Drucken

I dag er det diakonien sin dag. Dette står i alle fall i gudstenestelista mi. Men er det nokon herm som kan forklare meg kva diakoni eigentleg er?

 

Eg skal prøve å forklare det litt:

Ordet diakon kjem frå gresk διάκονος (diakonos), som tyder tenar. Ordet vert i Apostelgjerningane (kap. 6) brukt om sju menn som vart utvalde for å ta seg av hjelp til medlemmer i kyrkjelyden og administrative oppgåver. Hjelp til fattige og trengande i ei kristen kyrkjelyd vert ofte omtalt som diakoni.

 

Er det alle som veit kva som står der i Apostelgjerningane 6?

På denne tid, då talet på læresveinar auka meir og meir, kom dei gresktalande jødane med klagemål mot dei som tala hebraisk, fordi enkjene deira vart sette til sides i den daglege utdelinga.  Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer forkynninga av Guds ord for å dela ut mat.  Brør, vel no ut dykk imellom sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.  Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.»  ( Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.) Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.

Denne gongen vart diakonane berre kalla til teneste, så vart dei velsigna, og så satt dei i gang. I det krevjast det ei utdanning på Mastergradsnivå for å bli Diakon i Den Norske Kyrkja.  Men heldigvis har vi også diakoniarbeidarane, det er dei som jobbar i diakonien utan formell utdanning.

Men diakonien er ingen oppgåve, berre for dei tilsette, diakoni er ei oppgåve for alle, det er det dagens preiketekst handlar om:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 5. kapitlet:

Jesus sa: De har høyrt det er sagt: ”Du skal elska nesten din og hata fienden din.» Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som talar vondt om dykk og forfølgjer dykk. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Slik lyder Herrens ord.

 

Diakoni er kjærleik til gud og kjærleik til nesten vår. Diakoni er kjærleik og kjærleik er noko som angår fleire enn ho Aud, meg eller soknerådet.  Diakoni handlar om å ta vare. Den handlar om å ta vare på fleire enn våre aller nærmast, på fleire enn familie og vennar. Diakoni i kyrkjelyden meiner at vi tar vare på alle dei i kyrkjelyden som trenger det. Og til det trengs mange hender og øyre.

Diakoni, det meiner å tene medmenneska. Diakoni meinar at vi deler noko av den kjærleiken som gud har til oss med andre. Det meiner ikkje store ord, men heller små gjerningar. Eller for bli heilt konkret: Diakoni det er å besøke ein gamal nabo eller sambygding som har slekta si langt unna, eller noko anna som nesten aldri får besøk. Diakoni, det er å bake ein kake til kyrkjekaffien eller å lytte til nokon som har ei historie på hjartet, sjølv om du kanskje har høyrt den omtrent hundre gongar før . Det er diakoni å gå med bøssa i fasteaksjonen og det kan være å rydde bort boss som irriterer folk sjølv om det var andre som har etterlat den. Diakoni er alt som kan kallast for ein teneste mot medmenneska våre. Diakoni  det er å ta vare på kvarandre. Og det vi som er kalla til denne tenesta. Dette ikkje noko som nokon skal tvinge oss til å gjere, men noko som vi gjer fordi Gud er glad i oss. Og gud har gitt oss alle, kvar og ein av oss forskjellige gåver som vi kan bruke i diakonien.: Nokon  er flinke til å lage ved, nokre er flinke til å bake og til å lage mat, andre til pynte, eller til høyre eller til å fikse og og og Og slik kunne eg forsetje til den siste ferga har reist frå meg. Men det skal de sleppe. Diakoni  teneste på nesten vår og der har gud bruk for alle med kvar sine gåver. AMEN