Drucken

Tenk deg. Tenk deg ein her frå bygda. Ein dokke alle kjenner til. Ein som dokke har leika med i sandkassa. Ein som var på gudsteneste ein søndag. Tenk deg han eller ho   hadde gått opp til lesepulten, hadde tatt boka og hadde lest frå bibelen si siste bok:

 

Åp 22:11-13

Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging.  [12] Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort.  [13] Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden.

 

Og så vart lesinga avslutta med:

"I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på."

 

Hadde du reagert på dette? Hadde du i det heile tatt fått det med deg? Heilt ærleg?

Eg hadde i alle fall  ikkje trod på det. Og det gjorde vel dei fleste jødane i Nasaret, Jesus sin heimbygd, da han las:

 

Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg til å forkynna

ein gledebodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom,

og at blinde skal få sjå,

for å løysa dei trælka or tvang

og ropa ut eit nådeår frå Herren.

 

Og så vart lesinga avslutta med:

"I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på."

 

Dei trudde på det Jesus las, det var jo nesten tusen år gamal, og dei høyrde kva Jesus sa, men dei trudde ikkje på han. Dei ventar på den gud har salva, på den gud har bestemt. Dei venta på ein som skulle hjelpe dei og som skulle gjer dei fri, men dei reknar ikkje med at han verkeleg kom.

 

Også i dag ventar vi på ein som skal kome. Vi ventar på at Jesus skal kome att. Før han for opp til himmelen lova han at han skulle kome att. Han sa ikkje når han skule kome men at han skule kome. I truvedkjenninga seier vi at vi trur at han "skal kome att og døme levande og døde."

Han skal kome at men han har ikkje sagt når.

Kjenner du denne kjenslen når du står ved ferjekaia: Du veit at du skal få besøk og at den skal kome med ferja, men du veit ikkje når dei kjem. Dei har ikkje mobil, så du er naud  til gå ned til ferjekaia for å sjå om dei er med på ferja. Du er der ved første ferja, men dei er ikkje med. Du er der ved andre ferja, men dei er ikkje med. Du er der ved tredje ferja, men dei er ikkje med. Du er der ved siste ferja, men dei er ikkje med. Kanskje prøver du heile spillet igjen neste dagen, men eterkvart tviler du på at dei kjem fram i det heile tatt. Av og til tar deg kanskje ein liten tur til ferjekaia for å sjå om dei har kome og gitt ein beskjed til dei. Men eterkvart gløymer du det visst.

Jesus skal kome att og han skal kome fram., men nå er det snart to tusen år sidan han for opp til himmelen og sa at han skal kom att nok så synleg.

På søndag er det ikkje berre visitasgudsteneste det er også den første søndag i advent. Advent tyder på latinsk framkomst og skal minne oss om at Jesus kjem att. Adventtida disse fire vekene før jul skal minne oss på at vi ventar på han. Dette er sikkert ikkje altid så lett, men det som er ennå meir vanskeleg er: å rekne med at Jesus kjem. Når han kjem skal nemleg alt bli annleis enn det er i dag:

Åp 21:4

"Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte."

 

Når Jesus kjem blir alt bra, og vi treng ikkje å være redde. Når vi trur på han er det ingen ting å være redde for. Men det er godt å rekne med han, det er godt å være førebud på at han kjem. Det er godt å ha plass for han i livet mitt og i livet ditt. Det er godt rekne med at han kjem fram ikkje berre i adventtida men heile året.