Drucken

1 Mos 3:19

Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,

til dess du fer i jorda att;

for av henne er du teken.

Jord er du,

og til jord skal du atter verta."

 

 

I prestesakristiet i Haram kyrkje heng det fleire bilde. Eit av bildene, det yngste maleriet, viser  ein velkledd prest med pipekrage og kvit hår. Mannen ser ut til å være ein mann i sine beste år. Huda hans er rosa og han ser ikkje ut så om han måte eta sitt brød med sveitte i andletet. Mannen på portrettet er Henning Christophersen ABELSETH

den første soknepresten i Haram. Abelseth blei kalla til første sokneprest i Haram den 28 februar 1755. Prestegjeldet strakk seg frå Vigra til Harøya og frå Hildre og Brattvåg til Uksnøya.

Men det skulle bli Fjørtofta som skulle bli spesielt glad i presten sin.

Hennig Abelseth som hadde jobba som huslærar og som sokneprest i Holmedal før, hadde arva ein hel del etter faren sin.

Nå pleier ein å sei at pengar øydelegg personleika til eit menneske, men det skjedde vel ikkje med den første soknepresten på Haram. Han tok ordet: Luk 10:27

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."  på alvor. På Fjørtofta fant han eit kapell med mykje rotskadar og brukte mykje av eigne midlar til å sette den i stand igjen. Han anset etterkvart også to personlege kapellaner til å forkynne Herrens ord og det fanst knapt eit hus i det vidstrakte prestegjeldet som han ikkje hadde vore inn i. Han brukte tida si ikkje til å forstørre rikdommen sin, men på snakke med og til folket.

På denne måten oppdaga han vel også det som nøda på Fjørtofta.

Denne gangen opplevde Fjørtoft eit stort folkevekst men mykje unge folk kunne ikkje gifte seg fordi dei kunne ikkje busette seg og dei kunne ikkje busette seg fordi dei ikkje fikk seg jord.

Abelseth brukte rikdommen sin og kjøpte nesten heile Søre Fjørtoft, her ved Otterlei stranda opna han opp for busetting og delte ut plassar. Die som buset seg der måtte nok dyrka jorda og det var ingen enkelt sak, men takket være presten Abelseth fikk unge  menneske på Fjørtofta endeleg moglegheit til å ete sitt brød med sveitte i andletet.

Av jord er vi teken, jord er vi og til jord skal vi atter verta. For 230 år sidan, den 22. juni 1774 etter 19 år og 4 måneder og ein nidkjær og dugeleg mand som ein tro hyrde for folke i Haram døde Hennig Abelseth. Dessverre var ikkje alle han hadde anset og som følgte etter han like trufast og moralsk som han. Det måtte også dattera han er fare da ho klaga in ein av kapellanane og ertterfølgjane hans. Han var far til hinna dødfødt barn.

 

Luk 12:16-21

Og han fortalde dei ei likning:

Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt,  [17] og han tenkte med seg: "Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi.  [18] Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig.  [19] Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!"  [20] Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?"

[21] Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

 

Dei fleste av oss er forholdsvis rike. Vi har hus og pengar på  bok eller vi har tid. Det er ikkje forbod mot å være rik. Men rikdom forpliktar. Den forpliktar til å bli brukt for gud og for våre neste. Hos Gud har vi ingen moglegheit til å kjøpe oss fri. Alle dei brodd eit einaste menneske har gjord kunne vi ikkje slette ut med alte pengar som finnes på jorda. Og  det er heller ikkje nødvendig. I Jesus Kristus har gud sjølv sletta ut alle våre brot og våre synder.  Men vi kan være hans legeme, hans verktøy her på jorda og fremje hans rike med gåvane og moglegheitene vi har fått frå han. Slik som sokneprest Henning Abelseth.