Drucken

Frå Milet sende Paulus bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. Og då dei kom, tala han til dei: De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia.

Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.

 

I dag tok eg  med meg ein ball hit til gudsteneste. Eg skal nok ikkje fortelje dokke kva som er ein ball, det er dokke vel godt nok kjent med.

 

Dette ser ut som ein ball som det skulle være heilt greitt å bruke i ein fotballkamp. Men hadde du prøvd å bruke han, då kunne du oppleve noko. Ingen dommar hadde vel tillét denne ballen og det er heller ikkje gøy å spille med den. Den duger ikkje til å spille, den manglar dei rette indre verdiane. Ikkje pengar, ikkje store idealer, ballen manglar rett og slett luft.

Nå har eg høyrt nokre rykte , rykte om folk som kallar seg for kristen, som ser ut som kristenfolk, som snakkar som kristne, som går på kristne møter. Folk der alt tyder på at dei er truande, at dei er kristne menneske. Berre når dei skal bli brukt dei til det dei er skapte til, legger du merke til at dei ikkje verker. Dei verker ikkje når dei skal tene. Matt 4:10

 

Herren din Gud skal du tilbe,

han og ingen annan

skal du tena."

 

Dei er som vi sjølv skapt til å tene gud. Men alt for ofte legg vi merke til: Dei verker ikkje. Luften er ut, det manglar trykk. Der det skulle være kraft, dynamikk og innsats, er det berre tomrom - ingenting! Svar ein får høyre då er: "Eg har ikkje tid" "Eg må gjer det eine eller andre", " Kan ikkje det gjer nokre ande, dei skal og få seg ein sjanse til å vise kva dei kan." eller ret fram "Den nyter ikkje noko for meg."
Og vanlegvis er jo heller ikkje mykje du får av å tene, bortsett kanskje frå   arbeid og  strev.

Men ein ball er det forholdsvis lett: Nå eg har ein pumpe, er det ikkje så vanskeleg å få ballen klar til bruk igjen. Men det er vel ikkje så enkelt å pumpe opp att desse kristne? Det er ikkje like enkelt å få skikkeleg trykk igjen på desse kristne. Dette er neppe så enkelt som med ballen. Nå kunne eg bli ganske trist å sette meg ned å gråte.

Men han som vil bruke truande menneske, kristne menneske til tenesten sin, han tar også vare på vedlikehaldet og han styrkjer dei i tenesten. Herren Jesus Kristus vil sørgje for at vi og alle truande er klar til innsats. Slik at vi ikkje berre ser ut som truande og snakkar som kristne, slikk at vi er ikkje berre er veleigna til ein plass i glasskapet eller på bokhylla elle som demonstrasjonsobjekt, men at vi også duger til det vi er skapt til.

Eg trur når vi får kommunikasjonen i gang mellom, mellom han som vil bruke menneskene i tenesten sin og desse menneskene, når også desse menneskene har fellesskap seg i mellom vill menneskene læra seg å lytte på herren og å snakke om han. Og i fellesskapet har vi moglegheita til å fylle på kvarandre med guds ord og å skaffe skikkeleg trykk i oss igjen. Og Jesus vil styrkje oss og være med i dette fellesskapet. I brød og vin styrkjer  han oss og når to eller tre er samla i hans nam er han midt imellom dei. Og fellesskapet er mangesidig frå søndagsskulen, barneforeninga, ving, krik, alpha-samlingar , bibelgruppe eller gudsteneste, det er plass nok til fleire. Det er mange lag ein kan spille i. Og i fellesskapet kan vi også oppdage korleis gud kan bruke dei gåvene eg har fått.

 

Lat oss be:

Herre, takk for at vi er meir enn demonstrasjonsobjekt for deg. Takk for at du vil bruke oss som dine tenar og ditt verktøy. Herre når vi har mista trykket, når kraften og begeistringa er borte, hjelp oss då at vi bli fullt på igjen. Full oss med ditt ord og hjelp til å lytte og til å tene.