Drucken

Den siste salmen  er nok mest kjent som bordvers. De takker vi for maten og for fellesskapet rundt bordet.  Og det passer i grunn veldig bra til dagens preiketekst som fortel korleis Jesus metter 4000 menneske:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Markus i det 8. kapitlet:

Ein annan gong på den tida var mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus disiplane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Lèt eg dei fara svoltne heim, blir dei reint utmatta på vegen; for somme av dei har kome langt bortanfrå.» «Kvar kan ein få tak i brød til å metta alle desse her i øydemarka?» svara disiplane. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei. Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til disiplane så dei skulle dela dei ut, og dei delte ut til folket. Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei òg skulle delast ut. Dei åt og vart mette. Etterpå samla dei opp brødstykka som var til overs, sju store korger. Det var omkring fire tusen menneske der. Og han lét dei dra heim.

Slik lyder Herrens ord

Dett e skal bli ei preike om mat, om mangelen på mat og om bordvers. Tenkte eg då eg fekk lese at dett var dagens preiketekst.

Eg sjølv er ikkje oppvokse med tradisjonen om å syngje bordvers, men då eg stifta ei eiga familie og fekk barn sjølv, byrja vi med å syngje bordvers. Eg kunne fortelje koleis den hjelper med å få borna til matbordet. Og eg synes at dett er ein fin skikk. Det er fint å starte måltidet i lag og det er fint å bli minna på at det ikkje er nokon sjølvfølgje at vi har nok mat på bordet. Her i Noreg lev vi i overflod. Vi har meir enn nok mat på bordet. Vi kaster mat og vi har så mykje at vi har eit reglemant slik at bøndene ikkje produserar for mykje. Vi har meir enn nok mat, men vi har også ei ansvar sidan dei fleste i verda ikkje har det så godt som oss. Dette blir i alle fall eg minna om når vi syng bordverset.

Eg trur nemleg at det er dette som er hovudpoenget frå denne bibelteksten inn i røynda vår. Å ta ansvar.

Det å ta ansvar er ikkje noko som fel lett for dei aller, aller fleste nordmenn. Dei kvir seg nesten uansett kva slags ansvar det er snakk. Men eg kan godt innrømme at etter mi erfaring er Fjørtoftingane mykje flinkare på dette enn dei fleste andre. Kanskje fordi det er så få her ute og det er ikkje mogleg å vente på at nokon anna eller staten tar ansvar for alt mogleg.

Det handlar om å ta ansvar.

Jesus seier : «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Lèt eg dei fara svoltne heim, blir dei reint utmatta på vegen; for somme av dei har kome langt bortanfrå.» Han tar ansvar for dei som lytta på han og han metter dei.

Han kunne har sagt: ”Dei kunne nok har tenkt på det og tatt med seg mat” Men han gjer det ikkje. Han metter både sjel og kropp. Og gjennom dette brødundret blir herlegdomen hans synleg.

Rom 12:4-5

Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  [5] På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

Skriv Paulus i Romarbrevet  og i første Korintarbrev skriver han:

1 Kor 12:27

Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.

Det er vi som i dag er Jesu lekam, det er gjennom oss at Jesus blir synleg. Det er gjennom oss som er lemmer av Jesu lekam at herlegdomen hans blir synleg. Og det er difor vi må ta ansvar slik som Jesus tok ansvar for folket som var med han.

Det er vi som må ta ansvar for dei som treng hjelp. Det er vi som har ansvar for kyrkjelyden vår. I dei fleste samanhenger er mykje enklare å skyve ansvar over på andre, men det kan være krevjande å ta ansvaret på seg sjølv. Og det er ei oppgåve. Men kvar og ein av oss har fått ansvar for å gjer Jesus synleg med gåvene, med dei evnene som den enkelte har fått.

Vi har eit ansvar, men vi er ikkje åleine med det Jesus er med oss og han tok ansvar for oss: på korset på Golgata to han på seg ansvaret for alle våre synder. Og han sletta dei ut gjennom si liding, sin død og si oppstode.Jesus tok ansvar for dei som var med han og han tok ansvar for oss, difor kan også vi tar ansvar for å gjere han synleg og for dei som vi lever i lag med.

AMEN