Drucken

Preiketekst: Op 1:4-8

Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå

han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol, og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod, og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen. Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen! Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.

 

Då Palmar kom under Haramsnytt detektoren blei han spurt kva mjølkeprodukt han ville være. Han likte ikkje spørsmålet, men svaret var klart: Gammalost, for då fikk han være i fred.

Dette brevet er ikkje gammalost i det heile tatt og det gir heller ikkje meg ein kjensle som gammalost. Det lar meg ikkje være i fred.

Bibelordet handler om dei siste ting som skal skje her på jorda. Læren om dei siste ting heiter på fag språk eschatologien og litteraturen over det har fått namnet apokalyptisk litteratur, Johannes openberring blir difor også kalla for Apokalypse.  Eg veit ikkje om dokke har hørt eller brukt ordet apokalypse ein gong før, men husker forteljingar om bombeangrepa på Dresden i 1945 der folk sei at det var ein apokalypse, det som skjedde i byen denne dagen. Apokalypse dette ordet har fått ein negativ bismak. Det smaker salt, det smaker tårer og sorg. Det at Jesus skal kome att, smaker på ein måte redsel og uro.

"Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han." Dette kan skape redsel og uro.

"Alle folk på jorda skal gråta sårt over han." Det høyres ut som noko vondt, noko å være redde for. Men tenk deg i 2000 år har dei truande venta på at Jesus kjem att, dei reknar nesten ikkje lengre med at han kjem og når han kjem skal dei ikkje gler seg då? Kan ikkje gler dei seg så mykje at dei kan gråte? Kan ikkje dei gråte heftig, kan ikkje dei gråte sårt fordi endeleg er han komen. Endeleg er han komen, han som vi har venta på i generasjonar? Det er ingen grunn å redde for at Jesus kjem att når du trur. Det er ikkje sat fram krav om ein TQ - Truskvotient på over 100, det er nok at du trur.

Dette er sant, men dette er berre halve sanninga. Det er også sant at dei visste om Jesus og nekta å tru på han kjem til å har det vondt denne dagen. Og dei har all grunn til å være redde for denne dagen. Dei må kjenne på denne dagen at dei har bygget livet sitt på feil fundament. Eg vil ikkje utelukke at Gud i sin nåde også kan frelse nokre av dei, men det finnes ingen garanti på det. Det er ikkje enkelt å sei det og eg er heller ingen venn av skremselpropaganda, men: Kvar den som nektar å tru på Jesus mår rekne med å gå fortapt , mens kvar den som trur ikkje skal gå fortapt, men har evig liv.

Det er godt å vente på at Jesus kjem att, det er godt å rekne med at han kjem. I adventtida setter vi lys ut i vindauge og det synes eg er ein fin tradisjon. Det har nemleg sitt opphav i at ein i gamle dagar sat eit lys ut i vindauge når ein ventar på nokon. Eit lys for å vise vegen for den som kjem og for sei til han: Her er det ein som ventar på deg. Dokke veit at eg er glad i Fjørtoftingane og håper at alle lys i vindaugane her på Fjørtofta seier: Her er det ein som ventar på Jesus.

 

Ære være Faderen og Sonen og den heilage Ande som det var i opphavet som er og var og blir ein sann gud frå æve og til æve. AMEN