Drucken

”Noreg prøver å stå imot hatet” Omtrent slik var ei av dei viktigaste overskriftene som eg husker frå avisene som kom ut den 25. juli.

Det som skjedde den 22. har satt sitt preg på landet vårt. Noreg er framleis gjenkjenneleg men det er også prega av det som skjedde.

”Noreg prøver å stå imot hatet” – Vi skal framleis har eit opent samfunn. I utlandet har det stort sett vert berre to reaksjonar på denne holdninga: Nokre har stilt seg heilt uforståande til dette og kallar eit opent samfunn i vår tid for rein galskap. Dei andre, og det er dei fleste, møter denne holdninga med stor beundring og respekt.

”Noreg prøver å stå imot hatet” – Det var hat mot det framande og det opne samfunne vårt som fekk gjerningsmannen til å gjennomføre galskapen sin. Hat og berre blind hat. Klart, det er ikkje alt som er perfekt i Noreg heller. Det er mykje som kunne vert betre, men til tross for ”oslokratiet” vårt: Det er her i Noreg i Noreg at eg byrja å tenkje at demokrati kan fungere likevel. At folket verkeleg kan vere delaktig i styringa av landet. At ein kan finne frem til ei betre framtid i til dels heftig men også fredleg diskusjon. At ein kan utvikle landet utan å ha eit felles fiendebilete og utan hat. At ein kan gå fram med ei felles grunnholdning: ”Ja vi elskar dette landet”.

Det er kjærleik som må til for å kunne stå imot hatet. Det er kjærleik som må til for å kunne ta vare på kvarandre. Og det er difor vi løpet av førre veke plutseleg fekk ein ny preiketekst:

 

Preiketekst: 1 Kor 13

Det står skrive i Paulus’ første brev til forsamlinga i Korint i det 13. kapitlet:

1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2 Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne.

4 Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5 Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.

7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8 Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.

9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende.

11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12 No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13 Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Det er kjærleik som må til for å kunne stå imot hatet. Kjærleik, det er at vi vender ansiktet til den andre og ikkje bort frå han eller ho. Kjærleik det er at vi ser den andre. Vi må sjå kvarandre for å kunne ta vare på kvarandre. Å sjå det er meir enn å leggje merke til dei gode eigenskapa og til feil hos den andre. Det er også å sjå den andre slik som han eller ho ynskjer å være. Det er å være glad i den andre til tross eller kanskje til og med på grunn av feilane. Og vi alle har feil.

Kjærleik, det å vende ansiktet til den andre,. Det hjelper oss også med å sjå oss sjølve, slik som vi er og slik som vi skulle være. Det er at vi tåler å sjå våre eigne feil.

Kjærleik, det er slik gud møter oss for å ta vare på oss. Han ser og kjenner alle feilane våre, men det er ikkje det han ser på. Han ser korleis vi skal være og først og fremst ser han på kven vi er: Vi er guds born.

Kjærleik blir i dag av og til forstått slik som om den tildekker alt. Men er nok ikkje slik det er. Forelsking kan gjer blind. Men det gjer nok ikkje kjærleiken. Kjærleiken skjuler ikkje feila. Det som er galt er framleis galt. Det er ein stor forskjell mellom tilgiving og tillating. Kjærleiken bør ikkje brukast til å tildekke ting. Tvert i mot den opnar augo, den opnar augo til å sjå meir. Den opnar augo til å sjå dei menneska som møter oss. For det er menneska som møtar oss, ikkje grupper.

Gud er glad i oss. Han er glad i oss og han er glad i alle menneska. Han er til og med glad i dei som ikkje ein gong prøver å leve etter viljen hans. Om vi liker det eller ei han er glad i dei. Men kjærleik er nok ingen garanti mot smerte. Eg trur nok at det gjer vondt for gud når nokon som han er glad i vender seg bort frå og ignorerer han og det livet han vill at vi skal leva.

Gud er glad i oss. Han veit at ingen av oss klarer å leve heilt og fullt etter hans vilje, men likevel bør vi prøve det så godt vi kan. Og til det høyrer det også at vi tar vare på kvarandre og at vi prøver å ta vare på kvarandre. Vi bør gjer så godt vi kan for å ta vare på kvarandre uansett kven vi er og kor vi er i frå. Gud er glad i alle.

Gud er glad i oss. Han er glad i alle menneska. Det er difor gud son vart menneske og gjekk gjennom lidinga, døden og oppstoda:

”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.”