Drucken

”Du har talent.”  Kven liker ikkje å høyre det, i alle fall når ein er litt yngre. Det er nok meir vanskeleg når du er kome litt opp i åra og framleis er eit talent.

Kva ligg eigentleg i det å være eit talent eller å ha talent?

Eit talent blei i starten brukt i Babylon til å måle vekta. Ei talent  tilsvarte vekta av vatne i ein kubikkfot dvs. avhengig av kor du veia eit talent mellom 20 og 36 kilogram.

Seinare blei det brukt for greske  mynter. Eit talent tilsvarte 60 mine og med dette 6000 drakme som igjen var 36 000 obol. For eit talent kunne du kjøpe eit heilt stort segeskip eller 20 slavar.

Eigde du eit eller fleire talent var du rik og hadde mykje å gi. Uttrykket er i dag brukt med ei overført tyding , nemlig om spesielle personlige, medfødde evner for eksempel kunstnariske, intellektuelle eller sportslige. Har du talent er du rik å ha mykje å gi. Det at vi i dag snakkar  om talentar når vi snakkar om evner, om gåver som vi fekk med oss ved fødselen, det at vi bruker talent om gåver som vi har fått frå gud har sikkert også sin bakgrunn i sundagens preiketekst.

Preiketekst: Matt 25:14-30

Jesus sa: Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent - etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.
Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: "Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til." Då sa husbonden til han: "Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!"
Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: "Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til." "Det var rett, du gode og trugne tenar!" svara husbonden. "Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!"
Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: "Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt." Då sa husbonden til han: "Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner."

Gud har skapt oss i mors liv og han har utstyrt oss med spesielle talent, med spesielle gåver. Kvar og ein av oss har talent til eit eller fleire ting. Heldigvis er det ikkje alle som har talent til same men det finnes mange forskjellige talentar. Tenkt deg berre at alle hadde talent til å snekre om berre ei lita stund hadde vi ikkje eit einaste tre lengre i landet eller alt for mange måtte la talentet sitt være ubrukt. Det finns mange talentar blant folket og alt for mange av dei er ubrukte. Du har talent. Det er eit eller anna du er verkeleg flinkt på. Vi har fått talentane ikkje til gøyme dei jorda. Vi skal ikkje grave dei ned jorda. Vi skal ikkje la Jantelova bestemme over gåvene våre. Vi har ei frivillighetssentral i Haram kommune som slit med å få nok frivillige. Har kanskje du eit talent som dei kunne har hatt bruk for? Du har talent, du er rik. Du har noko du kan gi. Bruk talentane dine. Bruk dei for dine medmenneske. Forvalt talentane rett. Bruk dei slik at dei kan bære frukt.