Drucken

Det står skrive i Apostelgjerningane i det 2. kapitlet:

Peter sa: "Heile Israels-folket skal vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias." Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: "Kva skal vi gjera, brør?" Peter svara:

"Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på." Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: "Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!" Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden.

Slik lyder Herrens ord.

Når noko stikk i hjerte, så gjer det vondt. Slik er det i alle fall med meg. Når eg kjenner eit stikk i hjartet er ofte noko vondt eg få vikte. Det var eit stikk i hjartet då eg fekk vite at ein venn død, berre 35 år gamal. Men det verste stikket er kanskje når eg kjenner at eg har tatt feil og gjord urett mot nokon. Det gjer vondt å måtte innrømme for seg sjølv at ein har tatt feil, men det er eit stikk i hjartet å måtte innrømme for seg sjølv at ein har gjord urett mot nokon anna.

 

Dagens preiketekst er ein den av den store talen som apostelen Peter hold på den aller første pinsedagen. Dette er ikkje disippelen som fornekta Jesus på Langfredag, dette her er noko heilt anna. Peter taler, men han taler ikkje av si eige kraft, han taler fordi Den Heilage Ande hadde kome over han og dei andre disipplane . Den Heilage Ande, sanningsanden som han også blir kalla, får dei til å tale. Han set seg på deg å få dei til å tale. Han får dei til å tale slik at alle kunne forstå dei på sitt eige tungemål, det blir nesten slik som det var før tårnet i babel blei byggja. Peter taler drivne av anden, Sannningsanden, han taler sanninga og det som eg synes er mest vindunderleg: No endeleg forstår folket sanninga. Dei forstår sanninga om Jesus Kristus, endeleg skjønner dei at han er Guds son, Herre og Messias, frelsaren. Dei kjenner det som eit stikk i hjartet. Dei kjenner at dei må gjer noko og dei klarer å opne munnen og spør: "Kva skal vi gjera, brør?" og dei få ein nok så klar beskjed: : "Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve.” Og dei gjer etter denne beskjeden. Ved slutten står det: Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. Frå tolv kanskje tretti til tre tusen. Dette er ein sikkeleg vekking. Det er ikkje utan grunn at pinse blir kalla for kyrkja sin bursdag. Ikkje kyrkja som Den Norske Kyrkje eller eit bygging, men som eit fellesskap av alle dei som tur på Jesus Kristus og som aksepterar han som Herre og Messias.

Dei som er døypte i den treeinige guds namn har fått Den Heilage Ande i gåve, men gir vi rom til han? Får han tale, eller prøver vi å få han til å teie?

Utfordringa til å vende om gjaldt ikkje berre ein gong i tida den gjelder framleis og den gjeld også oss. Og den gjelder for oss ikkje berre ein gong, den gjelder igjen og igjen. Det ligg i oss som menneske at vi igjen og igjen prøver å stille oss mot gud, at vi prøver å vike han unna. Men heldigvis får også vende om igjen og igjen. Og vi får gjer dette fordi Jesus Kristus døde på korset få at vi skulle få tilgjeving for syndene. Men eit første skritt for å få tilgjeving er å innrømme for seg sjølv at ein har gjord urett mot gud og mot sine medmenneske. Og når ein har gjord det er det det å spørje om tilgjeving. Hos gud får vi tilgjeving det har vi fått ein lovnad om. Men korleis det med medmenneska våre? Kor mange kan ikkje tilgi oss urett som vi har gjord mot dei fordi vi ikkje tør å spør?

Gå i det sjølv tenk på når du kjente eit stikk i hjartet? Gå og spør om tilgjeving! Og om du blir spurt: Tenk på kor mykje Jesus har gjord for at du skal få tilgjeving hos og prøv å tilgi nden som spør.

AMEN