Drucken

”Alle ser når eg drikk, men ingen ser når eg tørster!” Slik stå det på eit morsamt bilete inne i gangen i eit hus. Bilete er moro, men det er også alvorleg. Fylledrikkinga er ikkje noko å spøke med, den kan øydeleggje både menneske og relasjonar rundt eit menneske.

”Alle ser når eg drikk, men ingen ser når eg tørster!” Det nok mange som drikk fordi dei har tørst. Dei drikk fordi dei lengtar etter å få nok. Det er dei færraste av dei som drikk som verkeleg lengtar etter alkohol. Når ein drikk så lengtar ein gjerne etter det å gløyme noko, etter det å bli meir avslappa, etter det å sove eller etter det å kunne være litt meir frimodig. Og i grunn klarer alkohol ikkje å slukne noko av denne tørsten. Alkoholen dreper berre tankane. Verknaden varer ofte berre ei lita stund og så er ting verre enn før. Ein drikk men tørsten kjem att. Men kva er det då som kan slokne tørsten i livet? I preiketeksten for sundagen (Joh 4:5-26) seier Jesus: ”Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv."

Jesus vil slukne tørsten vår. Han vil svare på lengslane mine. Han vil hjelpe oss i dette livet og utover det. Men til dette trenger han oss edru. Han trenger heile oss og ikkje berre ein skygge av oss.  Hos han får vi alltid ein ny start. Han ser ikkje på fortida vår, han ser oss når vi kjem som Guds barn. Vi kan slappe av, uansett kva folket rundt oss tenkjer om oss: Han er glad i oss. Hos han er det ingen fare for å dumme seg ut. Han kjenner oss og er glad i oss likevel. Og i grunn har han dumma seg ut for oss, for i dagens målestokk kan det å gå døden på korset for andre ikkje kallast noko anna enn å dumme seg ut. Men Jesus gjorde det. Han gjorde det for oss. Jesus døde på korset for oss. Alt kan vi leggje fram for han, alt ynskjer han å hjelpe oss med, sjølv om han ofte hjelper på si eiga måte.  Jesus døde på korset for oss, difor kan vi være frimodig. Han er glad i oss. Ikkje alle er født som fråhaldfolk, men alle kan halde mål. Og dei som ikkje kan det kan få hjelp.

Jesus ynskjer å gi det levande vatn for å slukne tørsten. Så difor: Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden. (Ef 5,18)

Ha ein god helg og held deg heller til det levande vatne enn alkoholen.

Lykke til

Michael Hoffmann