Drucken

Påske?

På sundag er det palmesundag. Denne dagen reiser Jesus til Jerusalem. Folket helser han velkomen. Dei hyller han og er begeistra: 
Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem.  Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
Hosianna!  Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge! (Joh 12:12-13).

Berre ei veke etterpå har pipa ein heilt annen lyd:
Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» (Joh 19:15)

 

Det ser ut som om dei har gløymd heilt kva som skjedde ei veke før då Jesus var på veg inn i Jerusalem. Også i våre dagar er det lett å gløyme. Det er lett å gløyme kvifor vi har fri denne veka på våren. Påske kva er det?  Er det påskefjell, appelsin, påskekrim og kvikklunsj? Jo da, det kan vær det. Men når ein reiser bort i påske er det viktig at ein ikkje gløymer det viktigaste. Men kva er det viktigaste? Nøkkelen til hytta?

Det viktigaste i påska er Jesus Kristus og det han gjorde for oss. Jesus gjekk gjennom liding og død ikkje for sin eigen del men for oss, for å gi oss eit perspektiv utover dette livet her, ut over røynda vår. Dette kan nok opplevast som lite relevant når ein er opptatt med sitt her og nå. Men det Jesus gjorde handlar ikkje om han, men om meg. Han gjorde det for meg. Han er utroleg glad i meg.

Påske er den største kristne høgtid. Lidinga og oppstoda det er det den kristne trua handlar om. Jesus døde for syndene mine for alt det som har gjord mot guds vilje. Guds vilje det er meir enn ei diffus  kjærleik. Dette er konkret: Dei ti bod og  Luk 10:27: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.". Jesus døde fordi eg ikkje klarer dette. Han gjer det for meg.

Difor bør eg ikkje gløyme han. Eg bør i alle fall ikkje gløyme han, det viktigaste, nå i påska.  Difor ber eg dykk. Gløym ikkje innhaldet i påska! Finn vegen til kyrkja slik at Jesus kan finne deg!

Ha ei god påskeveke, eg håper vi ses !

Michael Hoffmann