Drucken

Preiketekst: Matt 13:44-46

Jesus sa: Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren. Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne.

 

Dette er andre gangen i denne gudstenesta vi høyrer om himmelriket. Den første teksten om himmelriket hørte vi ved dåpen: "Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det." Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei."

 

For å begripe preiketeksten er eg nøydd til å leite etter barnet i meg sjølv. Eg er nøydd til den då eg sprang rundt ute på marka utan mål og utan og kunne skrive meg inn nokon plass. Eg er nøydd til å gå att til alle dei skattane som oss fant at med vegkanten, att til skattejakta. Disse skattane hadde ikkje nokon stor materiell verdi men det var vi som gav dei verdi og som såg den verdien dei har. For ting som hadde ein verdi på nokre få mynter kunne eg ting som kosta fleire lappar. Og dei mest kostbare skattane dei var ikkje på salg i det heile tatt, det fans ikkje prislapp på dei. Dei mått ein sjølv leite etter og finne i vegkanten, mit i skogen, i fjøra eller i bekken. Fine steiner, gamle tre eller ting som ingen visste kva dei kunne brukast til.

I dag satser eg meir på tryggleik: Det er nå heilt galt å selje  alt ein eig for å kjøpe ein åker der det kanskje er ein skatt av tvilsom verdi i? Tenk deg at den som eigde åkeren  fant skatten, mens du selde det du eigde? Då hadde kanskje ein stor dyrkjøpt potetåker, men ikkje noko meir enn det. Og kva om du ikkje ein gong var bonde. Då la vi heller være heile eksperimentet og holder oss i det som er trygge. Og kven veit om skatten verkeleg var av så stor verdi? Då er det betre å kose seg i godstolen i ein var stue.

Himmelriket er noko vi ikkje kjenner til. Vi har aldri vært der, vi har aldri sett det, vi har aldri hat moglegheita til å ta på det, til å begripe det, vi har aldri fått sette ein prislapp på det. Og likevel seier Jesus at det er noko som vi skal gi alt vi eig for. Vi skal forlate tryggleiken og våge oss ut i det uvisse. Men er Himmelriket ein skatt for deg? Er himmelriket det å være gud nær noko verdifullt for deg?

Himmelriket er i alle fall  noko vi aldri har vært i, noko vi aldri har sett, noko vi aldri vil begripe, noko vi aldri vil kunne sette ein prislapp på. Himmelriket, guds rike, noko vi skal våge satser på. Det å satse på noko vi ikkje alt for  mykje om , det å våge å satse på det uvisse det kallar eg for tru. Og himmelrike, Gud, Guds rike, det er ikkje noko begripe, det er noko å tru på. Det er å våge å forlate den trygge grunnen som vi er vante med og å våge å på ny utrygg grunn. Men kan det være utryggt når  vi forlet vår tryggleik og stoler på gud og han sin omsorg. Men det er å våge noko.

Kanskje skulle oss våge å ta Jesus på alvor: "Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.". Kanskje skulle oss prøve å lære frå barna. Og korleis hadde det vært om du spurte barnet, barnebarnet eller fadderbarnet ditt om det tok det med på ein skattejakt i ettermiddag? Eg trur dette kan hjelpe oss med å finne den store skatten, Guds rike.