Drucken

For ei stund sidan fekk eg eit spørsmål av nokre tyskarar om kva slags arrangement vi hadde i dag på denne den norskaste av dei store kristne heilagdagane her i landet. Det tok eit augeblikk før eg skjønte kva dei snakka om: Dei snakka om Olsok. Det er vel langt ifrå alle som kjem på at denne dagen skulle være ein kristen heilagdag. Og det er ikkje minst difor eg er glad for at det er her i dag i ei tid der ein på Olsok snakkar om avkristning av Stiklestadspelet og nyreligiøse engleskuler. Dagens Preiketekst står i alle fall i bibelen, Guds ord, i Salmane i det 33. kapitlet:

Sælt er det folk som har Herren til Gud,
det folk han har valt til sin eigedom!

Frå himmelen skodar Herren ned
og ser kvart menneske.

Frå sin tronstol held han auga
med alle som bur på jorda,

- han som har laga kvar manns hjarta,
og merkjer seg alt det dei gjer.

Stor makt gjev ingen konge siger,
stor styrke bergar ingen mann i krig.

Hesten er ein svikefull hjelpar,
han bergar ingen med all si kraft.

Men Herrens auga kviler på dei
som ottast han og ventar på hans miskunn,

så han kan fria dei frå døden
og berga dei gjennom hungersnaud.

Vi ventar med lengsle på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.

Vårt hjarta gleder seg i han;
for vi set vår lit til hans heilage namn.

Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.

Slik lyder Herrens ord.

Eg veit ikkje heilt om denne teksten er noko å glede seg over eller om den er ein trussel:

Sælt er det folk som har Herren til Gud,
det folk han har valt til sin eigedom!

Frå himmelen skodar Herren ned
og ser kvart menneske.

Frå sin tronstol held han auga
med alle som bur på jorda,

- han som har laga kvar manns hjarta,
og merkjer seg alt det dei gjer.

Gud vei kva vi gjer og han kan lese i hjerta våre. Dette er nok litt skummelt. Gud kan lese i vårt indre . Han ser ikkje berre kva vi gjer og kva vi seier. Han veit også kva vi tenkjer og kva kjenner inne i oss.  Han ser oss: Han ser heile meg med alle dei avkrokar i skjela mi som ingen få sjå. Han ser meg, heile meg. Dette er skummelt, men samstundes er det også eit teikn kjærleik, i alle fall når ein ser det i ein litt større samanheng. Gud ser alle dei avkrokar i sjela  mi. Han veit kven eg er med alle min sider og likevel, likevel elskar han meg så mykje at han gav det dyraste han har i døden for meg. Han gav Jesus Kristus sin einborne son i døden for og for oss alle. Han gjorde det for at eg skulle få møte han slik som eit barn får møte faren sin. Ingenting skulle stå i vegen mellom meg og  han, mellom oss og han.

 

Stor makt gjev ingen konge siger,
stor styrke bergar ingen mann i krig.

Hesten er ein svikefull hjelpar,
han bergar ingen med all si kraft.

Det at stor makt ikkje trenger å gi sigeren er  noko av det som Olav den heilage  måtte oppleve på Stiklestad. Han mista ikkje berre riket men også livet sitt. Og likevel var han med på å bidra til ein seier: Med døden hans fekk kristendomen framgang her i landet og Noreg blei eit land, eit rike. Og sjølv om kristninga til dels skjedde med uforsvarlege metodar, har kristendomen i fleire hundre år vært eit viktig element for den norske identiteten. Den kriste trua har på mange måtar gjort eit stort bidrag for å halde det norske samfunnet i hop. Men nå går dette meir og meir i oppløysning. Eit tydeleg teikn for dette er vel ei prinsesse som heller snakkar med hestar og englar enn direkte med gud. Gud gav sonen sin slik at vi som hans barn kan kome direkte med han. Vi trenger ikkje å snakke med englar vi kan snakke direkte med gud. Jo da, Gud har sine englar det trur eg på, men han bruker dei når han vil hjelpe oss eller som ei måte til å få bodskapen sin fram til menneska. Men det her han dei tener og ikkje menneska til si sjølvprofilering. Gud gir gåver, og mange av dei kan ikkje forklarast. Men vi skal bruke dei til hans ære og ikkje til å opphøye oss sjølve.

 

Men Herrens auga kviler på dei
som ottast han og ventar på hans miskunn,

så han kan fria dei frå døden
og berga dei gjennom hungersnaud.

Vi ventar med lengsle på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.

Vårt hjarta gleder seg i han;
for vi set vår lit til hans heilage namn.

Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.

 

Å otta Herren, å respektere Gud og å tilbe han, det er det vi skal. Og det er noko vi også har godt av. Gud har eit auge på oss. Han følgjer med oss med alt det gjer. Han gjer det ikkje for å dømme oss, men for å hjelpe oss, for å ta vare på oss. Jesus gjekk i døden for at vegen vår til gud skal være fri. I dåpen blir vi født på nytt som guds barn. Jesus har lært oss å be ”Fader vår” og som ein god far ventar Gud alltid på oss.

Jesus Kristus er oppstod . Og vi skal og stå opp etter dagane våre på jorda. Det er ikkje trussel. Sjølv om det kan være nok så kjekt her på jorda er det noko vi kan glede oss til.

Gud ser på oss her på jorda. Han følgjer med på alt vi gjer og han kjenner oss. Han kjenner oss betre enn vi kjenner oss sjølv. Og han er ein god far, ein far sol elskar borna sine. Og det er trist for han når nokre av dei fornektar han. Det er viktig å halde fast på den kristne trua, på trua på Jesus Kristus som vår frelsar. Det er viktig å halde fast på trua som Olav den heilage spreidde her i lande kvar einaste dag.