Drucken

Gratulerer med dagen! Eg tenkte at eg skulle ta to ting med meg opp på preikestolen i dag. Det eine er eit norsk flagg og det andre er eit norsk pass. Veit dokke kva desse ting er verdt? Vel, passet for ein voksen kostar vel rundt ein tusenlapp og omtrent ein fjerdedel for eit barn. Eit lite flagg får du for under 50 kroner og det er heller ikkje dyrt å kjøpe ei større.

Men er det det, dei er verdt?

Nei! Dei er verdt mykje, mykje  meir. Dei er det fordi dei er symbol: Passet er eit symbol og eit bevis på at du er del av eit fellesskap, eit fellesskap som støtter kvarandre som vernar om kvarandre, som skulle ta vare på kvarandre og som står inn for kvarandre. Vi kan bruke den til å dokumentere kven vi er og vi kan bruke den til å reise til utlandet slik at vi kan oppdage kor fint  vi har det her i landet. Kanskje den eine eller andre syns at passet har blitt dyrt, men for å oppdage kor verdifull den er må ein kanskje har møte folk som ikkje har eit slikt dokument. Det er folk som hadde gitt alt dei eigde for å kunne få eit slikt pass og for å kunne leve trygd her i landet, den beste og tryggaste plassen i verda eg veit om. Den er det i alle fall for alle dei som har eit slikt pass eller som har lov til å opphalde seg her. Og dette dokumentet hjelper deg også i utlandet, den klarer ikkje å verne oss mot alt, men mot svært mykje.

 

Flagget er symbolet for dette fantastiske landet som vi lever i. Den er eit symbol for fjord og fjell for havet og himmelen, for fridomen her i landet. Flagget er på topps når vi feirar og den er på halv stang når vi sørgjer. Flagget er symbolet for dette landet som vi lever så godt i.

Det er korset i flagget som minner meg på at det ikkje er nokon sjølvfølgje at vi har det så godt som vi har det. Det minner meg på at fridomen og naturressursane, at fjord og fjell, himmel og hav, at lukke og glede her i dette landet ikkje er noko vi har fortent, men noko som vi har fått som ei gåve, som ei nåde.

Det er nok folk i mange land som hadde ynskja seg å kunne leve slik som vi lever, men dei kann ikkje det. Det er naturen, uvennlege naboar og andre ting som står i vegen. Mykje av det som gjer at vi har det så godt som vi har det er ei nåde. Det er ei nåde og det er lett å gløyme. Det er lett gløyme at det er ei nåde frå gud at vi få leve her trygt med alt som er rundt oss og med alt som er i jorda. Det er lett å gløyme gud i velstanden. Men gud det er gud som er nådig mot oss ikkje oss sjølve, og ennå er han det og samstundes advarar han oss mot å bli hovmodige. Dette handlar også dagens preiketekst om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 1. kapitlet:

Guds miskunn varer frå ætt til ætt
for dei som har age for han.

Storverk gjorde han med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar på hovmodstankar,

og støytte stormenn ned frå trona,
men lyfte dei låge opp.

Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte bort.

Slik lyder Herrens ord.

Det er korset i flagget som minner meg på at vi er avhengige av å ha guds velsigning over dette landet for at det skal kunne blomstre.

Det er korset i flagget som minner meg på at vi ikkje skal bli hovmodige.

Det er korset i flagget som minner meg på at vi har eit ansvar for alle som ikkje har det like godt som oss.

Det er korset i flagget som minner meg på alle som lidar, det minner meg på aller dei som er ulovleg norske, som ynskjer å være ein del av dette fellesskapet som passet er eit symbol for, som ynskjer å til føre dette landet noko, men som ikkje slepp til.

Korset i flagget minner meg også på fridomen her i landet. Fridomen til å leve og til vedkjenne trua vår, den kristne trua. Trua på ein nådig gud. Trua på ein gud som gav sonen for at alle dei som trur på han, for at vi skulle kunne ha det godt ikkje berre her på jorda men også utover dette livet her på jorda.

Det er Jesus Kristus, frelsaren vår som gjekk lidinga og døden som korset først og sist minner meg på. Jesus, han som i dag lett kan bli ein salderingspost og gløymd, og som har gjord så utroleg  mykje for oss. Og når eg ser korset i flagget, då sender eg eit takk til han, eit tak for dette fantastiske landet og for fellesskap som får være ein del av.

AMEN