Drucken

Hei,

Veit dokke kva vi feirar i kyrkja om 3 veker?  På måndagen om tre veker kjem både skulen og barnehagen til å vere stengte, men kvifor det? Det må nok vere ein eller anna fest, men kva fest?

Det er pinse, men kva er det eigentleg vi feirar til pinse? Kva er det som gjer at vi feirar pinsedagen? Korleis gjekk det seg til? Skal eg fortelje det til dokke?

  1. På pinsedagen var dei tolv læresveinane (Mattias i staden for Judas ) samla i Jerusalem.
  2. Plutseleg vart det lyden av ein kraftig vind som fylte heile det huset som dei satt i.
  3. Tungar av eld delte seg og satt seg på kvar og ein av dei. Dei vart fylte av Den Heilage Ande. Er det nokon som veit kva som er symbolet til Den Heilage Ande og kvifor?
  4. På Tempelplassen var det mykje folk, mang av dei hadde reist langt for å kome seg ditt. Dei høyrer at det er eit eller anna som skjer der nede:
    - Kva er det som skjer?
    - Lat oss gå og sjå!
  5. Folket samlar seg og læresveinane snakkar høgt på forskjellige språk til dei som samlar seg.
  6. Det er nok fleire i folkemengda som ser både forskrekka og undrande på kvarandre:
    - Er ikkje desse folka frå Galilea? Det er no enkle folk, men dei snakkar jo gresk?
    - Og arabisk! Og egyptisk!  - Og eg er sikker på om det hadde vært nordmenn der denne - dagen kunne dei til og høyre norsk, men det var der nok ingen frå Noreg.
  7. - Alle kan høyre guds ord på sitt eiget språk!
    - Tull og tøys! Dei er fulle, dei har drukke seg fulle av vin!
    - Og det midt på dagen!
  8. Peter stiger frem og taler til folkemengda:
    - Høyr godt etter! Desse folka er ikkje fulle av vin …
  9. … dei er fylte av Den Heilage Ande! Nå skjer det som profeten Joel snakka om …
  10. …. og han skriver at det skal skje i dei siste dagane, at gud auser ut sin ande over alle menneske. …
    Denne dagen kom det tre tusen menneske til tru på Jesus og vart døypte.

Skjønner dokke no kvifor det var bursdagsting i skattekista? På pinsedagen sende gud sin Heilage Ande til alle menneske. Denne dagen var det 3000 menneske frå ulike land som tok i mot Jesus og som blei døypte. Og så byrja dei å møtast i Jerusalem og andre plassar. Dei møtast for å feire Gud, for å be, for å ferie nattverd og for å lovsynge gud. Det var på denne måten kyrkja starta. Ikkje kyrkja som bygning, men som fellesskap. Det er difor vi kallar pinsa for kyrkja sin bursdag. Og sjølv om det er pinse først om 3 veker kanskje vi burde syngje ein bursdagssong for kyrkja allereie no?

Gratulerer med dagen …

Då dokke vart døypte la eg eller ein annan prest handa på hovudet dykkar og sa: ” Den allmektige Gud har no gjeve deg sin Heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Han styrkje og deg med sin nåde til det evige liv”. Så alle dei som er døypte har fått Den Heilage Ande. Men Den Heilage Ande er ikkje berre noko som vi skal ha, men den skal gjere noko med oss. Den skal gi oss nokre eigenskapar. Og for å minne meg på kva eigenskapar dette skulle vere ligg det nokre ting i skatteeska som skal minne meg på dei.

Nå skal dokke få kome frem

 

P.S. Eg har også ei powerpoint presentasjon til den, men ynskjer ikkje å leggje den ut på nettet, sidan den er ein del av sprell levande pakka