som eg. Det har i det siste vært ei hard leksjon for meg, om det å overlate styringa til han, og kanskje er eg ennå ikkje heilt ferdig me den.

Men vi klarer ikkje å styre alt. Vi ber ”lat viljen din råda på jorda så som i himmelen”. Og vi skal overlate styringa til vår Herre.

 

Lat oss be:

Herre det er mange ting vi er bekymra for. Særleg framtida for denne øya bekymrar oss. Herre dette er for stort for oss. Vi ber ”lat viljen din råda på jorda så som i himmelen” og det meiner vi: Ta vare på Fjørtofta, alle som bur her og er her, gjev øya ei framtid og ei von, du som er vegen sanninga og livet.

AMEN