Drucken

 

Preiketekst: Ef 3:14-21

Eg bøyer mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord….

Nå var det sist du gjekk ned på kne for nokon? Ver det på konfirmasjonsdagen, var det då du fridde eller då du gifta deg? Eller har du kanskje vært  til nattverd?

Eg går av og til på kne når eg ber. Eg har ikkje blitt katolikk, dei gjer det vel mykje oftare i gudstenestene sine enn ein gjer det i Den Norske Kyrkja. Eg går ned på kne når eg for noko som verkeleg tynger meg, noko som engasjerar meg, noko som er eksistensielt for meg, noko som ligg utanfor kreftane mine. Eg går på kne for gud.

 

Det skjer at eg lever i illusjonen om å kunne ha kontroll på alt. Men har eg det? Kor mykje er det eigenleg eg verkleg har kontroll på og kor mykje er det eg verken har peiling eller kontroll på? Når eg ser på meg sjølv og livet mitt og er ærleg til meg sjølv, så er det mykje eg prøver og det er bra slik. Men kontroll? Det er mykje som ikkje ligg i mi hand. Og difor går eg ned kne. Eg går ned på kne for han som har livet mitt i handa si. Eg går ned på kne for gud. Eg stoler på at han vil meg vel. Eg stoler på han sjølv om nok aldri verkeleg vil klare å forstå kvifor han gjer ting og kvifor ting i livet skjer slik som dei skjer. Men eg stoler på at han vil meg vel, at han ynskjer å ta vare på meg. Det var difor Gud Son, Jesus Kristus, gjekk gjennom lidinga og døden. Han ville vere meg nær og han ville ta vare på meg både i livet her på jorda og utover det.

Sjølv får det høgaste fjellet er horisonten min nok så avgrensa både i tid og rom. Horisonten til gud er mykje vidare han klarer å sjå alt på ein gong både i tid og rom. Det er difor eg går på kne for han slik at eg ikkje står i vegen for at han skal kunne sjå. Og eg går på kne slik at han kan gi meg nye krefter. Slik at han kan løfte meg og opp og gi meg og alle andre nye krefter.

Eg bøyer mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik…

Amen

Ha ein god helg!

Michael Hoffmann