Drucken

Preiketekst: Matt 21:28-31

Jesus sa: "Kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min! Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk. Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje. Kven av dei to gjorde det faren ville?" "Den fyrste," svara dei.

Då sa Jesus til dei: "Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de."

 

Eg er glad i klare svar. Når eg ber ein nabo eller ein venn om hjelp, liker eg å få klare, frimodige svar. Det er nå best når han seier: "Ja!", men eg er nesten like glad når han sei "Nei, eg kan dessverre ikkje!" Det er betre med eit klart: "Nei" enn med eit "Tja" eller med eit "Ja" eller "ja, men …" som eigentleg er eit "Nei". Når eg får eit klart "Nei" veit eg at eg kan også ta eit "Ja" for eit "Ja".

Var dette litt innvikla?  Kanskje?

Gud har skapt oss med fri vilje og vi kan sei nei når han kallar. Vi er Guds born og det er mogleg å sei nei til han. Vi er ikkje slavane eller marionettane hans. Vi kan sei nei. Når han spør oss eller ber oss om noko kan vi gi han eit klar svar. Og han setter pris på når vi er ærleg mot han. Det er ikkje nok å be: "Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.". Men når han treng ditt engasjement i søndagsskulen, koret eller for ein nabo då har du ikkje tid. Da er det betre å kutte ut denne setninga.

Men det faren ber oss om er ofte ikkje det verste for oss, han vil jo berre det beste for oss. Av og til tar det ei stund før vi kjem oss så langt, men det er lov til å angre. Det er lov til å omgjer eit "Nei" til Guds vilje til eit "Ja". Jesus opna denne moglegheita for oss.

Skriftemålet er eit hjelp som kyrkja tilbyr for å finne att til det Gud vil og spør oss om. Det kan hjelpe til å gi eit klart "Ja" til og eit "Nei" til dei rette ting. Det skal hjelpe oss til å angre avgjerdsler som er feil. Vi har to ordningar for skriftemålet:

For det private skriftemålet kommer ein til ein annan kristen. Etter å har vedkjent alt som har gått galt, får ein høyre orda om  tilgjeving ved handspålegging. Det er gjerne presten som blir brukt (for) til dette. Prestane er pålagt den strengaste teieplikta i Noreg, og vi finn alltid rom og tid til det.

Det allmenne skriftemål bruker kyrkjelyden i fellesskap når dei vedkjenner syndene sine og får høre orda om  tilgjeving. Kvart år er det tilbod om skriftemål i kyrkjelydane våre. Eit tilbod som kan brukast.