Drucken

Eg veit ikkje korleis det er med dokke, men eg synes det er litt skummelt når nokon banker på døra mi midt på natta og kanskje vekker meg. Men det er alltid ein forskjell kvifor nokon kjem midt på natta og kva han eller ho har på hjertet. Det er forskjell om nokon lager bråk med ein frisert moped eller om nokon kjem med eit livsviktig spørsmål. Det eit sånt livsviktig spørsmål sundagens preiketekst handlar om og den som kjem med dette spørsmålet til Jesus heiter Nikodemus:

Preiketekst: Joh 3:1-15: Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. Han kom til Jesus om natta og sa: "Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han." Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt." Nikodemus seier til han: "Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?" Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden."
"Korleis kan dette gå til?" spurde Nikodemus. Jesus svara: "Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen. Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv."

 

Det er ikkje nok at du blir født som jøde for å kome inn i Guds rike. Det er ikkje nok at du tur at alt blei ordna ved fødselen din. Dette klare svaret får Nikodemus. Du må tru på menneskesonen, Jesus Kristus, og du må bli døypt.

 

Dei fleste av oss er døypte, men trur vi på Jesus Kristus? Eller trur vi at alt blei ordna då var døypte som born? Du som les denne andakta er nå i alle fall interessert i trua, men av og til spør eg meg: Kor mange er det som er døypt, men som ikkje har det minste interesse for trua si? Kor mange bryr seg ikkje om gud i det heile tatt.

Dåp og tru dei to høyrar saman. Vi har fadrar som skal hjelpe foreldra tila ar barna ”oppsedast i den kristne forsaking og tru.” Men tar dei oppgåva si på alvor? Det er ikkje den store reflekterte tru som må til det er nok å tru som eit barn: (Luk 18:17) ”Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.". For å nå fram til guds rike er det både dåp og trua som må til, sjølv om dei som ikkje rak å bli døypt kan håpe på guds nåde. Men korleis står det til med dei som blei døypt. Er du fadder til ein eller fleire? Korleis går det med dine fadderbarn? Har dei kanskje behov for ei lita oppmuntring og styrking i trua?

Korleis hadde det vært å ringe dei i dag? Kanskje du kan hjelpe med nokre livsviktige spørsmål slik som Jesus gjorde det for Nikodemus. Denne Nikodemus tok nemleg det svaret han fekk med Jesus på alvor og blei etter alt vi veit ein av dei første kristne i Jerusalem.

 

God helg

Michael Hoffmann