Drucken

Har de høyrt det … Han og ho … eit ord går frå mund til mund. Eit rykte sprer seg. Ordet som går er ikkje alltid sant.

Men noko sant er nok i det – sikkert! Men uansett om orda er sant eller ikkje, dei klarer å såre – å såre nok så dypt. Samstundes treng vi orda. Vi treng orda til å kommunisere, til å setje ord på ting, til å kome kvarandre nær. Vi treng ordet å kome i kontakt med kvarandre, for å skape fellesskap. Utan ord er det ingenting som blir til også gud brukte ord då han skapte verda: 1 Mos 1:3 ” Då sa Gud: "Det verte ljos!" Så vart det ljos.  ” Og sjølv om ord også kan misbrukast er det ved dei at ting byrjar å bli til.

Dagens evangelietekst liknar litt på skapningsforteljinga, men den handlar om det sanne ordet som blei til. Den handlar om barnet som blei født i Betlehem:

 

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

I opphavet var Ordet,

Ordet var hos Gud,

og Ordet var Gud.

Han var i opphavet hos Gud.

Alt vart til ved han,

og utan han vart ikkje noko til.

Det som vart til i han, var liv,

og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret,

og mørkret har ikkje overvunne det.

[Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.]

Det sanne lyset

som lyser for kvart menneske,

kom no til verda.

Han var i verda,

og verda vart til ved han,

og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige,

og hans eigne tok ikkje imot han.

Men alle som tok imot han,

dei gav han rett til å bli Guds born,

dei som trur på namnet hans.

Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,

ikkje av menneskevilje

og ikkje av manns vilje,

men av Gud.

Og Ordet vart menneske

og tok bustad mellom oss.

Og vi såg hans herlegdom,

ein herlegdom som den einborne Sonen

har frå Far sin,

full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

Eit ord om ord og om lys det er godt å høyre i desse mørke dagar. Jesus Kristus barnet som blei født i stallen i Betlehem er guds son. Han er ordet og det sanne lyset. Kvifor kom ikkje gud på jorda som ein stor å mektig konge, slik som jødane forventa? Kvifor kom gud til jorda som eit barn i ei krybbe?

Gud blei menneske i Jesus Kristus i eit lite barn i stallen i Betlehem for å være oss nær. Han kom til oss som eit barn for kommunisere med oss på ein heilt ny måte, for å opne ein ny veg mellom gud og menneska.

Jesus Kristus var ordet som tok bustad mellom oss. På gresk heiter det at ordet telta mellom oss. Jesus kom for å få til eit nytt fellesskap blant menneska og mellom menneska og gud. Ordet skapte kyrkja ikkje som bygning men som fellesskap. Eit fellesskap der ein skal lytte på ordet, på guds ord og på kvarandre. Eit fellesskap der ein klarer å setje ord på ting utan å såre kvarandre. Men diverre er vi berre menneske og ikkje han som blei født i Betlehem. Diverre er vi berre menneske. Og det er difor vera vårt er så mørkt som den er.  Vi klarer ikkje å lyse opp vår mørke verd – ikkje med vindmøller, ikkje med gasskraftverk og ikkje med alle gatelys som finns. Det er mørkret i hjarta våre som må lysast opp først.

Og det er alt for mange fordommar, alt for mykje bitterheit, alt for mange sår alt for mykje mørkret der inne i oss.

Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.

Det var berre nokre få som tok i mot Jesus denne gongen. Han det sanne lyset som lyser for kvart menneske. Han er den einaste som klarer å lyse opp hjarta vår. Og det er ikkje enkelt å ta i mot Jesus i dag heller, men det lønner seg å sleppe han inn igjen og igjen for å lyset opp hjarta våre. Og det er nok mykje enklare å sleppe eit lite barn, ein liten gut inn hjartet mitt enn ein stor voksen konge. Opne hjarte ditt. Ta imot barnet som blei født i Betlehem, som er guds son vår frelsar! Vi har mykje å vinne på å ta imot han og å setje han og hans vilje på første plass fram for vår eigen vilje. Og viljen hans den får vi vite i ordet hans og i bøn til han. Det lønner seg å opne hjarte sit for han og å våge ein ny start med han og med medmenneska våre:

Men alle som tok imot han,

dei gav han rett til å bli Guds born,

dei som trur på namnet hans.

Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,

ikkje av menneskevilje

og ikkje av manns vilje,

men av Gud.

AMEN