Drucken

Hei, kor langt er planlegginga kommen hos dykk?

Veit de kor de skal være dei enkelte dagane?  Er det nokon som venter besøk?  Kva er det ein gjer når ein venter besøk? (Bake kake, pynte huset , gjere seg klare).  Og når er det ein helst skal være klare? (Når besøket, den som vi ventar på kjem).

Eg er glad for at de alle saman er komet frem til kyrkja i dag. Det er kjekt at vi kan feire starten på adventtida i lag. Er det eigentleg alle som veit kva ordet advent tyder? (advent kjem frå latin adveniere ”å kome frem”). Adventtida skal minne oss på at nokon skal og kven dette er og korleis det skjedde då han kom sist fortel dagens preiketekst om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 21. kapitlet:

Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg og sa til dei: "Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg. Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong." Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:

Sei til Sions dotter:
Sjå, kongen din kjem til deg,
audmjuk rid han på eit esel,
folen til eit kløvdyr.

Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen. Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:

Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!

Slik lyder Herrens ord.

Advent skal ikkje minne oss på jula, den skal ikkje minne oss at gud blei menneske ein gong for 2000 år sidan, advent skal minne oss på at det framleis er noko vi venter på i den kristne trua: Vi venter på at Jesus skal kome att. Jesus skal kome at og denne røynda som vi lever i skal ta slutt. Dette har Jesus sagt og han seier at vi skal gjere oss klare til å ta imot han og at vi skal førebudd på at han kjem. Det einaste han aldri har gjord, det er å gi oss informasjon om kva tid han faktisk kjem att. Han seier til og med at vi ikkje når han har tenkt å kome att, men at vi får kjenne det når han er komen.

Vi her på Øyane har jo i alle fall ein fordel, vi veit at besøk som kjem frå fastlandet må kome med enten den eine eller andre ferga. Men å vente utan å ha nokon som ide på kva den som ein venter på verkeleg kjem det kan være krevjande. Og det er krevjande, det er så pass krevjande å være førebudd på dette heile tida at eg våger å sei at det ikkje går an å være det. Og det går i alle ikkje an å være det i 1970 år eller omtrent 720 000 dagar.

Og likevel så skal vi være det. Og det er difor vi har adventtida. Sjansen for at du vinner i lotto i denne adventtida er nok større enn at Jesus kjem att akkurat i løpet av desse 3 ½ veker før jul i 2010, men likevel er det viktig at vi har denne tida som minner oss på at Jesus skal kome att.

Så når du planlegg adventtida: ikkje bruk opp all tid til å gjer deg og dine klare til jul, sett også av tid til å styrkje trua og til å gjer dokke klare for at Jesus kan kome att når som helst.  Ta dette  med inn i kvardagen. Gjer det enkelt. Bruk tida til å bli klar over kva som er verkeleg viktig for deg. Og det kan gjerast også mens ein gjer andre ting.

Eg for min del har aldri blitt heilt kloke av denne sikken med julevasken. Kanskje fordi nokre har fortalt meg at dei gjer dette for å gjere seg sjølv klare til jul, at dei nesten prøver å opptene seg jula på ein eller anna måte. Og dette kan ikkje gå bra, jula det at Jesus blei menneske fordi gud vill være os nær, det kan vi ikkje. Det kan ingen, for dette er ei gåve. Ei gåve som ein berre kan ta imot som eit barn. Og vi kan heller ikkje tvinge frem eller opptene oss at Jesus kjem att. Men om nokon kjenner at ein må vaske huset fordi ein ynskjer å møte Jesus som ein gjest i eit reint hus, så har eg respekt for det. Det viktigaste er at vi opp i  heile førejulsrushet ikkje gløymer det Jesus skal kome at når som helst, at han ynskjer å møte det og at vi skal være klare til dette.

AMEN