Drucken

Kor godt er de kjent i Haram kyrkje? Kor mange bileta av Jesus har vi her inne i kyrkja? Det eg husker er at vi har tre på altertavla vår og eit i taket i alterromet. Det er dei bileta vi har her i kyrkja. Og dei er noko så forskjellige.

Og kva bilete er det du har av Jesus? Kva bilete av Jesus har du? Ikkje heime hoss deg, men inne i deg? Kven er Jesus for deg? Er han berre den snille som tilgjev og lækjer? Kanskje ein som i grunn tillet alt? Eller er han også ein som seier klart ut kva som er rett og kva som er gale? Og som kan bruke noko så klare og harde ord i det?

Dagens preiketekst er ikkje av den snille sorten, den er heller klar tale:

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 12. kapitlet:

Jesus sa: Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.

Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.

Det seier eg dykk: Kvart unyttig ord som folk seier, skal dei svara for på dommedag. For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.»

Slik lyder Herrens ord.

 

”Ormeyngel” og ”Dommedag” dette er klare og harde ord. Ord som i grunn gjer lit vondt når Jesus retter dei mot meg. Dette er harde ord. Men er dei eit teikn på at gud ikkje er glad i meg?

Nei det er dei ikkje. Jesus bruker desse orda for gjer det klart for meg, at eg må stå til ansvar for det eg gjer. Det finns reglar om kva som er godt og kva som er vondt. Reglar som gud har gitt oss og reglar som samfunnet har gitt seg. Og desse reglane gjeld.

Eg kan ikkje lag mine eigne reglar. Fridomen min sluttar, der, der den går utover andre, om det så er gud eller menneske. Det er ikkje alltid at eg er klar over at eg krenker andre med  det eg gjer og det er difor vi har desse reglane som vi finn i bibelen og i lovane. Dei skal hjelpe meg for at eg ikkje skader andre og meg sjølv særleg i situasjonar  som eg ikkje har oversikt over.  Og det er det faktisk fleire av enn vi trur.

Difor skal vi ikkje snakke usant og vondt om andre og ikkje berre når vedkomande og ikkje berre når vedkomande ikkje høyrar det. Difor skal vi kjøre edru og med bilbelte på og halde fartsgrensa, sjølv om vi veit at politiet er langt, langt unna. Vi skal gjer det for å ta vare på både oss sjølve og andre.

Og gud er også ein som kan krenkjast. Det gjer vondt for han når vi snakkar vondt om han og om kvarandre. Det gjer vondt for han når vi ignorerar han. Det er gjer vondt for han når vi ikkje snakkar med han og nå vi latar som om han ikkje hadde gitt reglar for å møte han og for å møte kvarandre med respekt. Det gjer vondt for han når vi sett ordet hans til side.

Men gud er også som ein god far. Og som ein god far må han også vise oss kva vi har gjord gale. Han må vise oss konsekvensane av det vi gjer og har gjord. Vi må stå til ansvar for det vi har gjord. Det hjelper ikkje å forklare det bort, det hjelper ikkje å unnskylde seg med sine eigne reglar.  Vi skal få ein dom etter både det vi gjer og det vi seier.

Men heldigvis er gud også ein god og nådig far: Han vill tilgi. Han vil ikkje utføre dommen. Han vil benåde oss, berre vi viser innsikt og ber han om det.  Berre vi trur på han og sonen hans Jesus Kristus, som gjekk gjennom liding, død og grav for oss, og som er oppstod for oss.

Men gud han berre tilgi oss den skylda, det vonde vi har gjord mot han. Han kan ikkje tilgi oss det vonde vi gjer mot medmenneska våre. Det kan dei berre sjølv . Det kan dei, men det kan være vanskeleg og ikkje alle kan det heller. Og det er ingen som kan tvinge nokon til å tilgi. Og ingen kan heller snu tida att med eit einaste sekund. Og difor bør vi setje det vi kan for å halde reglane både frå gud og frå samfunnet. Ikkje fordi vi er redde for dommedagen, men for å ta vare på oss sjølve og på andre AMEN