Drucken

Eg har ei bestemor som eg er svært glad i.  Slik er det vel med dei fleste barneborna. Men det er noko spesielt med bestemora mi frå Böhmen: I ei vanskeleg situasjon i familien vår fekk eg bu med ho i eit halvt år og ho er tunghørt sidan ho var sjuk som jente.

Eg og bestemora mi vi har eit spesielt forhold til kvarandre, kanskje også fordi eg har ei såpass høg stemme og ho har aldri vanskar i å forstå meg.

Det har sine fordeler å være tunghørt når det er høgt ute og ein skal sove, men for det meste er det nesten berre ulemper.

Eg veit ikkje korleis det er med dykk. Heldigvis har ikkje hørslene mine svikta meg ennå. Men frå bestemora mi og frå den første tida då eg lærte meg norsk veit eg litt om korleis det er: Ein er avhengig av å sjå munda til den ein snakkar .med. Ein klare ikkje å henge med i alle samtaler , ein sitt lit på sidelinja. Ein kjem ofte ikkje heilt inn i varmen, i alle fall om ein ikkje har gode høyreapparat. Dagens preiketekst fortel om ein som står på sidelinja og som får hjelp av Jesus:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Markus i det 7. kapitlet:

Sidan drog Jesus bort att frå landet kring Tyrus. Han tok vegen gjennom Sidon og Dekapolis-landet og kom til Galilea-sjøen. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Så stakk han fingrane sine i øyro hans, vætte tunga hans med spytt, såg opp mot himmelen, sukka og sa til han: "Effata!" - det tyder: "Lat deg opp!" Då vart øyro hans opplatne, og tunga vart løyst så han tala klårt. Jesus forbaud dei å seia det til nokon; men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: "Han har gjort alle ting vel. Han får døve til å høyra og mållause til å tala."

Slik lyder Herrens ord.

 

Jesus hjelper mannen. Han tar han med seg, opnar øyrene og løyser tunga. Han tar seg tid for han. Mannen får att ein av sansane sine.

Vi klarer å sjå, vi klarer å lytte, vi klarer å kjenne, vi klarer å lukte, vi klarer å smake og vi klarer å halde balansen. Vi legg ikkje så mykje merke til korleis vi bruker sansane våre, det er først når ein av dei svikter oss at vi legg merke til det.

Når ein av sansane svikter kan livet lett kome ut av balansen.

Vi veit ikkje kor lenge manen var døv, men sidan han har vanskar  å snakke kan det nok være slik at han har vært døv sidan han var eit barn. Og nå kjem Jesus. Han tar seg ti til han han snakkar med han. Han gjer han frisk, han opnar øyrene  og lausnar tunga. Livet hans får ein ny kvalitet. Han får høyre kva som skjer rundt han. Han får høyre og han får snakke. Han er ikkje lengre isolert. Han står ikkje lengre ved sidelinja, han er ein del av fellesskap. Som kyrkje, som fellesskap av dei som trur på Jesus Kristus, har vi ei oppgåve i det å passe på at ingen hamnar på sidelinja som ikkje bevisst har passer seg sjølv der. . Vi skal passe på at vi inkluderar alle dei som ynskjer det.

Og samstundes håper eg at Jesus også klarer å opne øyrane våre og å løyse tungane våre. Slik at vi får høyre hans ord. Slik at vi får høyre om undrene hans. Slik at vi får høyre at han er guds son og at han døyde på korset for oss. Ein kan prøve å forklare dette, ein prøve å forstå dette. Men undrene kan og skal i grunn ikkje bli forklart. Og det er heilt umogleg å forstå kvifor Jesus gjekk opp på korset for oss. Men vi kan lære noko av borna, barneborna eller oldeborna våre: Nemleg å berre tru det. Sjølv om dette er vanskeleg i verda vår der alt skal forklarast og alt skal forstå alt: Jesus Kristus døde for oss og han er oppstanden for oss. Difor skal også vi stå opp att. Dette er sanninga som Jesus skal opna øyrane våre til å høyre. Og så skal han løyse tungane våre slik at vi klarer å fortelje andre om det. Det er alt for mange som vender seg bort frå trua fordi dei ikkje klarer å forstå. Men det er ikkje alt vi skal forstå. Kven klarer å forstå kjærleiken? Kven klarer å forstå kvifor gud elska oss så mykje?

Så vi skal bruke sansane våre til å ta imot den glade bodskapen og vi skal bruke tungane våre til å bære den vidare.

AMEN