Drucken

Hei,

Har de allereie planlagd ferietida? Kor skal de?

Eg syns at det er godt har ha ferieplanlegginga klare men likevel litt fleksibelt. No skal eg prøve å underhalde dykk ein liten grand. Er de klare for ein liten vits om ferieplanlegging - det er ein vits og ingenting mot bestemødrane mine eller andre katoliker?

Ok.

Gud fader, Gud son og Den heilage er i gang ferieplanlegginga.

Gud fader er først ute med forslaget sitt: ”Korleis hadde vært om vi reiste til Las Vegas, slik som i fjor.

”Dette er litt for kjedeleg , der er vi no nesten kvart år” svarer Den heilage ande. ”Kunne vi ikkje prøve noko nytt? Kanskje Jerusalem?”

Dette vekker ein del vonde minner hos Jesus, Gud son: ”Ikkje denne byen, eg fekk nok av den sist eg var der – Men kva er med Roma?”

”Fint der har eg aldri vært før” svarer Den heilage ande begeistra.

 

 

Det er kanskje ikkje alle som er lite begeistra over denne vitsen, men ein treeinig gud er ikkje noko som er å fatte for hovudet vårt. Forstanden klarer ikkje å fatte den, og då kan ein vits være med på å gjer det litt enklare til å leve med noko som ikkje er råd til å forstå. Men vi har ein treeinig gud som skapa jorda og tida og som eksisterar uavhengig av den. Og den som kanskje er mest vanskeleg å tenkje av dei tre, det Den heilage ande, men han er der det veit vi seinast sidan den aller første  pinsedagen i Jerusalem:

 

Det står skrive i Apostelgjerningane i det 2. kapitlet:

Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, viste seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.

I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige mål. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som har budd i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

Slik lyder Herrens ord.

 

Den heilage ande er ikkje å fatte, den er ikkje å sjå, den bles berre. Tenk på vinden. Klarer du å sjå vinden sjølv eller klarer du berre å sjå verknaden hans? Er brusen, er bølgjar og blad som flyg rund omkring sjølve vinden eller er dei berre ein verknad av vinden.

”Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs” også Den heilage ande er som ein vind som blæs. Han tek ikkje hatten vår, men også han kan vi kjenne på verknaden, på fruktene til Den heilage ande. Det er i oss verknaden skjer. Vi alle fekk Den heilage ande i dåpen. Vi har den, men det er opp til oss kor mykje rom vi gir til han. Om han for blir ei lita visna potteplante eller om han får blomstre og bære frukt, det er opp til oss.

(Luk 6:43) Det finst ikkje noko godt tre som ber ring frukt, heller ikkje noko ringt tre som ber god frukt.

Seier Jesus. Men husker de kva som er fruktene til Den heilage ande? På gudstenesta for tre veker sidan hadde eg med meg nokre ting som skulle minne meg på dei. Det eine var eit hjarte.

For kjærleik er ei av fruktene til den. Kjærleik ikkje til oss sjølve, men til andre. Kjærleik, det er det at vi klarer å sjå den andre som guds skapning, som vår søster og vår bror. At vi klarer å sjå den andre med sine behov og ikkje berre oss sjølve med våre behov.

Så hadde eg med meg sjokolade og seigmenn som eg delte med dei som var skulle minne meg på godleik og mildskap. Vi skal ikkje samle ressursane berre til oss sjølve. Vi skal dele med andre som trenger dei og vi skal vere milde ikkje harde mot medmenneska våre.

Det neste eg viste då var ei due med ein olivenkvist i nabben, eit symbol for fred. Vi kristne, alle vi som trur på Jesus Kristus, har eit ansvar for fred. Ansvaret gjeld fred både i våre nære relasjonar og i det fjerne. Dette meiner ikkje at vi trenger å være utydelege på trua vår. Men dette handlar om korleis vi står fram og møter kvarandre. Ikkje med bibelen til å slå ned på kvarandre, men til å lese frå den og til å snakke om det.

Så er det eit smili, glede. Den kristne trua er ikkje nokon farleg sjukdom, den er noko å glede seg over. Jesus døde for oss og han er oppstod for oss. Vegen til Gud er fri. Og vi er frie til å spreie guds rike allereie her på jorda. Vi veit at himmelen venter på oss, men vi trenger ikkje å vente på himmelen. Vi kan spreie evangeliet, den glade bodskapen, allereie no, med eit smil.

Og så er den siste frukta: langmod. Vi lever i ei tid som går raskare og raskare. Alt skulle helst ha skjedd i går. Og vi våge å vente, vi bør våge å halde ut når ting blir vanskeleg eller når vi blir jaga.

Den heilage ande er ikkje å sjå med augo, men han kan bli synleg. Han kan bli synleg gjennom oss:

Gal 5:22

Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,

AMEN