Drucken

Av og til kjem ein av mine tre små og roper ikkje høgt: Papa, men kjem stille og spør Papa? Og når papa er våken da og klarer å svare ja temmeleg raskt, så kan han få høyre både den eine og den andre løyndomen. Og papaen blir gla nå borna hans kjem til han, nå dei fortel til han kva som bekymrar dei, når dei spør om hjelp, når han får trøyste dei eller når han ein gong i bland skal snakke for dei. Det er godt å vite at dei er trygge på papaen sin og at dei stoler på han.

Tida sidan påske har vært ei festtid, både i kyrkjeåret og lokalt her hos oss. Ei tid med Konfirmasjon og 17 mai. Også i kyrkjeåret har vi høyrt om kva læresveinane opplevde med den oppstadne i førti dagar frem til himmelfartsdagen då han får opp til himmelen. 

Først trudde dei at Jesus var død, så fekk dei møte han att og så får han opp til himmelen og igjen ti dagar etter det skjedde det noko som i grunn varer frem til i dag. Pinse er dagen som gjerne blir kalla for kyrkja sin bursdag. Ordte pinse kjem frå det greske ”pentakost ” som tyder femti.  Ti dagar etter himmelfartsdagen og femti dagar etter påske sende Jesus Den Heilage Ande til læresveinane som byrja med å tale i tungar og som døypte 3000 på ein einaste dag. Men kven er Den Heilage Ande? Kven er det som Jesus sendte etter at han får opp til himmelen. Eg få i alle sei ein ting: Den Heilage Ande er ein del av den treeinige gud og han er i grunn vanskeleg å fatte.

Og så har vi dagens preiketekst, der Jesus fortel meir om han:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 14. kapitlet:

Jesus sa: Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.

Slik lyder Herrens ord.

Ein talsmann er ein som ein kan og skal stole på. Ein som skal snakke for meg og ikkje minst med meg. Og Jesus anbefaler Den Heilage Ande som talsmann både for læresveinane og vor oss. Eg trur nok at det i starten var vanskeleg  for læresveinane å forholde seg til Den Heilage Ande. Og dei hadde nok vanskar med å forstå kva Jesus meinte med dette då han sa, men dei klarte å sleppe han til då han kom ti dagar etter påske.  Det var i starten også vanskeleg for folke å forholde seg til telefonen då den kom ut hitt. Men kva hadde vi gjord utan den i  dag... ? Men samstundes har vi nesten blitt slavar av den med. Den har liksom to sider.

Det er vanskeleg å forholde til Den Heilage Ande. Vi ser han ikkje , han er verken å fatte eller å forstå. Også har har også han to sider. Ikkje ei god og ei vond, men ei som gjer god og ei som er mykje meir krevjande: Han er nemleg  sanningsanden. Ein ande som kjem med sanninga eller i alle med så mykje av den som vi tåler. Men det er skjeldent at sanninga er behageleg. Så det er nok skjeldent at Den Heilage Ande  er ei sovepute. Tvert imot han krev rom og kan krev oss, heile meg. Det er gjennom denne anden at gud driver oss til å fremje sitt rike. Og det er ikkje so ofte det er behageleg. Men likevel skal vi gi han rom. Gud vill vårt beste og prøver å drive oss til det beste gjennom Den Heilage Ande. Og han er framleis den som gir oss mogleiken til å velje han bort. Og det er så mykje i denne verda som gjer det vanskeleg for å gi han rom: Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men vi kan ta imot og vi kan gi han rom, vi kan gjennom han gi gud mogleik til å bruke oss som sitt verktøy, sine hender og føter – og gud har bruk for alle.

Men den Heilage Ande er meir det, han er også ein trøystar , ein lyttar på oss. Det er gjennom Den Heilage Ande at vi kan snakke med gud. Det er gjennom sin Heilage Ande at gud høyrer bøna våra. Og slik som ein god far vil gud alltid lytte på oss. Og han tar det vi ber han om gjennom Den Heilage Ande på alvor. Vi kann kjenne oss trygge hos Den Heilage Ande. Vi kan kjenne oss trygge hos gud. Slik som ein god far lyttar han på oss og ynskjer ta vare på oss sjølv om horisonten hans er så mykje vidare en horisonten vår.  Han vil det beste for oss sjølv om vi ikkje klarer å forstå kva han gjer.

Gud har send sin Heilage  Ande for at vi ikkje skal att som foreldrelause born, for at vi skal halde kontakten med han. Men vi må bruke den og gi han rom i oss. Det er det Pinsedagen minner oss på.  AMEN