Drucken

Han er ein fange. Han sitt ikkje i fengsel, men i ein liten leilegheit, men han er ein fange. Det er ein soldat som står framfor døra hans. Og dei følgjer nøye med alt han gjer. Det er allereie ei god stund at han lever som fange. Han er i ferd med å bli vante med det.

Men han minner framleis ei anna tid. Han har reist mykje. Han har vært mange plassar i Europa og Asia og han kunne godt tenkje seg ei tur til Nord-Afrika, men det blir det nok ikkje noko av.

Han sett seg ned ved skrivepulten att med vindauget. Han høyrer trafikken ute på vegen. Han høyer vogner og han høyrer hestar og menneske ute på gata.  Og så skriv han. Han skriv ikkje e-post eller tekstmelding han skriver eit godt gamaldags brev. Ei brev som det tar tid til å skrive og der kan ta fleire veker før brevet når adressaten. Han har skreve mange brev. Han har tatt tak i mange akutte problem. Han har tatt tak i mykje. Nå er det lite han kan gjøre. Han kan berre formane og støtte. Han er tross alt ein fange.

Han kneler og ber før han sett i gang med å skrive. Han høyrer ikkje gata lengre. Han skriver. Han fortsetter med å skrive eit brev til Efesos i Tyrkia. Det var der han budde  i tre år. Nå er han att der i tankane.  Han ser føre seg ansikta av folket som han kjenner i kyrkjelyden.  Han skriver ned bøna:

Preiketekst: Ef 3:14-21

Det står skrive i Paulus' brev til kyrkjelyden Efesos i det 3. kapitlet:

Eg bøyer mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Slik lyder Herrens ord.

Vi veit at han skreiv dette fordi det står i bibelen i efesarbrevet og de har sikker  skjønt for lenge sidan at det Paulus som er den fangen som eg snakka om.  Det eg las frå efesarbrevet står der i det 3 kapitelet, vers 14 til 21.

Bøna som han sender til Efesos sirka i året 60 etter Kristus stoppar ikkje der. Den vandrar vidare. Den vandrar vidare gjennom tida og den når meg. Den når meg og den gjeld meg. Det blir meg Paulus ber for.

Og eg har behov for denne bøna. Eg har behov for å gå på kne. Eg har behov  for å bøye hovudet mitt for gud. Eg har ikkje kraft til å møte alle dei utfordringar som møter meg. Eg har behov for å bøya mine kne fordi eg er avhengige av gud. Eg er avhengige av krafta hans. Eg er avhengige av at han støtter meg. Eg vill nok gjerne møte alt det som meg med mi eiga kraft, men eg klarer det ikkje.

Mange går på kne kanskje berre ein eller to gangar i livet: På konfirmasjonsdagen og når og om ein skal gifte seg. Men det kan være godt å gå på kne også utanom dette. Det har sine gode grunner for at vi kneler rundt alterringen under nattverden.  Vi er i guds hand og vi er avhengige at han gir oss styrkje. Vi er avhengige av at han gir oss styrkje gjennom trua. Det er difor vi kneler rundt alterringen: Ikkje fordi vi er så gode kristne. Sjølv om eg prøver mitt beste, så vill eg ikkje påstå at eg er ein av dei. Vi kneler fordi vi er guds hand og fordi vi trenger guds kraft og det er nettopp det han ynskjer å gjere med nattverden. Han ynskjer å styrkje oss og trua vår. Denne trua som har rotfeste og grunnfeste i kjærleik, ikkje ei kjærleik til oss sjølve, men til gud og til medmenneska våre.

Og det er gjennom denne trua at Jesus har bustad i hjartet vårt. Han er der for å varme oss i denne kalde verda. Han kan varme oss med sin kjærleik, ei kjærleik som er i oss og som han kan bruke til å gjere denne verda litt varmare og lysare gjennom oss. Men det er vi som må gi han rom til det. Det er vi som må innrømme ikkje  minst for oss sjølve at vi er i guds hand og at vi er avhengige av gud.

Men heldigvis har vi også ein gud som er glad i oss. Ein gud som er så glad og så omsorgsfull for oss at vi ikkje klarer å skjønne det. Men han er det. Han ynskjer å ta vare på oss. Han går så langt at gud son går gjennom lidinga og døden for kvar og ein av oss. Men han ynskjer å gi oss ny kraft når vi trenger den. Og difor kan og difor skal vi våge å bøya våre kne for gud, slik at han kan gi oss ny kraft til å leve trua og til å møte dei utfordringane som møter oss, slik som Paulus klarte å møte dei utfordringane som møta han.