Drucken

Eg liker å få gjester. Eg liker å ha huset full av folk. Vanleg vis er det oss som inviterar og vanlegvis har vi rikeleg med mat i huset. Og vi liker å lage mat til alle dei som kjem på besøk. Det er kjekt nå besøket kjem, men uansett kor glade vi er i dei som kjem og hjerteleg vi inviterte dei – etter ei kortare eller lengre stund er det også kjekt når dei reiser igjen og livet kjem att til det vanlege.

Det er kjekt å få besøk som ein har invitert, men det er ikkje alltid slik når ein får besøk som ein ikkje har bedt om. Likevel kan det være bra å ta imot dei som banker på døra. Det fortel dagens preiketekst om:

 

Det står skrive Fyrste Kongebok i det 17. kapitlet:

Medan det var ei stor turke, kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: "Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg."
Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: "Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!" Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: "Ta med deg eit stykke brød til meg òg!" Ho svara: "Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy." Elia sa til henne: "Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda."
Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar. Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

Slik lyder Herrens ord.

 

Det er turket i landet. Det første året trudde dei nok at var forbigåande. Matprisane steig litt i starten, men det gjekk greitt. Dei byrja å be til baal guden som Isebel kona til kong Ahab hadde tatt med seg få Sidon. Han skulle som gud være ansvarleg for vær og regnet. Så det skulle nok gå bra om dei berre ba litt til han.

Men det blei ikkje slik også det andre året venta dei på regn, men den kom ikkje. Dei første byrja å kjenne svolten. Dei som kunne såg etter arbeid utanfor landet. Og mange klarte ikkje lengre å skaffe seg nok mat til å mette familien. Dei snakka ikkje så mykje om klimaforandring og utslippskutt denne gongen, dei snakka om korleis det gjekk med dei svakaste: Enkene og dei foreldrelause borna. Alle er redde for at det skal kome ennå eit år med tørke. Men det blir slik.

Det er få som framleis held seg til den levande gud. Det er få som framleis held seg til Jahwe Israels gud. Og gud er sint, han er sint på Kongen og kona hans og alle dei andre som ber til baal. Det er difor det er turke, men dei vill ikkje vende om til han. Kongen ynskjer eit større, rikare og mektigare land og det er ikkje minst difor han har gifta seg med ein prinsesse frå sidon. Men når alt dette er viktigare enn den levande gud, då kjører han landet rett i grøfta.

Vi kjenner gud som ein kjærleg og snill far. Ein far som ynskjer det bestefor borna sine. Men han er ikkje berre snill og grei han kan også være krevjande og sint. Frykteleg sint.  Det er ikkje mykje an krev av oss. Det han krev av oss er at vi trur på han og at vi tilber han. Vi skal tilbe han og ikkje pengane, makt eller det gode livet. Han er ikkje kjærleg mot alle og vi kan heller ikkje love noko evig liv til alle. Det som må til er trua. Trua på han, den treeinige gud som gjekk gjennom liding død og grav for oss.

” For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” heiter det .

Men trur vi på han kan vi stole på han og hans nåde. Trur vi på han kan vi stole på at han tar vare på oss. Han tar vare på oss slik som han tok vare på profeten Eila og enken i Sarepta.

Eg kan nok tenkje meg kor skeptiske ho då profeten kom. Og likevel gav ho han alt det dei hadde til å leve av. Ho gav han ikkje av overfloda, slik som vi kan gjer det. Ho gav han alt det ho og sonen trengte for å kunne overleve ei stund til. Ho har ikkje invitert han, men ho tar imot han. Ho gir han alt ho har. Gud tar vare på dei alle tre. Dei held seg til den levande gud og Gud tar vare på dei. Gud tar vare på oss. Ikkje fordi vi har fortent det, men fordi han er nådig mot alle dei som trur på han. Gud er nådig og tar vare på oss og det skal være ei utfordring for oss til å ta vare medmenneska våre og til å være nådig mot dei som lever i lag med oss. Vi alle er menneskje med våre feil, vi alle er syndarar men gud er nådig mot kvar einskilt av oss. Vi kan våge å stole på han slik som Elia og enkja gjorde det og vi kan gi oss i hans hender. Han tar vare på alle dei som trur på han. Amen